S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Astrid Kvalbein – 3. juni 2020

Reflekterte Rebecka

Rebecka Sofia Ahvenniemi.


Publisert
3. juni 2020
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Kritikk Musikk

Festspillene i Bergen, Troldsalen laurdag 30. mai 2020: Portrettkonsert: Rebecka Sofia Ahvenniemi https://www.fib.no/program/bit20-strykekvartett/

Konserten er tilgjengeleg på nett i 30 dagar frå konsertdagen.

Med BIT20 Ensemble Jutta Morgenstern, fiolin Martin Schultz, fiolin Liene Klava, bratsj Agnese Rugevica, cello Jarle Rotevatn piano Hilde Annine Hasselberg, vokal Owen Weaver perkusjon Thorolf Thuestad, elektronikk

Kaija Saariaho (1952–) Nocturne

Rebecka Sofia Ahvenniemi (1982–) Tacit-Citat-Ion

Helmut Lachenmann (1935–) Ein Kinderspiel (Child’s Play), utdrag

Rebecka Sofia Ahvenniemi (1982–) Barnet som blev osynligt, basert på Tove Janssons ‘The invisible child’ Wuthering Modes. Not Moods


Del artikkel
https://scenekunst.no/artikler/reflekterte-rebecka
Facebook

Portrettkonserten av komponist Rebecka Sofia Ahvenniemi, spelt av ensemblet BIT20 under Festspela i Bergen laurdag, opna for ro og refleksjonar i og om musikken.

Rebecka Sofia Ahvenniemi tar seg tid til å kjenne etter og tenkje seg om. Det høres.

Portrettkonserten med den 37 år gamle komponisten, sendt frå Festspela i Bergen laurdag, opna for ro og refleksjonar i og om musikken: om materialet som lagar lyden, om pust, strok og slag, om å plukke språket frå kvarandre og setje det saman igjen.

Verka på det svært lekkert samansette programmet var ikkje berre Ahvenniemis, men det var definitivt hennar kveld. På tide, tar eg meg i å tenkje. For Ahvenniemi har vore såpass profilert som organisasjonsmenneske, i fleire styre og i Norsk kulturråd, som skribent, feminist og drivkraft for verkstaden Nye stemmer – «for musikk, filosofi og sosial kritikk» – at det tidvis har vore vanskeleg å få skikkeleg auge på komponisten, i alle fall sett frå Oslo.

Men det siste året har kunstnaren liksom stige fram, først med plata Tacit-Citat-Ion, og no med konsert, med dyktige og vel valde samarbeidspartnarar, ikkje minst i BIT20. Ensemblet, som runda 30 år i fjor, bidrog på plata til Ahvenniemi i jubileumsåret, og på konserten laurdag framførte dei tre verk som også er der: Tacit-Citat-Ion for strykekvartett, Barnet som blev osynlig for song, slagverk og elektronikk, og Wuthering modes. Not moods for strykekvartett.

I tillegg var to av komponistane som har påverka Ahvenniemi representert. Finske Kaija Saariaho (f. 1952) sin Nocturne for solo fiolin fekk opne og sette tonen i Jutta Morgensterns váre, gode spel. Saariaho skapar «store univers i det lille», som Ahvenniemi sa då ho introduserte nattstykket, som spelar med både dei skjøre, nær pistrete klangane i instrumentet og djupe, vakre bogedra og melodiske sveip – poetisk, som alltid.

Strykekvartett frå ensemblet BIT20 i Troldsalen. Foto: Thor Brødreskift / Festspillene i Bergen

Opne kjelder Ahvenniemi siterer Saariaho direkte i Tacit-Citat-Ion, som kom etter dette, og ho la slik kjeldene opne, i nær akademisk stil. Men tittelen peika også mot den påverknaden ein ikkje alltid kan vise direkte tilbake til, som går inn i eins eige som taus (tacit) kunnskap. Om ikkje Ahvenniemi hadde sagt det sjølv, kunne nok vi som deler litt kunnskap om dei italienske komponistane Giacinto Scelsi (1905–1988) og Salvatore Sciarrino (f. 1947) sin musikk, gjetta at ho hadde lytta til dei, pluss danske Hans Abrahamsen (f. 1952). Første sats av strykekvartetten (som også finst som kvintett) sirklar rundt éin tone, typisk Scelsi, og Sciarrinos utforsking av små lydar, friksjon, flageolettar og – som hos Abrahamsen – stemningsskapande stille, er også karakteristisk. Likevel opplever eg ikkje at Ahvenniemi er uoriginal, til det er det ei for sterk personleg stemme i stoffet, og eit overtydande inntrykk av at alle elementa er nøye utvalde og sett saman igjen, til delikate små satsar der ikkje noko er overflødig.

Å utforske enkelte klangar og lydar, gjerne heilt i ytterkantane av det som i tradisjonelt er rekna som vakkert, er òg typisk for Helmut Lachenmann (f. 1932). Denne kjelda la Ahvenniemi også fram ved å inkludere tre satsar frå hans Kinderspiel – barneleik eller -spel – på konserten. For meg var desse ukjende, litt uvanlege til Lachenmann å vere. Den tyske komponisten er kjent for å komponere med eit stort etisk og politisk alvor som bakteppe: Kva slags musikk kunne ein skrive etter at nazistane misbrukte den romantiske musikken til propaganda? I staden for svulmande vakre klangar skapar han nytt av det som ofte blir rekna som «støy». I dei små pianostykka kjem ein meir leiken Lachenmann fram, med titlar som «vesle hane», «den falske kinesaren (litt full)» og «skuggedans». Ideane er enkle og insisterande repetitive (kromatiske rørsler, tette akkordar og rytmar, ein lang dans på dei øvste tangentane). Her er musikken mykje i ytterkantane – heilt konkret, av klaviaturet – og det blir slåande (!) korleis pianoet når alt kjem til alt er eit slagverkinstrument. Det romantiske idealet om å «få det til å syngje» var tona ned – til fordel for ei effektiv, svingande tolking i hendene på Jarle Rotevatn.

Nervøst pust Ahvenniemi sympatiserer med Lachenmanns politiske og anti-romantiske engasjement. Det siste kjem fram – i meir dempa og avrunda språk – i den andre strykekvartetten på programmet, Wuthering Modes. Not Moods. Omsett blir det noko slikt som «stormfulle tilstandar, ikkje stemningar». Om tittelen kan hende er litt overtydeleg (komponisten seier at ho ønskjer seg ein ny), er den treffande for eit stykke som liksom prøver å dra i gang romantiske linjer og gestar, men roleg stansar seg sjølv igjen og igjen, som for å tenkje seg litt om. Det fascinerer, men greidde ikkje heilt på same måte som dei andre verka på konserten å halde på merksemda mi. Trass i at strykekvartetten frå BIT20 tydeleg hadde både dette verket og Tacit-Citat-Ion godt innunder huda etter å ha framført begge fleire gongar og spelt dei inn på plate (noko som ikkje er sjølvsagt for ny musikk).

Owen Weaver og Hilde Annine Hasselberg i “Barnet som blev osynligt” av Rebecka Ahvenniemi. Foto: Thor Brødreskift / FIB

Barnet som blev osynligt var til gjengjeld umiddelbart fascinerande. Her har Ahvenniemi lånt tittel og tankar frå Tove Jansons historie om ei jente som var så plaga heime at ho blei usynleg (sjølv ikkje Mummifamiliens sprell får henne fram igjen). Brokkar av teksten er lagt i stemma til songaren – her dyktige Hilde Annine Hasselberg – som i tillegg til å framføre tonar, tidvis nervøse pustelydar og lett slagverkspel resiterer linja «Ett mycket or-DENT-ligt barn» så vi nesten grøsser. Her, som i Tacit-Citat-Ion, kjem ein stillfaren og skarp klokskap fram, saman med ein finstilt sans for å artikulere både verbalspråk og lydar så tydeleg at vi faktisk får det med oss, men utan at det blir banalt: konsonantane i språket, treverket i marimbaen, slaga på skinnet i basstromma, metallet i vindklokkene.

Når Ahvenniemi i samtalen mellom verka snakkar om musikkens «materialitet», trur eg det er slike ting ho viser til: at det taktile, sanselege og fysiske, også friksjonen, blir gitt merksemd, ikkje som noko å overvinne, men noko å komponere med. Paradoksalt nok kom dette ekstra godt fram i eit digitalt format der vi ikkje fekk lov å vere i salen.

Tett på Dei fleste arrangementa eg har vore innom under festspela i år, har gitt lengsel etter å vere til stades fysisk, og eg har sakna mykje som ikkje lar seg formidle via skjerm og høgtalarar eller hovudtelefonar. Schumann-portrettkonserten i Håkonshallen, til dømes, var nydeleg, men eg sakna plutseleg knirkinga i treverket, lukta av steinveggane og parfyme i salen – eller var det syrinen utanfor? Å få Griegs a-moll-konsert overført til min skjerm med orkesteret framfor ein solist (Vikingur Olafsson) på storskjerm, var fikst og spektakulært, men kan hende berre interessant éin gong?

Frå portrettkonserten av Ahvenniemi i Troldsalen kunne ein òg sakne susinga i trea utanfor, akustikken og ikkje minst applausen som ville gitt meir tid til å stille om lyttinga mellom verka. Klippinga mellom musikken og samtalane med komponisten var for knapp. Men jamt over var produksjonen så godt laga, at det gav noko ekstra å få følgje kameraet, zoome inn på hender, ansikt og strengjer, til og med å kunne stanse opptaket for å sjå og høre noko om igjen undervegs. Det kledde musikken, og komponisten, som går tett på.

Ahvenniemi erklærte tidleg i samtalen frå Troldhaugen at å komponere er det mest sosiale ho gjer, fordi ho alltid arbeider i utveksling med eit større musikksamfunn. Samtidig tar ho seg tid til å tenkje, til å formulere seg og altså: til å stå fram som komponist. I slutten av 30-åra blir ho framleis marknadsført som «ung og lovande», noko ho kommenterer lakonisk i ein av dei mange lune – om enn litt stive – dialogane med BIT20s dirigent og kunstnarlege leiar Trond Madsen framfor flygelet i stova til Grieg. Her hører vi ein mogen og reflektert komponist som også vil bort frå mytane om den einsame kunstnarinspirasjonen. Å komponere er hardt og systematisk arbeid, insisterer ho, og altså: sosialt.

På spørsmål om kva ho gjer om ho må oppsøke inspirasjon, svarar ho likevel at ho ofte trekk ut i naturen, aleine og i mørkret mot Svartediket og Isdalen, gjerne med ei lita lerke med whisky på innerlomma. Slik kjem den opphavleg finske komponisten, som har budd i Bergen i 15 år, ikkje unna ein aura av noko ur-nordisk melankolsk. Men som vi veit om Grieg, er ikkje det eit hinder for å vere ein engasjert verdsborgar, med sans for intime musikalske format.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, PAHN, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no