Dette er andre framsyning eg ser av Brageteatret_ung, eit program som satsar på å dra unge publikum frivillig inn på Union Scene. Korleis skal dei klare dette? Vel, fyrste bod er at repertoaret må kjennast relevant for målgruppa. Regissør Even Torgan frå Antiteatret, eit ungt ensemble og ei Mari Maurstad i storform står klar til å levere, men lukkast dei?
Psykt blod (originaltittel Mad Blood) er skrive i 2010 av den tyrkiske dramatikaren og teaterregissøren Nurkan Erpulat og den tyske dramaturgen og teaterskaperen Jens Hillje. Sjølve grunnhistoria i Mad blood fann dei i den franske filmen La Journée de la jupe frå 2008 som også ber tittelen Skirt Day. Filmen handlar i korte trekk om ei fransk lærerinne som kjempar for sin rett til å gå i skjørt i eit klasserom fullt av muslimske gutar. Undervisninga hennar som vektlegg franske fridomsprinsipp fell for døve øyrer. Ein pistol fell ut av ein sekk, og brått står ho i ein situasjon der ho har teke klassen sin som gislar for å få gjennomført det ho brenn for.
Verdikollisjon
Originaltittelen Mad Blood er ei omsetting av det tyrkiske omgrepet «delikanli» som skildrar overgangen frå gut til mann, når blodet kokar i årene og gjer gutane vanskelege å kontrollere. Scenerommet til Karoline Sundsrud, som også har laga kostymane, er forma som eit klasserom. I klassen er det verkeleg ikkje berre gutane som er ute av kontroll. Alle er i klinsj med alle, og vi høyrer berre enkelte ord frå kakofonien av tiradar og munnhoggeri. Klassen skal ha dramatime. I den tyske teksten er Moliére frå filmversjonen bytt ut med Friedrich Schiller. Den myndige læraren, her spelt av Mari Maurstad, har funne fram to av hans mest kjende drama: Røverne og Kjærlighet og renkespill. Her skal det undervisast i Sturm und Drang! Kunstrørsler frå den tyske romantikken verkar sjølvsagt totalt framandgjerande på elevane. Dei opponerer mot læraren, mot kvarandre, måler styrke og tyner grenser. Framstillinga av den bråkete innvandrarungdommen er med vilje gjort overdriven og klisjéfylt. Det fyrste dei gjer er å spytte på scenegolvet. Eg høyrer at folk bak meg reagerer, så spyttinga har sin effekt. Framsyninga leikar stadig med klisjear og stereotypiar og både læraren og elevane er teke til ekstreme. Dette løfter fram kultur- og generasjonskløfta mellom dei to partane. Læraren og elevane fungerer som eit bilete på det polariserte debattklimaet i vår tid, med redde, kvite middelaldrande tastatur-ryttarar som forsvarar det dei tenkjer på som nasjonale verdiar på den eine sida, og det multikulturelle på andre sida.
Antiteatermodellen
Det urolige undervisningsmiljøet eskalerer heilt til det fell ein pistol ut av ranselen til ein av elevane. Frå denne stunda er det den som held pistolen som bestemmer. I eit basketak mellom pistolens rettmessige eigar (William Greni Arnø) og læraren vert det læraren som vinn. Dramatimen kan endeleg starte. Læraren, med pistolen i handa, tvingar elevane til å spele ut scener frå Schiller sine drama. Ho tvingar dei òg til å snakke grammatisk riktig. «Hvordan skal folk forstå at dere ikke er APER slik som dere prater! Gjenta etter meg, Friiidriich, CH som i kylling! og så Schiller!»
«Fredrikk Chiller” stotrar den livredde eleven og får løpet retta mot tinningen. Kaos og kadaverdisiplin avløyser kvarandre i eit forrykande tempo, og med små skifter i lysdesignen til Gard Gitlestad vert klassen omgjort til mønsterelevar som syng nasjonale songskattar som Norge i rødt hvitt og blått og Jeg snører min sekk. Kontrastane vert så openbare at det bør vere tilsikta. Om det fungerer, og kva det tener til er eg meir usikker på. Eg er ikkje i målgruppa til denne framsyninga. Måten dei nyttar rommet på har eg opplevd før. Dei estetiske grepa med lys som er innfelt under pultane og koreografi som tek dette i bruk har eg også sett før. Det er såleis ikkje noko original framsyning sett med blikket til ein vaksen teaterkritikar, men det er mange i målgruppa som ikkje har sett desse grepa og som truleg vil setje pris på dei. Det skal eg som både er for gamal, og for eksponert for scenekunstens potensial respektere.
Med primus motor i Antiteatret, Even Torgan, på regi er det ikkje rart at mykje ved oppsettet og forma minner om framsyningane deira. Klasseromsituasjonen kjenner eg igjen frå produksjonen Nyanser av Gris frå 2018. Det unge ensemblet, val av tema og den nesten TV-aktige dramaturgien med hyppige vendepunkt i handlinga gjer at denne framsyninga kunne gått rett inn i rekka av Antiteatret sine eigne produksjonar. Antiteateret sine dogme har vist seg å fungere for det unge publikumet, og dei har klart nettopp det Brageteatret_ung ynskjer å oppnå, å lage framsyningar som ungdommen oppsøker frivillig. Såleis kan det verke som om Brageteatret har henta inn rett kompetanse for oppgåva.
Meir endring i tekst
Noko eg er meir i tvil om, er om denne teksten frå 2010 står seg i dag i 2020. Samtidsdrama er ferskvare, og det kjennes på eitt vis som om vi er komen lenger no i 2020 enn dramaet frå 2010 hevdar. Eg håpar og trur at det ikkje fins mange lærarar av den typen som Mari Maurstad karikerer. Eg håpar også at det vert lenger mellom dei elevane som kjenner seg like framandgjort i det norske skuleverket som rollefigurane til Jhordan Nificent, Deniz Kaya, William Greni Arnø, Ina Svenningdal, Mohammed Aden Ali, Julian Karenga, Rona Molakheil og Camilla Klaudiussen. Mad Blood var nok ein meir kraftfull tekst for ti år sidan enn den er i dag. Eg skal ikkje bagatellisere utfordringane omkring integrering, nasjonalitet, kultur og identitet, for dei er her stadig, men måten dei vert handsama på i denne teksten, står heldigvis i fare for å kjennast datert. No står det ikkje nemnt noko dramaturg i krediteringslista, og då fell ofte tekstarbeidet på regissøren. Torgan kunne gjort enkle grep for å tilpasse teksten til ein norsk kontekst i 2020. Eit døme ville vore å la elevane pugge ein norsk dramatiker i staden for Schiller. Dessutan er tyrkisk innvandring ein stor del av Tyskland si historie, men ikkje i like stor grad for Noreg. Her kunne ein valt å finne ein ekvivalent til det tyrkiske som er meir aktuell i den norske konteksten.
Den store styrka til denne oppsettinga er spelet mellom skodespelarane. Tekst og regi legg opp til mykje humor i det dramatiske, kaotiske og sårbare. Spelet mellom ringreven Mari Maurstad og det unge skodespelarensemblet er solid og ber mykje av produksjonen. Eg finn ikkje noko klar bodskap i teksten. Den byr ikkje på løysingar, men teiknar eit karikert scenario som syner oss kva mekanismar som vert sett i sving når gamle og nye verdiar kolliderer. Psykt blod er underhaldande og solid teater for den unge målgruppa Bragetatret rettar seg mot, men kunne regissør og ein eventuell dramaturg kunne tillate seg fleire endringar for å tilpasse teksten til norsk skuleungdom i 2020.