Roy Jacobsen sine bøker om folket på Barrøy har vorte opera ved Nordland Musikkfestuke. Bokserien om folket på Barrøy, ei fiktiv øy på Helgelandskysten, har gjeve tallause lesarar eit innblikk i både det harde kystlivet på starten av 1900-talet, eit mikroperspektiv på tida like etter andre verdskrig og kva krigen gjorde med småkårsfolket. Ikkje minst er serien ein grundig karakterstudie av hovudfiguren Ingrid Barrøy. Ho er sterk, omsutsfull, og snusfornuftig, men samtidig rotete, sint, hard og nesten nådelaus med dei kring seg.
Det er ei gripande historie Tindberg og Kverndokk har teke tak i, og det er eit ambisiøst prosjekt. Duoen, som vann Prix Italia for radiooperaen Bokken Lasson – sensibel suksess i 2000 og Edvard-prisen for operaen Den Fjerde Nattevakt i 2005, byrja arbeidet med å gjere opera av Barrøy-serien i 2020, og resultatet er ein einaktsopera inndelt i ni mindre scener.
Konsertant fremføring
Ved urframføringa vart operaen sett opp i konsertant-format – altså meir eller mindre utan scenografi. Scenen er tom og svart, utan kulisser forutan ein stol til kvar av songarane, og det einaste utprega visuelle elementet er ein projeksjon bak songarane. Projektoren viser framheva utdrag frå teksten, årstal den aktuelle scenen er sett i og stemningsfulle bilete. Det er ekstremt enkelt, men for det det er, så fungerer det heilt ok. Arktisk Filharmoni er plassert ute av syne i orkestergrava under scenen. Den største endringa i scenebiletet skjer ved at nokre av karakterane reiser seg og går fram eller bak på scenen i sine respektive scener. Med 14 songarar på scenen samtidig kunne dette lett vorte rotete eller uoversiktleg, men dei held det ryddig, og projeksjonen sørger for akkurat nok visuell interesse på scenen til å unngå keisamheit.
Mykje av handlinga i operaen vert fortalt direkte til publikum som snakka eksposisjon, og etter kvart blir dette rett og slett ganske kjedeleg. Eksposisjonen tek etter kvart futten ut av forteljinga, når nokre av dei mest dramatiske hendingane i operaen berre eksisterer som ein monolog frå ein av songarane. Til dømes vert det i scenen kor Ingrid finn Alexander på loftet i ei av bryggene på Barrøy, skildra korleis ho vert redd, svimmel og kastar opp, men mangelen på dramatisk verkeleggjering tek vekk nesten all slagkrafta i scenen. Det vert for mykje «tell» og ikkje nok «show».
Tindberg seier før førestillinga at han håpar på å kunne setje opp «Ingrid fra Barrøy» som ein full scenisk produksjon ved eit seinare høve, og eg må seie meg einig med han. Dramaet blir mangelfullt med eit så spartansk scenebilete, og eg skulle gjerne ynskt meg å sjå denne operaen sett opp med større bravur og større budsjett.
Bølgesus i musikken
Det musikalske materialet i operaen er gjennomgåande godt. Musikken til Kverndokk er i hans nokså kjende nyromantiske, smått filmmusikkaktige stil, og orkestersatsen ligg som eit teppe av havbrus bak handlinga på scenen. Somme gonger ligg stilleståande strykarakkordar som havblikk utover mot horisonten om våren, andre gonger kverner han som gråsvarte bølger som hamrar mot ei karrig strand i ein hauststorm. Eg høyrer ein slags nyimpresjonistisk gjenklang av Debussy sitt La Mér, og likar det godt. Musikken er kraftfull, og bidreg til å gjere havet til ein konstant som underbygger heile handlinga. Dirigent Magnus Lodgaard og Arktisk Filharmoni har eit solid grep om musikken. Intonasjonen i orkesteret er ikkje heilt på plass i opningstaktene av operaen, men så snart dei får spelt seg ordentleg varme er orkesteret heilt upåklageleg.
Songarane får altså ikkje utfalda seg noko særleg skodespelarmessig i denne oppsetjinga, men songteknisk held dei eit godt nivå. Spesielt Birgitte Christensen briljerer til tross for ein ganske liten rolle som Barbro, med ein gjennomgåande robust klang og solid kontroll gjennom heile registeret. Mathilde Salmi Marjavara er også god, med eit særs godt toppregister, men ho mistar litt futten i midten, og forsvinn somme gongar litt bak orkesteret. Mikkel Skorpen slit også ofte med å nå over musikarane, til tross for at han har ein fin og velforma klang – der han kan høyrest.
For kompakt historie
Handlinga i operaen er ikkje ei direkte omsetjing av handlinga i alle fire bøkene, men ei grov oppsummering av dei viktigaste hendingane, fortald som ei asynkron historie Ingrid fortel til sine to born, Kaja og Mathias i 1959. Ho hoppar fram og tilbake mellom Ingrid sin dåp i 1919, kjærleiksforholdet hennar til den russiske krigsfangen Alexander Nizhnikov i okkupasjonstida, reisa hennar for å forsøke å finne han att i 1946, og fleire andre hendingar fram til 1959. Dette kunne lett ha vorte rotete – nokre scener finn faktisk stad i to forskjellege årstal samtidig – men takka vere årstala projisert bak songarane står det fram som fint oversiktleg.
Det største problemet operaen har, kjem som følgje av forsøket på å koke ned ein bokserie det tek omlag 26 timar å lese til ei omlag ein time og tre kvarter land førestilling. Resultatet er at handlinga i operaen vert for overflatisk til å vere ein overtydande representasjon av denne historia. Me får ikkje tid til å bli ordentleg kjend med karakterane, og dei får heller ikkje rom til å utvikle seg noko særleg. Det er eit hav av karakterar i operaen – totalt 29 ulike fordelt på 14 songarar, og nokre av dei er ikkje med i meir enn ein scene kvar – og sjølv for den som har sett seg godt inn i bøkene, er det vanskeleg å halde styr på kva relasjon alle karakterane har til kvarandre og kva rolle dei tener i historia.
Spesielt Ingrid lid under dette. I bøkene er ho ein ekstrem personlegdom, og ekstremheita hennar er noko av det som driv handlinga i dei tre siste bøkene framover. Dette manglar ho i operaen, eller i det minste vert det ikkje formidla på eit tilstrekkeleg vis. Resultatet er at handlinga vert famlande og retningslaus. Det er ein heilt fungerande representasjon av historia i bøkene, men har ein ikkje kunnskap om bakgrunnane og relasjonane til karakterane på førehand, vil ein i alt sannsyn slite med å halde følje med historia.
Eg sit att med inntrykket av ei ambisiøs førestilling som har bite av meir enn ho kan tyggje av sitt eige kjeldemateriale, og som trass i vakker musikk og gode songprestasjonar, ikkje blir heilt overtydande. Kombinasjonen av at førestillinga er såpass kort og mangelen på scenografi gjer at dette står fram som eit litt uferdig produkt.