Er dei liv laga, dei fire operaene til komponist Ole Olsen (1850-1927) frå Hammerfest, kontinentet og Kristiania? Astrid Kvalbein lytta til konsertforedrag i Tromsø og blei imponert både over verket og utøvarane.
Nest siste helg i oktober starta orkestret Arktisk Filharmoni ei oppdagingsferd i norsk operahistorie. Under vignetten «konsertforedrag» stod sju songarar, ein pianist og ein programvert for urframføringa av Ole Olsens opera Marsk Stig frå 1876 i Bodø, Tromsø og Hammerfest etter tur. Dei følgjande helgene spelar dei Lajla (1893), Stallo (1899) og Klippeøerne (1919) av same komponist. Alt skjer i koronatilpassa format, med antibac ved døra og god avstand mellom stolane.
I Hammerfest kjem operaene også «heim» til byen der komponisten vaks opp. Ole Olsen var son av ein snikkar som også fungerte som organist i byen, og via orgelet kom også sonen seg ut i verda. Ole flytta frå barndomsbyen via Tromsø til Trondheim og var vekselvis urmakarlærling og organistvikar i Nidarosdomen før han fekk råd om å reise til Leipzig for å studere. Hit kom han om lag ti år etter Edvard Grieg og hamna i selskap med mange andre nordmenn som studerte i byen både før og etter.
Ambisjonar
Med tida skulle Olsen bli mest kjent som leiar for militærmusikken i hovudstaden og landet elles og for det fyrige orkesterverket Aasgaardsreien. Mange har òg hørt Sørgemarsj, som blei framført i gravferda til kong Olav i 1991. Men Olsen var altså ein ambisiøs operakomponist, som stod for både musikk og libretto sjølv.
Den første operaen, Marsk Stig, skreiv han då han var tidleg i 20-åra, i Leipzig og like etter at han kom heim. Men ingen i heimlandet stod klare for å ta verket imot. Ein arie frå Marsk Stig blei framført i Tromsø i 1874, men å få til ei full oppsetjing i hovudstaden, der Olsen etter kvart busette seg, var verre. Det var eit visst håp ved Christiania Theater, men etter ein brann der gjekk håpet opp i røyk, og operaen blei liggjande i over 100 år. Den same lagnaden har den siste operaen til Olsen fått, Klippeøerne. Stallo blei urframført under operafestveka i Kristiansund i 2002. Den einaste operaen som blei framført mens Ole Olsen levde, var Lajla, på Nationaltheatret i 1908.
Mange ukjente operaer
Dette høyrest trist ut, men i historia om opera i Noreg er slike tilfelle snarare regelen enn unntaket, hevdar dirigent Terje Boye Hansen, som er musikalsk overoppsynsmann og programvert for Ole Olsen-prosjektet til Arktisk Filharmoni. Han har, i tillegg til å vere dirigent ved Den Norske Opera og Riksoperaen, vore tungt inne i Oscarsborgoperaen, Kristiansand symfoniorkester og ei rad distriktsoperaer i landet. Alle stader har han nytta sjansen til å trekkje fram ukjent, norsk opera, og nyleg fekk han kongens fortenestemedalje for innsatsen.
For Boye Hansen er Marsk Stig eit tidleg eksempel på korleis det kunne vere å komponere operaer i Noreg, og særleg om ein ikkje skreiv i ein «nasjonal» stil.
– Norsk musikkhistorie er bygd rundt ideen om ein 50 år lang gullalder, ut frå fire komponistar: Edvard Grieg, Johan Svendsen, Johan Halvorsen og Christian Sinding. Dermed er det knapt blitt plass til fleire frå den generasjonen, hevdar Boye Hansen. Som òg vil minne om ein annan operakomponist det tok altfor lang tid å (gjen)oppdage i norsk musikkliv:
Hjalmar Borgstrøm (1864–1925) skreiv Thora på Rimol og Fiskeren i 1894 og 1900, men dei blei aldri framført i levetida hans. Borgstrøm sjølv omtalte også begge som «elevarbeid» og jobba ikkje aktivt for å få dei sett opp, fortel Boye Hansen. Men etter at den pensjonerte læraren Sivert Fløttum i Melhus, kommunen der Rimol ligg, fann ut om operaen og tok saka opp, blei det urframføring av Thora i 2002 med Boye Hansen i spissen for Trondheim symfoniorkester og Trønderoperaen.
Eg var i gymsalen der det skjedde den gongen, som kritikar for VG, og huskar at eg var overvelda. Var verkeleg denne Wagner-liknande, så velskrivne operaen – med handling frå sagatida, men utan flørt med folkemusikk – også ei del av norsk musikkhistorie? Like oppglødd var eg året etter, då Fiskeren av same komponist blei presentert i Kristiansand, også den under leiing av Boye Hansen. Korleis kunne dette berre ha blitt gløymt?
Nasjonal og kontinental stil
Kan hende var både Olsen og Borgstrøm for lite «nasjonale» i tonefallet til å treffe i si tid? Men ikkje berre slike «kontinentale» operaer er blitt glømt, aldri framført eller i beste fall sett opp ein gong. Boye Hansen ramsar opp eksempel frå fjern og nær historie og spør retorisk:
– Har du hørt om Catharinus Ellings Kosakkene, som gjekk for fulle hus på Eldorado i Kristiania i 1897? Eller Fredkulla av Martin Andreas Udbye, som også skulle opp på Christiania Theater på 1870-talet – og blei urframført først i 1997? Kva med den populære Sjømannsbruden av Sigwardt Aspestrand (1856–1941), Bruderovet av Gerhard Schjelderup (1859–1933) eller Olav Liljekrans av Arne Eggen, framført i 1941?
At Anne Pedersdotter av Edvard Fliflet Bræin frå 1977 også blei framført konsertant i 2019 og at Jeppe av Geirr Tveitt, bestilt til festspela i Bergen i 1966 blei framført igjen under operafestvekene i Kristiansund i 2008, hjelper litt. Men det er så mange fleire som aldri er tatt fram, sukkar dirigenten. Han veit om minst 50 norske operaer han helst vil gå gjennom.
Samiske sujett og eksotisme
Det er, og har alltid vore, forståelege grunnar til at opera er vanskeleg å få realisert. Som kjent fekk ikkje Noreg ei operascene før i 1959, med unntak av dei åra Opera Comique heldt det gåande i Kristiania, i 1918-1921. Seint på 1800- og tidleg på 1900-talet måtte opera få innpass på ei av teaterscenene, og på den viktigaste, Nationaltheatret i Oslo, var Johan Halvorsen sjef. I 1916 ville han ikkje opne for Ole Olsens Stallo. Historia var for dyster og songpartia for krevjande, hevda Halvorsen. Dermed blei den liggjande til 2002 og urframført under operafestveka i Kristiansund.
Stallo har henta handlinga si frå Finnmark på 1600-talet og fått namn etter eit samisk «troll» som ungjenta Audne nektar å gifte seg med, sjølv om han sjarmerer faren ved å trylle fram sølv av berget. Hemnen blir til slutt brutal, etter at Audne får ein annan kjærleik og flyktar frå nord. Stallo og Lajla, som kom først og fekk entusiastisk kritikk etter premieren i 1908, hentar begge stoff frå samisk kultur. Lajla er ei lita daro-jente (ikkje-samisk), som blir funnen ved ein slede etter at ein ulveflokk har drepe foreldra hennar. Samen Laagje tar henne med heim og fostrar henne opp – men ho finn ut av opphavet sitt mens ho er lova bort til ein same. Slik kan det bli kultur-og identitetskonflikt av.
Olsens skildringar er ikkje fri for tidas folklore og eksotisme, noko som kan gjere både Lajla og Stallo utfordrande å setje opp i dag. Men Boye Hansen synes same kva at det er sterkt å sjå utviklinga til Lajla-rolla gjennom operaen – frå ung gjetarjente til det han kallar ein fullverdig kontinental songar.
Klippeøerne får urpremiere som konsertføredrag i Bodø 10. november i år. Historia er ein slags Vaiana for vaksne, om eit lykkeleg folk på ei vakker øy som møter lagnaden i form av griske og uærlege gjestar. Det er rundt 40 år mellom Marsk Stig og denne siste operaen til Olsen, men komponisten skriv temmeleg likt gjennom desse åra.
– Det er nokså vill musikk, alt saman. Olsen er nesten for full av fantasi, han utnytter ikkje alltid stoffet like godt, det kjem nye idear heile tida. Men Klippeøerne er litt meir moderne, røffare i harmonikken, og samtidig strammare i forma, meiner Boye Hansen.
Heftig Marsk Stig
Og litt oppstramming er neppe dumt, tenkjer eg etter møtet med Marsk Stig i konsertversjon. Ideane, enderima i librettoen og dei musikalske vendingane berre strøymde liksom ut av mannen som Jonas Lie i si tid skal ha kalla «en eneste stor durtreklang». Det gode humøret kom liksom før han inn døra, sa folk om Olsen.
Handlinga i operaen er likevel alvorleg nok, og ikkje heilt enkel å hengje med på i konsertversjonen i Tromsø, der songarane stort sett står bak notestativa sine og dessutan vekslar mellom fleire roller. Kort fortalt handlar operaen om korleis marsk Stig – den øvste militære leiaren eller marskalken til danske kong Erik – i 1286 lurer kongen i ei felle for å ta hemn. Kongen skal ha valdteke kona til Stig, den fromme, vakre Ingeborg. Til dramaet, som er basert på ein historisk roman av B. S. Ingemann, hører også den øvste embetsmannen til kongen, drosten, og kona hans, Inge, den gamle blinde faren til Ingeborg, nokre unge pasjar, med fleire. Pluss kor – denne kvelden eit samansett ensemble på åtte.
Alt dette og meir til skildrar komponisten i eit språk som er tydeleg inspirert av Giuseppe Verdi – han hadde hørt La Traviata i Tyskland – og tidleg Richard Wagner. Her er raust med karsleg ensemblesong for herrane – i Tromsø eminente Trond Halstein Moe, Tor Inge Falch, Kjetil Støa, Ole Jørgen Kristiansen og Trond Gudevold – og fleire flotte ariar. Med kvinnestemmene kom det rørande, triste og fromme sterkare inn – her ved strålande Ingegjerd Bagøien Moe og Siv Oda Hagerupsen. Og den religiøse kvelvinga over operaen var sterk mot slutten: etter tragedien startar korstoga mot Jerusalem.
Opplevinga av Marsk Stig var slik heftig, underleg og tankevekkjande. I den ærverdige, gamle festsalen i Rødbanken minte ho meg om situasjonen for 100–200 år sidan i byar utan operahus, før grammofonen flytta inn i heimane: skulle ein bli kjent med ny musikk, måtte ein spele og syngje sjølv, gjerne på huskonsert. Samtidig likna det på eit konsept operaen i Bjørvika lagde for ei tid tilbake, «Verker underveis», der publikum blei invitert til framføringar av forarbeid eller skisser til nye operaer, med eit knippe songarar og musikarar. Men i staden for å få innblikk og -lytt i skapinga av noko nytt, gav konsertforedraget til Arktisk filharmoni oss del i arbeidet med å «pakke ut» eit gamalt partitur, side for side, framføre musikken – for så å kanskje å finne ut om det er potensiale for ei fullverdig oppsetjing av operaen som har lege arkivert så lengje.
Å ta stilling til det vidare livet til Marsk Stig ligg utanfor ambisjonane for denne teksten. Men eg blei imponert både over verket og utøvarane – ikkje minst den heltemotige Jan Bjørnar Sture ved flygelet. Dessutan kilte det i ørene og fantasien å prøve å tenkje seg korleis alt kunne låte med fullt orkester, eller sjå ut på ei scene.
Kva som kjem ut av desse fire kompakte presentasjonane av Olsens operaer, kan berre tida vise. Det er framleis dyrt å setje opp opera i skikkeleg format, og nasjonaloperaen i Oslo tar sjeldan sjansen med denne typen repertoar. At Arktisk filharmoni, som til saman er ein liten opera og eit symfoniorkester, tar på seg å pakke ut verka til finnmarkingen Olsen, er same kva ein glitrande idé.
– Vi har starta noko her no, konstaterte operasjef Espen Langvik nøgd etter premieren på Marsk Stig i Tromsø. Det er mange grunnar til å ønskje lykke på ferda.
…………………………..
Sjå utdrag frå operaen:
Arktisk filharmoni har òg laga ein podkast om operaene til Ole Olsen.
Scenekunst.no A/S
Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.
Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, PAHN, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.