Foto: Ole Wuttudal.
Strålande debut med kjedeleg urfremføring
Adam Hickox gjør sin entré Trondheim Symfoniorkester & Opera Olavshallen, 4. september 2025
La valse, Maurice Ravel Konsert for hardingfele, Kim André Arnesen Bilder fra en utstilling, Modest Musorgskij, arr: Maurice Ravel
Dirigent: Adam Hickox Hardingfele: Ragnhild Hemsing
Trondheim Symfoniorkester
Adam Hickox imponerer stort på sin første konsert som sjefdirigent for Trondheim Symfoniorkester – sjølv om ikkje alt på programmet var like storslagent.
Same kveld som Åge Aleksandersen spelar den fyrste av sine tre avslutningskonsertar på Lerkendal stadion, er Olavshallen duka for opninga av eit ganske anna kapittel i den trønderske musikkhistoria. Adam Hickox skal ta over sjefstaktstokken for Trondheim Symfoniorkester & Opera (TSO) etter Han-Na Chang, og salen er full av spenning før konsertstart. Dette er heller ikkje fyrste gong Hickox står framfor TSO. I 2024 dirigerte han nemleg Verdi sitt Requiem under Olavsfest.
Superlativane har hagla kring den 28 år gamle briten fram mot denne konserten. Mellom anna spurde Jens-Eirik Larsen nyleg i Ballade om Hickox er Noregs nye super-maestro, og om han kan gjere noko av det same for TSO som Klaus Mäkelä har gjort for Oslo-filharmonien i si tid som sjefdirigent der.
Valsen over alle valsar Kveldens fyrste stykke, La Valse av Maurice Ravel, er eit særs godt val av repertoar til ein slik debutkonsert, med sitt store dynamiske spenn og meisterfullt orkestrerte klangfargar. Hickox vel seg eit tempo som er litt høgare enn mange andre dirigentar – er det fordi han og er spent, mon tru? Strykarane let litt udefinerte i starten, men dei hentar seg inn att når stykket byrjar å dra seg til.
Det latar til å vere eit godt repertoarval for Hickox sjølv og, denne monstervalsen som byggjer opp og riv ned heile valsesjangeren i ein enkelt sats. Han beveger seg like elegant og presis som musikken kling der oppe på podiet, og dirigerer med omtrent heile kroppen. I tillegg dirigerer han svært tett opp til slaget, og kombinert med den musikalske presisjonen hans gjer dette kan hende Hickox til den mest visuelt stimulerande dirigenten eg har sett på lengje. Noko som skal verte ein fellesnemnar for heile konsertopplevinga, er at det verkar som om Hickox på eit vis står like mykje for den vakre orkesterklangen som musikarane framfor han gjer. Det vert ein særs kraftfull versjon av Ravel sin dommedagsvals.
Hardingfele midt på treet Neste programpost var ikkje mindre enn den fyrste urframføringa av ein storskala konsert for hardingfele og orkester på 65 år. Tidlegare har denne katalogen berre bestått av Johan Svendsen sin Fossegrimen (1904-05)og Geirr Tveitt sine to hardingfelekonsertar (1955 og 1965). Det nye tilskotet kjem frå trondheimskomponisten Kim André Arnesen, her med Ragnhild Hemsing som solist.
Eg kjenner Arnesen fyrst og fremst som korkomponist, og han har gjort markant mykje større suksess i USA enn kva han har gjort her heime. Hemsing har vorte eit velkjend namn dei siste åra, mellom anna gjennom gjentolking av Grieg og Vivaldi sin musikk på hardingfele.
Av dei gamle hardingfelekonsertane er det Tveitt sine som ligg nærast Arnesen både i tid og til ein viss grad estetikk, og det er ei samanlikning Arnesen ikkje kjem heilt heldig ut av. Det har vorte ein klisjé å seie om vagt tonal moderne kunstmusikk at han høyrest ut som filmmusikk, men her er det i grunn ei rettskaffen samanlikning. Gjennomgåande i konserten får eg ei kjensle av at dramaturgien i stykket ikkje eigentleg er skriven for å stå på eigne bein, på same vis som filmmusikk ofte ikkje er. Tonespråket til Arnesen er venleg og særs lett tilgjengeleg, i tråd med amerikanske komponistar som Kevin Puts og Michael Daugherty. Slik musikk kan vere slåande vakker på sitt beste, men den kan og vera tannlaus og sentimental, og denne konserten oftare det siste.
Konserten er strukturert av tre hovudsatsar med solistiske interludier mellom kvar sats, med ein middels rask fyrstesats, ein sakte andresats og ein rykande rask tredjesats. Eg ser at det er sett ein mikrofon på fela til Hemsing, men trass i den er det omtrent umogleg å høyre kva ho spelar i meir eller mindre heile fyrste sats. Volumet er altfor lågt, og soloinstrumentet klarar ikkje å gjere seg merkbart gjennom orkesterlyden. Hemsing spelar godt, med ein teknisk kontroll over hardingfela få kan måle seg med.
Det er enda noko med klangen hennar eg aldri heilt får kontroll på, og som eg har tenkt på kvar gong eg har høyrt ho spele tidlegare. Eitt eller anna i artikulasjonen hennar, bogestrøka og måten ho formar tonane på er for klassisk i stilen, og eg saknar den krystallklare reinleiksklangen ein finn hos dei beste hardingfelespelarane. Derfor vert spelestilen hennar korkje fugl eller fisk for min del. Dette kler for så vidt musikken til Arnesen godt nok, då han blandar ein god del folkemusikalsk melodisk materiale med velkjende klassiske harmoniske verkemiddel, men eg saknar den kontrollen over folkemusikken sine fargar som ein kan finne i spesielt Tveitt sine konsertar. Konserten får det ikkje akkurat til å gneistre i øyrene mine.
Eksplosive akkordar Etter pausen er det klart for kvelden sitt hovudverk, orkestreringa til Ravel av Mussorgskij sitt Bilete på ei utstilling. Igjen ei taktisk klok programmering; det er i grunn ingen som kan få eit orkester til å skine som Ravel. Også her vel dirigenten merkbart høgare tempi enn mange andre, med det resultat at opningssatsen vert litt forhasta. På enkelte tidspunkt er det også meir slurv i orkesteret enn tidlegare. Nokre av orkestersoloane sit ikkje heilt, og rytmane er ikkje like presise i dei fyrste satsane som før pausen. Det tek seg opp etter kvart, og tempivala kjenst meir naturlege etter som satsane flyt forbi. Bak orkesteret er det ei projeksjon av nokre ravgule strekar som har lite med musikken å gjere, og eg tenkjer at når ein fyrst har slik projeksjonsmoglegheit og skal spele nettopp Bilete på ei utstilling, så kan ein jo ta i bruk teknologien litt meir enn det som vert gjort her.
Men all rytmisk slurv og brungult lys er gløymd når den storslagne avslutningssatsen «Helteporten i den gamle hovudstaden Kyiv» set i gong. No klemmer både dirigent og orkester til alt kva reimer og tøy vil halde. Hickox er meir engasjert enn nokon gong, og på andletet hans ser det ut som han ikkje kan få nok lyd ut av orkesteret om han så hadde ti gongar så mange musikarar. Ved finalen av satsen er det er som om heile akkorden skal eksplodere der oppe på scenen. Dette er ein sjeldan god dirigent, og ein TSO vil nyte godt av å ha kapra.