S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Hans Antonsen – 25. september 2024

Liberal sjølvskading

Finansbyråd i Oslo Hallstein Bjercke holdar finanstale for bystyret i Oslo 25. september. Foto: Thomas Fure/NTB


Publisert
25. september 2024
Sist endret
25. september 2024
Tekst av

Debatt Politikk

Del artikkel
https://scenekunst.no/artikler/liberal-sjolvskading
Facebook

Med vilje til å bruke rå framgangsmåtar som vi elles berre kjenner frå europeiske høgrepopulistar, kan nok Høgre og Venstre i Oslo greie å knekke Oslo Nye Teater. Men ikkje utan at dei samtidig mistar truverdet som liberale parti.

«Kan vi i det minste prøve å halde dramaet på scenen!» er ei kjent bøn for oss som har arbeidd i administrative bakrom på dei store scenekunstinstitusjonane. I år er ikkje Oslo Nye Teater bønhøyrt. Dei finn seg plassert i ei politisk farse der manus blir omskrive kvar veke, av nokon i byrådet, litt uklart kven. Berekraft går igjen i alle replikkar, men ingen forklarar kva det skal bety. Dramaet toppa seg sist veke: Det blei kjent at byrådet neste år vil kutte støtta til Oslo Nye frå 90 til 53 millionar kroner. 41% reduksjon! Samtidig kalla kulturbyråd Anita Leirvik North (H) på ein dags varsel inn til generalforsamling i teateret der ho eigenhendig kasta heile det sittande styret. Det er utvilsamt dyktige folk som kjem inn. Men med to kjente profilar frå byrådspartia i styret og ein elles slåande mangel på erfaring med teater som kollektiv kunstform, må eg likevel spørre: Er klakørane tilbake i teateret no? Langt tilbake var dei betalte klapparar som skulle sikre stykket på scenen god mottaking, uansett kor dårleg det måtte vere. I den forlengst avvikla ordninga sat dei i salen. No sit dei kanskje i styret for å applaudere byrådets planar? Eit teater kan ikkje behandlast slik. Det er ikkje ein del av ein kommunes virkemiddelapparat, sjølv om kommunen eig aksjane. Det er ein sjølvstendig kunstinstitusjon, det er ein sentral og fri del av infrastrukturen i eit demokrati. Ikkje tilfeldig er hovudstadens grunnleggjande fysiske utforming i sentrum prega av tre prangande bygg: nasjonalforsamlinga, universitetet og nasjonalteateret. Det er slike institusjonar historikaren Timothy Snyder oppfordrar oss til å slå ring om som ein av dei 20 tinga vi bør lære av det 20. hundreåret, om vi vil forsvare det liberale demokratiet. Scenekunstmiljøet i Noreg er rysta over det som held på å skje med Oslo Nye Teater. Inntrykket mitt elles, også etter å ha prøvd å få til ein debatt internt i mitt eige parti Venstre, er at skuffande få bryr seg. Så er då også partimedlemskap på det jamne redusert til å klikke like og klappe for sine.

Tillit eller overstyring?

To samanlikningar kan gjere alvoret klarare, først ei lokal:

Ved inngangen til 2024 var dei tre store offentleg støtta teatera i Oslo i akkurat same situasjon. Nationaltheatret, Det Norske Teatret og Oslo Nye Teater hadde alle eit økonomisk forferdeleg år bak seg og gjorde opp rekneskapane med store underskot og negativ eigenkapital. Årsakene er samansette, men har samanheng med etterverknader av pandemi og streik. Dei offentleg støtta teatera har dessutan famla med å finne sin plass når privatteatera i Oslo gjer det godt med dei mest kommersielle titlane. Med tapt eigenkapital krev Kulturdepartementet at eit statleg støtta teater må legge fram ein plan for å gjenskape eigenkapitalen i løpet av to år. Departementet vurderer realismen i planen, men legg seg elles ikkje bort i tiltaka. Det er ein prosess som er prega av tilstrekkeleg tid og tillit. I Oslo kommune greip derimot byråden direkte inn i styrets ansvarsområde og påla utgreiing av bestemte alternativ. Teateret fekk først beskjed om at planane for 2025 kunne ligge fast, så at omstilling må skje raskt og at nesten halve tilskotet blir borte neste år. Byråd og teater er ikkje ein gong einige om kva som er fakta. Kulturbyråden viser til at teateret vil ta ein for stor del av kulturbudsjettet. Teateret peikar på at den delen berre er på 7%. Frå Rådhuset blir det sagt at dei heller vil bruke pengar på å få fram nye stemmer. Oslo Nye spør om korleis kommunen skal gjere det betre enn teateret, som samarbeider med seks mindre teaterkompani, gir jobb til 300 frilansarar og har 50 aktørar innom Teaterkjeller’n i løpet av eit år. Det er sjølvsagt Oslo kommunes rett å bestemme kor mykje pengar ein vil gi til Oslo Nye Teater. Og så lenge teateret er eigd av kommunen aleine, kan byråden like sjølvsagt halde generalforsamling og utpeike styret. Men den brå måten det skjedde på i førre veke, må ein i alle fall gå ut av landet for å finne tilsvarande døme på.

Fridom under press

Det europeiske bildet har til samanlikning vore slik: Liberale demokrati behandlar ikkje frie kunstinstitusjonar på denne måten.  Det er rett nok eit bilde som kan vere i endring. 24. september samla kunst- og kulturorganisasjonar seg i Brussel for å be EU-kommisjon og Europaparlamentet om å gjere meir for sikre kunstnarisk fridom og hindre politisk overstyring. Situasjonen ved Oslo Nye Teater blei eitt av eksempla på ei alarmerande utvikling. For sjølv om løyvingar til scenekunst er reduserte i mange europeiske land, vil ein finne få eksempel på at løyvinga er nær halvert frå det eine året til det andre. Det er eit verkemiddel som - saman med sparking av styre eller teatersjefar direkte - er brukt i regime Venstre og Høgre absolutt ikkje vil samanlikne seg med: Det har akkurat skjedd i Slovakia, der kulturministeren i ein fei i august fjerna leiarane for nasjonalteateret og nasjonalgalleriet. I Italia har høgrepopulisten Giorigia Meloni sett inn sine eigne i leiinga for viktige kulturinstitusjonar. Det har vore mange tilfelle av det i Victor Orbans Ungarn og Polen i tida Partiet for sanning og rettferd hadde makta. Og nett no i tyske delstatar opptrer eit veksande Alternative für Deutschland stadig meir truande mot teater - inntil vidare utan å samle fleirtal for å straffe ytringar som byr dei i mot. Skremmebilde fjernt frå norsk idyll? Vel, det er knapt seks år sidan ein justisminister (FrP) framsette ein eksplisitt trussel mot eit Oslo-teater («Black Box Teater lever av offentlig støtte. Uten denne støtten ville teateret vært økonomisk konkurs. Moralsk konkurs er teateret allerede.» (Aftp. 17.12.18)). Samtidig foreslo eit bystyremedlem frå same parti å kutte støtta.

Europas fremste kulturby?

Byrådet har ein fin ambisjon om at Oslo skal vere ein av Europas fremste kulturbyar. Ut frå Venstre og Høgre sine tradisjonar ville vi då forvente ein politikk som legg til rette for mangfald, som sprer makt og som i god liberal ånd har tru på at denne kulturbyen berre kan bli skapt av mange, slett ikkje kontrollert fram av få. Eit klokt bystyre bør sette Oslo Nye Teater i stand til å utvikle seg vidare - og sjølv velje retninga for det. Det er eit legitimt krav å stille at økonomien må kome i balanse igjen, men ikkje at teateret skal bli eit barneteater eller legge ned bestemte scener. Det må det vere opp til teatersjef, direktør og styre å finne ut av. Kravet om armlengdes avstand, som snart også blir lovfesta, gjeld også i forholdet mellom kommunen og teateret. Det høyrer med til forklaringa av vanskane på Oslo Nye at teateret ikkje har fått kompensasjon for lønns- og prisvekst i store delar av perioden frå kommunen overtok fullt eigarskap i 1999. Imponerande nok har teateret klart å tilpasse drifta til dette inntektstapet som truleg dreier seg om 30 millionar kroner eller meir. Med Runar Hodne som teatersjef har Oslo Nye Teater nokså nyleg fått ein av scenekunstens aller beste i leiinga. Om ikkje byrådet vil, må bystyret gi teateret tid og rammer til å finne balanse og kunne gi sitt bidrag til å skape ein av Europas fremste kulturbyar. Men det krev også at Oslo-folk skjønar at det er no dei må slå ring om Oslo Nye Teater. Skjer ikkje det, må nok vi landsens teaterinteresserte igjen kome trekkande med spørsmålet dei mislikar mest av alle: Kvifor er Oslo-folk så dumme?

Hans Antonsen var direktør på Det Norske Teatret fra 2020-24 og tidlegare adm.dir. ved Kilden teater og konserthus, statssekretær og generalsekretær i Venstre. Han er i dag kultursjef i Arendal.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, PAHN, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no