S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Frøydis Århus – 11. juni 2025

Money Money Money

Foto: Luna Stage


Publisert
11. juni 2025
Sist endret
11. juni 2025
Tekst av

Kritikk Teater

The big MONEY GIVEAWAY-SHOW Av MEGA RICH COMPANY Black Box teater, Noregspremiere 6. juni 2025 Av: Sigrid Johannesen og Ida Grarup Med: Kjersti Aas Stenby, Sigrid Johannesen og Ida Grarup Produsent: Toaster Meldt 6. juni 2025


Del artikkel
https://scenekunst.no/artikler/money-money-money
Facebook

I The big MONEY GIVEAWAY-SHOW skal 39 000 kroner fordelast mellom 30 personar i publikum. Interessant idé, men eit einsformig publikum spenner bein under prosjektet.

MEGA RICH COMPANY er eit scenekunstkollektiv forkledd som eit bedriftsselskap, grunnlagt i 2021 av danske Ida Grarup og Sigrid Johannesen. 39 000 kroner skal gis frå kompaniet til publikum, og fordelinga skal utførast av publikum sjølv, etter eit sett med reglar. Framsyninga er eit gjestespel frå Danmark og fann stad kun denne eine kvelden. Som programleiar har dei fått med seg skodespelar Kjersti Aas Stenby, som også har ei aktiv rolle inn mot publikum, medan Grarup og Johannesen er tause tilskodarar.  Hausten 2021 såg eg ein av Dramatens desidert minst populære framsyningar. Dette var ein performance workshop som heitte Skapa demokrati og var eit samarbeid mellom Teaterhögskolan i Malmø og Institutet for framtidsstudier. I løpet av dei ni visningane fann kun 107 tilskodarar vegen inn i Dramatenbaren, Dramatens minste visningsrom. Eg jobba på den tida på Det Vestnorske teateret med programansvar for teateret sin minste scene, Skifte bar, og eg var i Stockholm for å henta heim inspirasjon til vårt eige program. Eg ringte ein norsk kollega, stasjonert i Sverige og lurte på om ho kunne tenkje seg å vere med på dette. «Det høyres heilt utruleg tråkigt ut, eg trur eg står over» var svaret ho gav. Ho fekk jo rett. På to timar skulle vi i publikum skapa eit mikrodemokrati gjennom å stemma fram lover og reglar som vårt imaginære samfunn skulle leva etter. Då tida var gått var me ikkje i nærleiken av å lande noko som helst fordi me stadig vikla oss inn i detaljar og ikkje klarte å halde fokus på dei lange linjene. Kvifor vart dette langdrygt, ineffektivt og kjedeleg interaktivt teater? Jo, fordi det ikkje stod noko på spel om me ikkje klarte oppgåva. The big MONEY GIVEAWAY-SHOW derimot, legg 39 000 kroner på bordet for å finna ut kva som bur i publikumet sitt. Med mine erfaringar frå Sverige friskt i minne, nekta eg å tru at publikum kom til å lukkast. Eg såg for meg at tida rann ut og at pengane tilfall kompaniet. Så feil kunne eg ta. Vi er i foajéen på Black Box teater. Kompaniet er kledd i typisk finansbunad, kledelege dressar med dyrt snitt. Dei byr oss på bobler. Me vert inndelt i seks grupper på fem personar i kvar. Eg sit på bord saman med fire kvinner. Dei er studentar frå danse- og teaterutdanningane i byen, og dei er 15 år yngre enn meg. Me får eit navneskilt der me skal skriva namn og årsinntekt, noko som var overraskande fælt. Etter nokre rundar med kalkulatoren havna eg på ein sum som eg skriv på lappen og festar på bukselinninga i eit patetisk forsøk på å vere mindre eksponert. Eg undrar meg over at eg vert såpass brydd av dette. Er det kanskje fordi eg tener langt meir enn studentane som sit kring meg, med summar som 20 000, 9000, og 40 000 på skilta sine? På ei anna side er det heilt greitt at eg ikkje kjenner nokon rundt bordet. La oss berre seie at mi personlege inntekt ikkje akkurat ter med å trekkje opp medianløna i Noreg som no ligg på 640 000. Eg får snart beskjed frå programleiar om å feste lappen med sanninga opp på brystet, og gjer umiddelbart som eg vert fortalt.

Spelereglane

Det ligg 39 000 i norske 200-lappar i eit glassrøyr på scenen. Pengane kjem frå den danske stat med dette gjestespellet. Eit stort excel-ark lyser frå scenen og er omkransa av gullglitter frå golv til tak. Spelereglane er som fylgjer: Publikum har 90 minuttar på å fordele pengane, men ingen kan motta same beløp, med mindre dette beløpet er 0 kr. Alle summar må vere mogleg å dela på 200. Alle pengane må delast ut, pengane kan ikkje mottas på vegne av andre og det må fattast vedtak med 2/3-fleirtal i salen. Om tida renn ut går pengane attende til kompaniet. Etter å ha teke del i allsang av den eviggrøne ABBA-slageren Money, Money, Money kunne seansen byrje. Fyrste oppgåve var å diskutere seg fram til ein fordelingsnøkkel på sitt bord og dele denne i plenum etter 10 minutt. Me kom fram til at me ville dele pengane til flest mogleg, jamnast mogleg. Dette betydde at me byrja med å gi ein person 200, neste 400, osb. Med dette som premiss kan ikkje alle motta pengar. Ein må difor finne dei som gir avkall på å vere med, men me ynskte óg å hjelpa dei som hadde eit akutt behov for pengar. Tre kvinner reiste handa på dette spørsmålet og ei fortalde om inkassokrav. Omlag 5 personar melde seg ut av fordelinga. Dette var stort sett mellomaldrande personar som hadde inntekt over median og som ikkje var studentar. Gruppa bestemte at sidan me ville trenge at fleire gjekk ut av fordelinga så måtte me finne ein metode å skille ut alle som ikkje kunne motta noko. Dei fleste av desse, må ut mot sin vilje. Det kom fleire forslag, sortere etter årsinntekt, la folk argumentere for behov, men desse forslaga vart forkasta fordi det ville teke for lang tid å gjennomføre for våre 90 minutt. Ein barmhjertig person påpekte at inntekta ikkje nødvendigvis alltid fortel om det faktiske behovet for pengar. Ein etablert person med vanleg årslønn, ungar, bil, hus- og studielån samt løpande utgifter på straum og forsikringar, kan ha mist like stort behov for pengar som ein student som ikkje eig eigen bustad og kun har seg sjølv å brødfø. Ei kvinne i publikum ytra at folk som sleit psykisk burde verte prioritert. Godt poeng, men vanskeleg å ta omsyn til på 90 minuttar. Forslaget drukna litt i mylderet. Ei anna foreslo å gi pengane til Gaza, men dette er imot regelsettet og såleis uaktuelt, trass i gode intensjonar. Den same kvinna som tok til orde for dei med psykiske utfordringar ytra også forslag om å gi alle pengane til ein person i rommet, med vilkår om at dei inviterte til fest, gjerne leigde ei badstu og kjøpte inn alko for alle pengane slik at alle fekk kjenne seg rike for ein kveld.

Kjønnsaspektet

Ein finansekspert dukkar opp på skjermen og fortel at skilnaden mellom kvinner og menn sitt lønnsnivå i Danmark ligg på 18%. Her i Norge er den lågare, kring 16%. Denne informasjonen gjorde noko med rommet, for no byrjar gruppa å jobba for å utjamne dette gapet. Det kom eit forslag om å stille opp etter høgde. Dette ville generelt gå i kvinner sin favør, fordi dei i snitt er lågare enn menn. Naturlegvis leidde dette til reaksjonar hjå dei tre høge kvinnene som alle hadde innrømt eit akutt behov for pengar, men utan nytte. Rommet stemte over alle dei nemnde forslaga, og fatta vedtak om fordeling etter høgde. Me stilte opp og fekk utdelt summar som var mogleg å dela med 200, heilt til summen nådde 39 000. Ingen fekk same beløpet og vedtaket vart fatta med 2/3 fleirtal 1 minutt og 30 sekunder innan tida rann ut. Mennene leidde an i administrasjon og leiing, særleg dei som sjølv var ute av fordelinga. Ein mannleg student og to menn i 40-årsalderen tok leiarroller. Ein av dei andre mannlege studentane delte ut 200-lappane. Sjølv har eg verken mattekunnskapane, ambisjonane, konkurranseinnstiktet eller lyst nok til å innta ei slik rolle. Dette gjer at eg rettar meg lydig etter dei som har desse eigenskapane og prøver å forstyrra så lite som mogleg. To av dei tre som hadde meldt at dei hadde akutt behov for pengar var som sagt for høge til å kome godt ut, men fekk bytta internt i gruppa slik at dei var med. Den siste høge kvinna fekk heller ikkje bytta seg inn i rekka. Nettopp ho er eit døme på at det alltid vil vere nokon som vert forbigått av systemet, sjølv om alle i rommet har gjort sitt beste. Kva som gjorde at dei to andre fekk hjelp og ikkje ho, veit ein ikkje. Kanskje fanga ikkje rommet dette opp? Kanskje var ho ikkje truverdig? Eller så vekte ho ikkje den same medkjensla som dei som fekk bytta seg inn i rekka blant dei låge. Synd for henne personleg, ganske interessant for eksperimentet. Eg sjølv med mine 167 cm hamna omlag midt i rekka og fekk med meg 2000 kr. Eit betydeleg beløp som stod langt over forventning.

Ekkokammer

Det var gratis å vere med på dette, men ein måtte melde seg på. Dette legg tydelege føringar for kven som ender opp i salen. For det fyrste, ein må vere i krinsen til Black Box teater og samstundes vere uredd nok til å melde seg på ei teatral hending som inneber samhandling med andre om eit tema som pengar. Black Box teater har sidan eg vart kjend med staden i 2011 hatt eit svært ungt publikum med ein god andel studentar frå ulike kunstmiljø. Dei har med andre ord fått til det alle andre teaterinstitusjonar ynskjer seg. Dessverre er det nettopp denne homogene og unge publikumsmassen som øydelegg for prosjektet slik eg ser det. For det fyrste, dei som hadde 800 000 og 1.100.000 kr i inntekt gjekk frivillig ut av fordelinga. Hyggeleg gjort mot studentane, men dette gjorde massen endå meir homogen enn den var opphavleg. Eg skulle gjerne likt å sett eit meir representativt tverrsnitt av folkemassen ta del i Mega Rich Company sitt sosiale eksperiment. Dei hevdar å «arbeide kunstnarleg og aktivistisk med teatrale verktøy for å undersøkte den framveksande bølgja av entreprenørskap i samfunnet vårt, og avdekke korleis skjulte økonomiske logikker påverkar samfunnet og demokratiet vårt.» Ein kunne i alle fall seie meir om kven som er kjernepublikumet til Black Box teater enn kva skjulte økonomiske logikkar som påverkar samfunnet og demokratiet vårt. I beste fall har dei vist kva 39 000 kr i potten gjer med gruppedynamikken til kjernepublikummet. Det er høg vilje til å handle rett og ta omsyn til dei som treng det eller dei som har vore undertrykt på grunn av kjønn. Mennene tok ansvar, uansett alder, og ein kom veldig langt med å vere akkurat passe høg, halde kjeft og la rommet kring seg jobba. Korleis landa dette som scenekunst? Som eit litt umodent forsøk på å seie noko viktig utan å tenkje på at ein må ut av ekkokammeret til scenekunstmiljøet for å ta tempen på det som hender ute i den verkelege verda. Men tråkigt, det var det faktisk ikkje.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, PAHN, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no