I Lohengrin er operasjangeren fornya gjennom minimalistisk dekonstruksjon.
Salvatore Sciarrino har vore spelt i Bergen før, men det er nytt og gledeleg at eit av dei sceniske verka hans for første gong vert framført i Bergen.
Den gamle riddarlegenda om Lohengrin er for dei fleste av oss kjend gjennom Wagners opera med same namn. Ingrediensane gjev umiddelbart forventingar om dramatikk og store fakter, men Sciarrino gjev oss noko heilt anna. Uttrykket er disiplinert, sopranen Sofia Jernberg (som samstundes framfører alle rollene i dramaet) held seg for det meste i ro på scenen, der og fem av musikarane sit, og flyttar seg rundt ein hende gong – men utan dirigent!
Den øvrige lyden er førehandsinnspelt, og det totale lydbiletet er eit intrikat vekselspel mellom vokalsolisten, akustiske og forsterka instrumentlydar. Ensemblet har ikkje gjort det lett for seg sjølv på den måten, men nettopp ved å dekonstruera såpass sentrale element og arbeida med ein flatare struktur, oppstår eit nærvær i framføringa som ein vanlegvis saknar i dei meir grandiose og dirigent- /regissørstyrte oppsetjingane.
Ved å nytta tittelen og temaet Lohengrin, skriv Sciarriono seg inn i ein litterær og operahistorisk tradisjon. Men samstundes representerer versjonen hans ei nedbryting av dei same tradisjonane. Teksten, songen og instrumentbruken er brotne ned til ørsmå fragment. Råmaterialet er ei kjend legende, forma er eit scenisk drama, utøvarane er virtuose, men i Sciarrionos univers vert desse elementa nærast ukjennelege. Det er som om han skulle visa oss eit velkjent objekt gjennom mikroskop. Me veit kva det er, men kjenner det ikkje.
Utøvarane i denne produksjonen er og kjende som gode improvisatorar. Og det kling ofte som når dei improviserer. Likevel er det ei meditativ øving for publikum, og ein kolossal konsentrasjonsprestasjon for utøvarane, å underkasta seg denne ekstremt kontrollerte maltrakteringa og nyskapinga som Sciarrino utfører.
Og om ein vil utsetja seg for denne musikk heilt utan akademisk filter er det og fullt mogleg, for vakkert er det, heile tida – både å sjå og høyra. Den enkle og dels humoristiske scenografien er òg ein god grunn for å sjå denne vesle, men store (anti)operaen.
Meldinga stod på trykk i Bergens Tidende laurdag 9. februar 2013. Publisert med samtykke frå BT.
Sigbjørn Apeland er førsteamanuensis ved Griegakademiet – Institutt for musikk.