S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Terje Lyngstad – 20. februar 2012

Kunsten i kulturpolitikkens klamme klemme

Terje Lyngstad er teatersjef ved Sogn og Fjordane Teater.


Publisert
20. februar 2012
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Debatt

Denne teksten ble opprinnelig publisert i Nationen den 17.02.2012.


Del artikkel
https://scenekunst.no/artikler/kunsten-i-kulturpolitikkens-klamme-klemme
Facebook

– Vi bruker skattepengar til kunst, kjære politikarar, nettopp difor må de halde fingrane langt unna fatet!

Då eg byrja som teatersjef i 2004 var det opplese og vedteke at teatersjefen bestemte repertoaret. Verken styret, eigarane eller den største tilskotsytaren, Staten, kunne blande seg opp i det. Det såkalla armlengds-avstand-prinsippet gjaldt. Eg har ikkje på noko tidspunkt fått opplyst at det er avskaffa, men vilkåra for teatra er endra dei siste åra, på eit vis som fortel meg at prinsippet står for fall.

Sjølv om teatra har mange paragrafar i vedtektene sine, og mange fine visjonar og mål for drifta, må dei først og fremst styre etter tilskotsbrevet frå Kulturdepartementet. Før 2009 stod det ikkje noko spesifikt der om kva teatra skulle produsere. Det einaste som stod der var generelle vendingar om tilgang for flest muleg til teater av høg kunstnarisk kvalitet, kunstnarisk fornying og utvikling, best muleg utnytting av ressursane og målretting av verksemda.

I 2009 skjedde det ei endring. Kulturelt mangfald vart teke med som eit hovudmål, utan at det vart sagt tydeleg kva teatra skulle fylle omgrepet med. I tillegg vart det peika på at Kulturminneåret 2009 kunne gi institusjonen profilering og aktivitet. For første gong, så langt eg kan sjå, vart eit spesifikt ”markeringsår” nemnt.

Seinare har det balla på seg med markeringsår, med endå sterkare føringar for kva teatra bør gjere. I årets brev står det rett ut at det blir forventa at vi ”…set i gang arbeid med å planleggja prosjekt og arrangement i samband med [grunnlovs]jubileet.” Vidare står det at ”…kultursektoren bør delta i feiringa av stemmerettsjubileet 1913-2013.”.

Det er vanskeleg å forstå kva som ligg i desse føringane. Er det nokon i departementet som er redde for at desse jubilea blir gløymde om ikkje teatra markerer dei? Kvifor er det nett desse markeringane som blir trekte fram? Kvifor ikkje Ibsenåret 2006, Polfararåret 2011 eller Språkåret 2013? Det er dessutan uklart kva teatra risikerer om dei ikkje gjer det departementet forventar her. Vil dei bli straffa økonomisk?

Svara på desse spørsmåla har hittil vore vage, som politisk rådgjevar, Kjersti Stenseng, sitt svar på scenekunst.no tidlegare i år: ”Dersom en institusjon ikke kan innfri forutsetninger i tilskuddsbrevet, forventer departementet at dette begrunnes. Når det gjelder størrelsen på tilskudd i fremtidige budsjetter kan vi ikke kommentere dette, det blir del av den ordinære budsjettbehandlinga.”

Det er mykje bra med sosialdemokratiet, eg har sjølv min politiske ståstad der. Det er fordi eg meiner fordeling og solidaritet er fint når vi snakkar om skule, helse, veg og andre gode som tilhøyrer fellesskapen, men kunsten kan ikkje omfattast av ein slik idé, og her skil eg tydelegvis lag med mine politiske vener.

Kunsten tilhøyrer ingen, han er fri og skal ikkje tene ein oppdragsgivars bestemte politiske mål, som t.d. integrering, mangfald, toleranse og solidaritet. Kunsten skal ikkje skape god helse og nye arbeidsplassar. Kunsten skal ikkje vere pedagogisk. Om kunsten får desse følgjene, at mangfaldet blomstrar, at toleransen blir større, at helsa blir betre og at vi lærer meir, det er ei heilt anna sak. Men det kan aldri vere målet.

Det sterkaste argumentet eg møter for at det skal leggast konkrete mål på kunsten, nærmast for å legitimere den, er at vi bruker skattepengane til å lage kunst. Det er eit underleg argument, som om det skulle gi styresmaktene rett til å instruere kunstinstitusjonane.

Det burde jo vere stikk motsatt: Vi bruker skattepengar til kunst, kjære politikarar, nettopp difor må de halde fingrane langt unna fatet!


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, PAHN, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no