S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Frøydis Århus – 21. november 2019

Kosteleg kostymedrama

Foto: Øyvind Eide. Scenograf: Dagny Drage Kleiva. Kostymedesigner: Anette Werenskiold. Lysdesigner: Martin Myrvold


Publisert
21. november 2019
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Kritikk Teater

Forelska i Shakespeare,

Nationaltheatret, premiere 15. november 2019

Regi: Cecilie Mosli Basert på filmmanuset av: Marc Norman og Tom Stoppard Musikk: Paddy Cunneen Scenograf: Dagny Drage Kleiva Kostymedesigner: Anette Werenskiold Lysdesigner: Martin Myrvold Musikalsk ansvarleg: Per Christian Revholt Koreograf: Kristian Støvind Kampinstruktør: Philip d’Orléans Maskør: Hege Ramstad Dramaturg: Njål Helge Mjøs

Musikarar/vokal: Kaja Fjeldberg Pettersen, Henriette Hvidsten Eilertsen, Elisabeth Mørland Nesset, Karolin Broosch, Lise Sørensen Voldsdal, Isa Caroline Holmestrand, Daniel Sæther.

Skodespelarar: Jan Gunnar Røise, Ine Marie Wilmann, Assad Siddique, Øystein Røger, Bernhard Arnø, Heidi Goldmann, John Emil Jørgensrud, Per Frisch, Jan Sælid, Nils Golberg Mulvik, Kim S. Falck-Jørgensen, Tone Mostraum, Oddgeir Thune, Mathias Luppichini, Daniel Sæther, Jonas Strand Gravli, Anders Mordal, Per Christian Ellefsen, Espen Mauno, Iver Innset, Helene Naustdal Bergsholm.

Meldt 15. november 2019


Del artikkel
https://scenekunst.no/artikler/kosteleg-kostymedrama
Facebook

For dei anglofile med kjærleik til teatret er Forelska i Shakespeare ei gåvepakke, men regien og ensemblespelet kunne vore strammare.

Det vesle vi veit om William Shakespeare får plass på eit halvt A4-ark. Alt som nokon gong er skrive, ville fylt fleire bibliotek. Kløfta mellom det vi veit og det vi ynskjer å vite om verdas viktigaste litterat gjev eit enormt rom til spekulasjonar, konspirasjonar, kvalifisert gissing og rein fantasi. I tillegg kjem den akademiske paradegreina som går ut på å lese forfattaren sitt verkelege liv inn i det forfattaren skriv.

Teaterframsyninga Forelska i Shakespeare gjer eit uhøgtidleg og leikent forsøk på å komme under huda på William Shakespeare ved å parallellføre ei kjærleikhistorie med Shakespeare sitt verkelege liv, kvardagen i det elisabethanske teateret og utforminga av verdas kanskje mest kjende teatertekst, Romeo og Julie. Forelska i Shakespeare tek utgangspunkt i filmen Shakespeare in Love av John Madden frå 1998, som igjen er inspirert av skodespelet Shakespeare Amoreux frå 1805 av den franske dramatikaren Alexandre Duval. Filmen sopte med seg fleire Oscar-statuettar då den kom ut, og dei med kommersiell teft for teater forstod godt kva potensiale som låg i ein sceneversjon basert på filmen. I 2014 gjekk Disney Theater Productions inn på produsentsida og realiserte prosjektet. Sjølve adapsjonen, frå film til teater vart gjort av dramatiker Lee Hall som også skreiv filmen og musikalen Billy Elliott.

Livet på The Rose Hovudscena på Nationaltheatret syner oss livet ved teaterhuset The Rose i 1593. Den framleis ukjende William Shakespeare (Jan Gunnar Røise) klarar ikkje å levere tekstane i tide. Han er uinspirert, manglar gode skodespelarar og slit med skrivesperre. Brått kjem den vakre Viola de Lesseps (Ine Marie Willmann) inn i livet hans. Framtida hennar er alt staka ut, ho skal giftast bort til den opportunistiske og nokså usjarmerande lord Wessex, spelt av John Emil Jørgensrud. Trøysta si finn ho gjennom dramatikken og poesien i teateret, og mest av alt ynskjer ho å kunne stå på scenen sjølv. Dette er umogeleg av to årsaker, ho er kvinne, og ho tilhøyrer overklassen. William og Viola møter kvarandre på eit ball, og slik oppstår søte sonetter. Parallellt med dette infiltrerer Viola teateret i forkledning som mann for å prøvespele for rollen som Romeo i eit halvskrive, nytt skodespel av diktarspiren William Shakespeare. Det er duka for forvikllingar og komedie ispedd historisk materiale.

Dei vanskelege fiksjonslsga Det store skodespelarensemblet til regissør Cecilie Mosli underheld eit svært mottakeleg publikum. Jan Gunnar Røise gjer ein sjarmerande figur som Will, og er gitt mykje rom til å spele ut det komiske talentet sitt. Ine Marie Willmann held energien oppe, og er god både som Viola og Viola i forkledning som mann. Assad Siddique speler diktarkollega Christopher Marlowe, og Per Christian Ellefsen og Kim S. Falck Jørgensen er gode som famlande amatørskodespelarar på det lokale teateret. Bukserollene som kvinne vert spelt av Iver Innset. Det er mange fine og underhaldande detaljar, men somme stader er det som om «spelet i spelet» smittar over i gestaltningen av rollene ensemblet er sett til å gjere. Eg trur dette kan skuldast fiksjonslaga i teksten. Den romantiske komediesjangeren legg i utgangspunktet opp til ein lett tilgjengeleg daglegtale, men ettersom forteljinga handlar om ein poet, inneheld somme av dialogane romantiske og høgtsvevande formuleringar frå hans dikting. Dei ulike fiksjonslaga i tekst og i spel gjer dette til ei stor utfordring. Særleg for Røise og Willmann som skal sjarmere publikum og bære hovudtyngda av stykket, men også for regissør Cecilie Mosli som skal fargelegge handlinga gjennom regien. Eg saknar tydelegare val i regi, for litt for ofte verkar det som om ensemblet berre gjer og seier det som står i manus. Her kunne Mosli teke seg meir til rette og lagt sterkare føringar, for å unngå at historien vert for føreseieleg. Men det er unntak, det beste dømet på ei vellukka tolking er Tone Mostraum som Dronning Elisabeth den fyrste. Ikkje berre kler ho rollen svært godt, men ho gjer den i tillegg til sin, tilfører risiko og klarar slik å fri seg frå dette litt føreseielege som pregar sjangeren.

Krut i kostymeavdelinga I den korte, men påkosta ball-scena der Will og Viola møter kvarandre, vert vi vitne til ein motevisning som manglar sidestykke. I katalogteksten står det at det har gått med ein kilometer med stoff til alle kostymane, og dette ser vi. Menn i kjolar med korsett, polstring på høftene, pipekragar, kniplingar, brokade og ståkragar, sylvspente sko og perler så langt auga kan sjå vandrar opp ein tenkt catwalk. Dette er berre eitt av mange kostymesett, for i tillegg kjem dei flotte draktene skodespelarane vanlegvis er kledd i, samt Viola og ikkje minst dronning Elisabeth sine skift. Dette er ein fest for den drakt-interesserte.

I 1593 hadde London omlag 150 000-200 000 innbyggjarar. Det hadde nettopp vore eit stort pestutbrot og ein stor del av folket levde i slum. Den sosiale nauden var stor, og det var også trongen til å drøyme seg bort frå den. Teateret var den einaste store underhaldningsarenaen som massane hadde tilgang til, og det var god forretning. Minimale utgifter på produksjonssida og stor publikumskapasitet gjorde det svært billeg å gå på teater på Shakespeare si tid. Folk frå lågare middelklasse hadde råd til dei rimelegaste ståplassene rett framfor scena. Frå denne plasseringa kunne dei kjøpe mat og drikke under framsyninga og fekk sjå skodespelarar i fargerike klesdrakter spele patosfylte historier om krig og kjærleik. Kostymane var ein svært viktig del av det elisabethanske teateret. Det fans ikkje anna lyssetting enn det dagens vær kunne by på, og det var svært avgrensa kva spesialeffektar ein kunne imponere med. Scenografien var ofte standardelement som vart nytta igjen og igjen i samtlege produksjonar. Difor var kostymane stort sett den einaste wow-faktoren ein kunne skilte med. Hadde ein i tillegg eit levande dyr ein kunne hive inn på scenen og inkludere i spelet, vart også dette godt motteke. Kostymane var ofte avlagte klede som høgtståande folk hadde gått lei, og donert til teaterbruk. Såleis er det ikkje berre historisk korrekt, men også svært passande at Anette Werenskiold har sett inn mykje krut på utforminga av nettopp kostymane. Musikken er også med på å løfte denne teateropplevinga. Daniel Sæther si vakre kontratenor-stemme er både virtuos og vakker og losar oss inn i tidsånda.

For oss anglofile med kjærleik til teateret og sans for kostyme er dette ei gåvepakke. Eg håpar og trur at regissør og ensemble vil slå seg meir laus ut i speleperioden, og at denne framsyninga berre kan bli betre.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, PAHN, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no