Munchmuseet på Tøyen åpnet i 1963. Bygget er tegnet av arkitektene Gunnar Fougner og Einar Myklebust. Foto: Jac Brun/Nasjonalbiblioteket.
Nationaltheatret til Tøyen
Teaterhuset skal brukast både når teateret flyttar ut under oppussinga av Nationaltheaterbygningen og saman med hovudscena i framtida. Det skriv Kultur- og likestillingsdepartementet i ein pressemelding.
– Arbeidarparti-regjeringa har landa på Gamle Munch på Tøyen for vidareutvikling av Nationaltheatret, og dermed sikrar vi teateret for nye generasjonar. Det har vore mykje engasjement rundt saka, det er naturleg når vi snakkar om heile Noregs Nationaltheater. No har vi landa ei god løysing både for publikum og for teateret, og då kan endeleg praktbygget i hjartet av hovudstaden settast skikkeleg i stand, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery. For å sikre eit levande teater i oppussingsperioden, vil Gamle Munch brukast som midlertidig hovudscene. Når Nationaltheatret er ferdig rehabilitert, skal Gamle Munch på Tøyen brukast som teaterhus med permanente biscener. Slik sikrar vi at Nationaltheatret kan fortsette sitt viktige samfunnsoppdrag som sentral kjelde til landets identitet og utvikling. Statsbygg har gjennomført tomtesøk og vurdert 14 tilbod om tomter for midlertidig hovudscene og permanente biscener for Nationaltheatret. Etter grundig analyse og forhandlingar har regjeringa valt det gamle museet på Tøyen som teaterhus med biscener for Nationaltheatret. – I Gamle Munch vil vi kunne få eit godt teaterhus med biscener. Vi har valt gjenbruk og byggjer vidare på dei gode kvalitetane det markante kulturbygget på Tøyen har for publikum og for teaterets verksemd, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery. No når lokasjonen er bestemt, skal Statsbygg jobbe vidare med korleis dette konkret skal løysast. Neste viktige milepæl blir oppstart av forprosjektfasen i 2027. Samarbeidet med Oslo kommune blir òg viktig for utviklinga av prosjektet. – Ikkje berre er dette eit godt val for framtida til teaterdrifta av Nationaltheatret, men vi sikrar også at ein kulturhistorisk viktig plass i Oslo blir i kunstens og kulturens teneste. Eg vil rette ein takk til Oslo kommune og byrådsleiaren for godt samarbeid for å få til dette, seier Jaffery. – I det gamle Munchmuseet har kunst og kultur stått i sentrum i over 60 år. Vi er svært glade for at Nationaltheatret ønsker å etablere seg her. Det skal bidra til aktivitet og gode kulturopplevingar i bygget også i åra som kjem. På denne måten unngår vi at bygget forfell, men isteden blir forvalta vidare, seier byrådsleiar Eirik Lae Solberg (H).