S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Frøydis Århus – 2. mars 2020

Rettssaka mot Gregers Werle

Foto: Dag Jenssen. Scenograf/kostymedesign: Benjamin la Cour. Lysdesigner: Ilkka Häikiö


Publisert
2. mars 2020
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Kritikk Teater

Vildanden,

Teater Ibsen, premiere 21. februar 2020, meldt 27. februar

Tekst omarbeidd av: Thomas Bye Instruktør: Moqi Simon Trolin Scenograf/kostymedesign: Benjamin la Cour Lysdesigner: Ilkka Häikiö Komponist: Anders Ortman Maskør: Birgit Haugå Dramaturg: Aslak Moe

Med: Mathilde Alfrida Jakobsen Skarpsno, Stian Isaksen, Joakim Thrane, Hanne Amalie Smedstad, Åsmund-Brede Eike, Ola Otnes, Hans Jacob Sand


Del artikkel
https://scenekunst.no/artikler/rettsaka-mot-gregers-werle
Facebook

Teatersjef Thomas Bye skriv i introduksjonen i publikumsprogrammet om sin fascinasjon for rettssystemet på teaterscena. Dette er ein fascinasjon eg deler, og difor ser eg fram til å oppleve Vildanden i ein omskriven versjon som rettssak.

Vildanden (1884) av Henrik Ibsen handlar om luftslotta vi alle byggjer oss for å fungere i kvardagen. Ibsen spør gjennom dette dramaet om ein er ein tent med å kjenne sanninga sjølv om den øydelegg liv. Vi møter 14-åringen Hedvig og foreldra hennar Gina og Hjalmar Ekdal, samt krinsen rundt denne vesle familien. Henrik Ibsen gjer oss gradvis kjend med hendingar frå fortida som utløyser konsekvensar som leier til at Hedvig skyt seg. Ho har fått vita at ho ikkje er barnet til far sin, og fryktar at faren vil slå handa av henne. Den utløysande faktoren til denne tragedien er at familievenen Gregers Werle dukkar opp. Han har ei fanesak. Sanninga skal fram, koste kva det koste vil.

Regissør Moqi Simon Trolin sin versjon av Vildanden startar der Ibsen sin endar. Kan Gregers Werle skuldast for å ha medverka til Hedvig sitt sjølvdrap? No er teater-rettssalen fullsett, juryen av lekdommarar sit klar på scenen, og Gregers Werle er tiltala for to punkt. 1: For å ha medverka til at Hedvig tok sitt ege liv og 2: for å ha forlate Hedvig i hjelpelaus tilstand.

Ei personleg tilståing Sidan ein ikkje skal lyge i retten kan eg like godt tilstå: Gregers Werle er ein av dei mest irriterande Ibsenkarakterane eg veit om. Der mange ville late tvilen kome han til gode og meint at han handla i beste meining for å fremje sanninga, er eg heller mistenksam. Min manglande tillit til Gregers har gjennom åra vakse seg så sterk at eg mistenkjer han for å vere driven av hemn heller enn rettferd og sanning. Ikkje misforstå, Gregers er ikkje vond, det trur eg ikkje. Men han er nedbroten som menneske av ein svært vanskeleg oppvekst med ein kronisk utru og svindlerisk far som øydela psyken til mor hans og sende henne i ei tidleg grav. Dette tapet har Gregers aldri kome over. Eg trur at faren sine stadige sidesprang med den tidlegare husjomfruen Gina Hansen, seinare gift med Hjalmar Ekdal og mor til Hedvig, knuste Gregers si tru på kjernefamilien.

Kan det såleis tenkjast at Gregers ikkje toler at familien Ekdal lever ut den idylliske kjernefamiliedraumen som han aldri fekk som barn og aldri ser ut til å få som vaksen? Er naget mot faren, Gina, Hjalmar og Hedvig så stort at Gregers vert blind av sjalusi og lokkar Hedvig i døden medan han skubbar sanninga framfor seg som edelt motiv?

Eg trur det. Og ein tydeleg indikator på dette meiner eg vi finn i dialogen mellom Hedvig og Gregers rett før sjølvdrapet. Hedvig seier at ho vil be bestefaren om å skyte kjæledyret sitt for å vise faren at ho er villig til å ofre det kjæraste ho har for hans skuld. For Hedvig er dette ei skadeskoten and som ho identifiserer seg sterkt med. Dette veit Gregers som snakka med kløyvd tunge då han lanserte idéen om å ofre det kjæraste ho eig, vel vitande om at ho kan tolke dette som livet sjølv. Og her kjem det viktige, Gregers svarar «Ja gjør så, men ikke ett ord til Deres mor om noget sligt.» Gregers er livredd for at Gina skal forstyrre ofringsritualet. Ho er den einaste mentale kapasiteten i huset. Det er ho han fryktar, ikkje gamle demente Ekdal eller ektemannen Hjalmar som enklast kan skildrast med to adjektiv, dum og megaloman.

Med mi grunnhaldning til den stakkars tiltala Gregers Werle, ville eg neppe kvalifisert som lekdommar i ein jury. Juryordninga er som kjend avvkla i Noreg, men på teaterscena gjer ein som ein vil. Denne kvelden vil 10 representantar frå publikum i svarte rettskapper stige opp på det kvitmalte amfiet på scenen og setje seg for å gjere det lekdommarar skal gjere. Lytte og tvile, men framfor alt, stille med eit ope og fordomsfritt sinn.

Reindyrk rettssalen, det er det som er spanande! Skodespelarane Mathilde Alfrida Jacobsen og Stian Isaksen vekslar kvar framsyning på å spele Gregers og dommaren i rettsaka. Då eg sat i salen den 27. februar spelte Mathilde Alfrida Jacobsen Gregers, medan Stian Isaksen spelte dommar. Dommaren ber salen om å reise seg før han presenterer saka og erklærer retten for satt. Denne introduksjonen verkar svært autentisk, eg kjenner meg verkeleg som tilskodar i ein rettssal, ikkje som publikummar på eit teater. Kanskje fungerer dette fordi både rettssalen og teateret er gjennomsyra av performativitet, kostymar og ritual.

Jus-universet er ei framand verd, og eg likar denne rollen som fluge på veggen i rettssalen, men forklaringane til dei involverte vrir stemninga stadig over i det melodramatiske, og vips så var vi tilbake på teater. Doktor Relling, spelt av Åsmund Brede Eike bryt mykje god kutyme når engasjementet tek overhand og gjer han usakleg og emosjonell. Dette gjeld også i høgste grad Gregers, samt Hjalmar, spelt av Joakim Thrane. Både han og Gina, spelt av Hanne Amalie Smestad, verkar forståeleg nok knekt av sorg. Grosseraren sjølv, Håken Werle, spelt av Hans Jacob Sand, er truleg den som er minst prega av situasjonen.

Interessant her, i denne omarbeidde versjonen til Thomas Bye og regissør Trolin, er at Gregers hevdar å vere uskuldig, medan Gamle Ekdal i Ola Otnes si tolking, har teke skuldspørsmålet fullt og heilt på sine aksler. Han klandrar seg sjølv fordi det var hans våpen og hans kunnskap som vart nytta i sjølvdrapet. Slik sett, svarar denne framsyninga på dei spørsmåla Ibsen reiser og nektar å svare på. Denne framsyninga er på sett og vis stiloppgåva «Kva hende etterpå? Dikt vidare.» Dette er spanande i seg sjølv, men eg skulle ynskje at heile det kunstnariske laget hadde reindyrka det pragmatiske og kliniske ved rettsvesenet framfor å blande korta. Det er det å vere vitne til ei rettssak som er nytt og spanande for meg som tilskodar, melodrama og familiefeider har eg sett på scenen før.

Foto: Dag Jenssen. Scenograf/kostymedesign: Benjamin la Cour. Lysdesigner: Ilkka Häikiö

Visuell utforming Eg skulle gjerne sett den same reindyrkinga av rettssalen også i den visuelle utforminga. Scenografien og kostymane til Benjamin la Cour og lysdesignen til Ilkka Häikiö er tilsynelatande minimalistisk og realistisk med det kvitmalte amfiet og dei svarte rettskappene til juryen og dommar Stian Isaksen som fin kontrast. Men realismen vert broten når den tiltala, og alle vitna, dukkar opp frå innebygde skuffer eller kister i amfiet som spøkelse frå farne tider. Dei ber med seg kvitmalte lampar, og scenerøyk veltar opp når dei entrar scenen. Då fell eg rett og slett av. Vitna og den tiltala er kledd i kvite, gulna pasientdrakter. Maskør Birgit Haugå har sminka kvite andlet og svarte auger som får dei til å minne om daudingar. All denne staffasjen trengs ikkje, då rettssalen er teatral nok frå før. Framsyninga får eit lag av openbar symbolisme som eg meiner vi som tilskodarar kunne klart oss utan.

Denne kvelden vart Gregers Werle frifunnet på begge tiltalepunkt med 7 mot 3 stemmer i juryen. Det at utfallet endrar seg frå kveld til kveld er ein spanande tanke. Særleg fordi ein kvinneleg og ein mannleg skodespelar altererer mellom å framstille dommar og tiltalt. Dette, og det at utfallet vert bestemt av ti lekdommarar som er plukka frå publikum, gjer at ein godt kan sjå oppsettinga fleire gongar.

Rettsvesenet er ideelt sett ein grunnleggande demokratisk instans som er vel verd å utforske på ein teaterscene, og det lukkast denne framsyninga med, melodramatiske vendingar og keisame visuelle grep til trass. No har eg liten eller ingen bakgrunnskunnskap om det norske rettsvesenet, men reint instinktivt saknar eg juryordninga. Det er noko vakkert med at ein som tiltala skal vurderast av sine eigne, av likemenn, sjølv om ein heiter Gregers Werle.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, PAHN, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no