Kulturdepartementet. Foto: Ilja Hendel/KUD
Kulturbudsjettet aukar med 1,2 milliardar kroner
Då statsbudsjettet blei lagt fram i dag var det med ein auke av kulturbudsjettet på om lag 1,2 milliardar kroner frå 2025. Det skriv Kulturdepartementet i ei pressemelding.
– Frie ytringar og eit levande kunst- og kulturliv er verdiar regjeringa set svært høgt. Trygg økonomisk styring krev at vi prioriterer - og vi vel å auke kulturbudsjettet også for neste år, seier kultur og likestillingsminister Lubna Jaffery.
Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery seier budsjettet er ein god refleksjon av tida vi lev i.
– I ei utrygg tid treng vi meir kunst og kultur. Medan vi i mange andre land ser autoritære krefter på frammarsj, meiner vi det er viktigare enn nokon gong å legge til rette for eit ope ordskifte, kunstnarisk friheit, frivilligheit og inkluderande fellesskap både i kulturen og idretten, seier kultur- og likestillingsministeren.
Regjeringas forslag til kulturbudsjett i 2026 inneber ein auke for ei rekke felt. Dans, musikk- og scenekunstinstitusjonar, museum, frivilligheit, ytringsfridom og utvikling av KI er nokre av felta regjeringa har valt å prioritere.
Tiltak mot desinformasjon
Regjeringa foreslår 37,5 millionar kronar til tiltak som skal bidra til å styrke vår motstandskraft mot desinformasjon.
– Dette meiner eg er noko av det viktigaste vi driv med. Vi som regjering skal gjere det vi kan for å sørge for at ytringsfridomen framleis har gode kår i landet vårt. Vi ønskjer eit samfunn med ei sterk og uavhengig presse og eit folk som også i framtida har eit medvite forhold til kvar dei hentar kunnskapen sin frå, seier kultur- og likestillingsministeren.
Tiltaka skal bidra til meir kunnskap, meir forsking, meir undersøkande journalistikk og betre oppfølging av sosiale medium.
Regjeringa styrker også satsinga på kunstig intelligens og foreslår å løyve 45 millionar kroner for ein vederlagsavtale som gjer at Nasjonalbiblioteket kan bruke aviser i trening av norske og samiske språkmodellar.
– Med dette legg vi til rette for at journalistar og mediebedrifter kan få betalt for at språkmodellar vert trena på deira materiale. Noreg blir først ut i verda med ein slik avtale. Dette gjer vi fordi vi meiner det er svært viktig å ivareta opphavsretten i utviklinga av KI, seier Jaffery.
Regjeringa held fram sin innsats for eit likestilt samfunn. Blant anna foreslår regjeringa ei styrking av arbeidet med likestilling i kommunane, ei vidareføring av tilskotet til rollemodellprosjektet «Gutar og helsefag», og varslar samstundes ei utgreiing av organiseringa, ansvarsfordelinga og verkemidla til sentrale aktørar på likestillingsfeltet.
– Vi har høge ambisjonar for auka likestilling og mindre diskriminering og vil sikre eit så effektivt likestillingsapparat som mogleg, seier kultur- og likestillingsministeren.
Dans, museum, kulturbygg, musikk- og scenekunst
Regjeringa prioriterer å styrke den regionale infrastrukturen for utvikling og visning av profesjonell dans med 10 millionar kroner.
Pengane går til fleire regionale kompetansesenter, PRODA profesjonell dansetrening og Danseinformasjonen.
– Norsk dansekunst held eit høgt nivå og haustar lovord både heime og internasjonalt. Eg har tidlegare varsla at vi vil løfte det frie feltet og no startar vi med dansen. Dette er ei løyving som eg veit betyr mykje for aktørane, seier Jaffery.
Regjeringa foreslår også ein auke til musikk- og scenekunstinstitusjonane på til saman 28,8 millionar kroner for 2026.
Til saman vert det sett av om lag 3,5 milliardar kroner til musikk- og scenekunstinstitusjonane neste år.
Regjeringa foreslår også å styrke musea.
18 millionar kroner går til auka driftstilskot til ei rekke museum i heile landet. Regjeringa foreslår vidare å løyve til saman 85 millionar kroner til fire nye prosjekt som har søkt om tilskot frå ordninga Nasjonale kulturbygg, og ei auka løyving til Jødisk museum i Oslo på 7,2 millionar kroner for kjøp og attføring av synagogen i Calmeyers gate.