S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Redaksjonen – 15. februar 2023

Marianne Skjulhaug blir ny rektor ved KHiO

Marianne Skjulhaug. Foto: NTNU


Publisert
15. februar 2023
Sist endret
26. mai 2023

Notiser

Del artikkel
https://scenekunst.no/artikler/marianne-skjulhaug-blir-ny-rektor-ved-khio
Facebook

Marianne Skjulhaug blei tysdag 14. februar blei tilsett som rektor på Kunsthøgskolen i Oslo (KHiO). Skjulhaug byrjar i stillinga 1. august 2023. Det melder KHiO i ei pressemelding.

Marianne Skjulhaug kjem frå stillinga som dekan for arkitektur og design ved NTNU i Trondheim og Gjøvik, som inkluderer Kunstakademiet i Trondheim. Ho har tidlegare vore rektor ved Bergen arkitekthøgskole og instituttleiar ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo. Skjulhaug er førsteamanuensis i urbanisme og har lang og brei erfaring med byplanlegging som arkitekt.

Kunsthøgskolen i Oslo er ein nasjonal leiande, vitskapleg høgskole, og er den største utdanningsinstitusjonen for kunstnarar og designarar i landet. I strategiperioden 2023–2028 skal KHIO styrkje den kunstnariske kjernen, vere eit førebilete for berekraft og arbeide med strategisk samhandling.

Riktig person – Vi er glade over å ha fått ein leiar som sjølv er frå eit skapande yrke, ser verdien og eigennytten av kunstnarisk utviklingsarbeid og utdanning og som samstundes kjenner høgskolesektoren godt. Dette legg til rette for godt samspel og positive brytingar mellom styre, leiing, tilsette, studentar og samfunn, seier styremedlem Per Magnus Finnanger Sandsmark. Han leidde innstillingsutvalet på vegner av styret. – Skjulhaug er ein erfaren og tydeleg leiar. Hennar bakgrunn, kompetanse og visjonar gjer ho til riktig person til å leie Kunsthøgskolen i Oslo i ein ny periode, seier Sandsmark.

Derfor KHiO Marianne Skjulhaug grunngir sjølv valet om å verte rektor på Kunsthøgskolen slik: – Jeg er takknemlig for den muligheten jeg er gitt, og ser veldig fram til å arbeide for KHiO. Kunst og kunstproduksjon er utsatt for press, men er også etterspurt i en verden som står overfor så komplekse utfordringer som vår gjør. De ulike formene for kunst har en unik evne til å gå inn i det dypt menneskelige, og hjelper oss både til å skape, forstå og være i verden. Muligheten til å oppnå et bærekraftig samfunn ligger også i kunsten. Derfor KHiO.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, PAHN, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no