S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Frøydis Århus – 20. januar 2020

Skam deg, unge!

Foto: Erika Hebbert. Scenografi, kostymer, videodesign: Dordi Strøm. Lysdesign: Torkel Skjærven.


Publisert
20. januar 2020
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Kritikk Teater

Vårløysing

Det Norske Teatret, premiere 17. januar 2020

Skrive av: Frank Wedekind Regissør: Miriam Prestøy Lie Omarbeiding: Miriam Prestøy Lie og Anders Hasmo Omsett av: Jon Fosse Scenograf, kostyme og videodesignar: Dordi Strøm Komponist/lyddesignar: Petter Winther Koreograf: Belinda Braza Lysdesignar: Torkel Skjærven Lyddesignar/komponist: Viljar Losnegård Dramaturg: Anders Hasmo

På scenen: Per Schaanning, Anna Ladegaard, Nina Woxholtt, Mimmi Tamba, Karl-Vidar Lende, Petter Winther, Axel Gehrken Bøyum, Christian Ruud Kallum, Sarah Francesca Brænne

Meldt 17. januar 2020


Del artikkel
https://scenekunst.no/artikler/skam-deg-unge
Facebook

Med vakker romantisk scenografi og ljos er scenen på Det Norsket Teatret levande i Vårløysing, og eg håpar framsyninga også vil nå ungdommane. Det er dei det gjeld.

Foreldre vert jamleg kritisert for å leggje for mykje til rette for borna sine. Dei grip etter telefonen og ordnar opp når barnet ikkje får invitasjon til bursdag av klassekameratar, vert ekskludert frå russebussen eller får dårlege karakterar av læraren. Som forelder vil ein jo helst skåne barnet sitt frå alt av negative kjensler, og dette får fagfolk til å slå alarm. Om ein som forelder stadig gjev etter for denne refleksen veks borna opp utan verktøy for å takle motgang.

På 1890-talet arta barneoppdraginga seg nokså annleis. Foreldra til dei seks ungdommane frå Vårløysing av den tyske dramatikaren Frank Wedekind (1864-1918) ynskjer seg kyske søner og døtrer som gjer det bra på skulen. Ein slik livsførsel vil automatisk skåne dei frå å bli stempla som samfunnstaparar. 1890-talsmoralen gjev ikkje rom for sjølvstendig refleksjon og autoritetane er absolutte.

Dei to foreldrestratregiane botnar kanskje i same ynskje om å skåne borna for negative erfaringar. Der samfunnet i 1890-åra tukta barnet, tuktar moderne foreldre samfunnet på vegne av barnet. Begge scenario kan, om ein er uheldig, ende med at ein klypper vengene av tenåringar som straks må lære seg å flyge.

Død over seksualmoralen Frühlings Erwachen – Eine Kindertragödie frå 1891 var debutskodespelet til Wedekind. Han var lenge ein obskur figur i teaterkrinsar og kanskje meir kjend for den skandaleprega livsførselen sin enn for diktinga. Dette endra seg i 2006 då Broadway la sin elsk på Vårløysing og spelte musikalversjonen Spring Awakening for fulle hus. Før den tid var Wedekind mest kjend for dei to skodespela om Lulu, Die Büchse der Pandora og Erdgeist. Lulu er ei vakker femme fatale som gjennomgår ei valdsam klassereise som kastar henne innom samfunnstoppane for så å ende lenger ned på samfunnsstigen enn ho starta. Dramaene om Lulu danna også grunnlaget til den langt mer kjende operaen om Lulu med libretto av Alban Berg, 12-tonemusikkens far. Denne vart sist sett opp i Noreg av Den Norske Opera og Ballett i 2011 og var regissert av Stefan Herheim.

Wedekind nytta mykje av sitt virke som dramatikar til å krititisere den lammande seksualmoralen i si samtid. For Vårløysing brukar han undertittelen «ein barnetragedie». Historia handlar om seks tenåringar på 14 år. Melchior, spelt av Christian Ruud Kallum, er det næraste me kjem ein hovudrolle, sjølv om alle vert vidd mykje plass. Han er flink på skulen, eit idol for dei andre gutane og populær blant jentene. Han er ein fritenkjar som skil seg ut i tida og utfordrar autoritetane på skulen. Wendla, spelt av Sarah Francesca Brænne, liknar Melchior. Også ho er nysgjerrig og undrar seg over korleis born vert skapt. Ho nektar å akseptere dei vage svara om storken som mora gjev henne. Moritz (Petter Winther) er ein arbeidarklassegut som slit på skulen. Foreldra har ofra mykje for at han skal få utdanning, og frykten for å skuffe dei veks til ein prestasjonshemmande angst som driv han til vanvidd. Martha (Mimmi Tamba) vert straffa fysisk i heimen for filleting. Ernst og Hänchen (Karl-Vidar Lende og Axel Gehrken Bøyum) skil seg ikkje ut på anna vis enn at dei kun har auge for kvarandre. Regissør Miriam Prestøy Lie har valt å fokusere på deira lukke, vi får ikkje sjå negative konsekvensar av deira homofile forhold. Dette tilfører glimt av ljos i tussmørket av tragiske lagnader, og er kanskje eit naudsynt grep i alt elendet.

Dokkeleik I framsyninga liknar 14-åringane born. Jentene har korte kjolar og musefletter samt knestrømper og puffarmar. Gutane har nikkers og store sløyfer i halsen. Dordi Strøm står for kostyme, scenografi og video, og kostymane hennar er som teke ut frå eit dokkehus på 1890-talet. Akkurat den metaforen mellom handlingslamma individ og dokkehus har Ibsen nytta før meg, men det er altså den kjensla ein får både av kostymane og den vakre og romantiske scenografien. Vi ser ein gamal rusta jernbaneovergang og mosedekte eiketre samt overdimensjonerte ville blomar og sopp.

Heile scenen lever med hjelp av ljoset til Torkel Skjærven og videoprojeksjonane på dei nydelige draperia som heng frå taket. Alt heng saman på saumlaust vis og er meisterleg gjort. Det er ikkje alltid scenografien er like utbrodert på småscenane til Det Norske Teatret. Her er det eit godt og naudsynt val fordi vi skal inn i ei veldig annleis tid. Det visuelle gjer mykje for heilskapen til denne oppsettinga som ikkje ville vorte den same med ei meir minimalistisk tilnærming. Musikken tek derimot ikkje mykje plass, men fungerer meir som eit subtilt bakteppe. Den er komponert av Petter Winther (som og speler Moritz) og Viljar Losnegård. Men slik er det, om nokre element skal få skine må andre element tonast ned.

Noko anna som er kraftig tona ned er overgrepa som Ilse og Martha vert utsett for i heimen. Det er nok av konfliktar som skal handsamast gjennom dei nesten to timane regissør Miriam Prestøy Lie har valt å bruke. Såleis toler teksten at ein vel seg nokre satsingsområde. Somme scener kunne nok også ha vore korta inn utan at det hadde gjort noko, som til dømes det fyrste møtet mellom Melchior og Wendla i skogen. Ofte forstår vi kvar det bér lenge før vi kjem dit, men stort sett er det ein fin balanse mellom det uuttalte og det som hender og korleis det vert vist gjennom regi og spelestil.

Eg tykkjer det er eit friskt val å gjere Vårløysing som teater, i staden for å velje musikalen. Skodespelet vart utskjelt då det kom på grunn av alle tabu det tok opp. Wedekind er innom både ung seksualitet, misbruk i heimen, homofili, sadomasochisme, abort og sjølvmord i denne kruttønna av ein klassikar. Det vart ikkje godt motteke i samtida, men ettertida har klart å setje pris på dette dramaet som i dagens kontekst kan vise kor ille det går om skam og overdriven moralisme får feste grepet. Eg håpar framsyninga ikkje berre vil fungere som ein barnetragedie for vaksne, men at dei dette gjeld, 14-åringane, også tek turen på teater. Om dei får lov av foreldra sine, då sjølvsagt.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, PAHN, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no