S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Astrid Kvalbein – 22. januar 2019

Klaustrofobisk, kraftfull og vakker

Foto: Erik Berg. Scenografi og kostymer: Annemarie Woods.


Publisert
22. januar 2019
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Kritikk Musikk Opera

Billy Budd, av Benjamin Britten og Edward M. Forster/Eric Crozier, basert på en roman av Herman Melville

Den Norske Opera & Ballett, 18. januar 2019

Regi: Annilese Miskimmon Musikalsk ledelse: Mark Wigglesworth Scenografi og kostyme: Annemarie Woods Lysdesign: Paule Constable

Billy Budd: Jacques Imbrailo Edward F. Vere: Peter Hoare John Claggart: John Relyea Mr. Redburn: Aleksander Nohr Mr. Flint: Johannes Weisser Løytnant Ratcliffe: Jens-Erik Aasbø Dansker: Kristinn Sigmundsson Red Whiskers: Henrik Engelsviken Donald: Martin Hatlo Bosun: Øystein Skre Squeak: Marius Roth Christensen Andre styrmann: Andreas Skei Artur Jones: Mikkel Skorpen En novise: Petter Moen En utkikk: Thor Inge Falch Første styrmann: Szymon Kubiak Novisens venn: Ludvig Lindström Kapteinens tjener (talerolle): Aksel Rykvinn

Operakoret (utvidet) Barnekoret Det Norske Solistkor


Del artikkel
https://scenekunst.no/artikler/klaustrofobisk-kraftfull-og-vakker
Facebook

Det er trøkk i Billy Budd i operasjef Annilese Miskimmons ubåt-regi. Men musikken loddar djupare enn iscenesetjinga.

Med berre menn – 75 stykk – på scena i eit militært miljø, kunne ein frykte at Benjamin Brittens opera ville bli i overkant barsk, kanskje flat. I staden er den full av nyansar. Når kvinnene er utelatne, og dermed alle potensielle – og tradisjonelle – plot spunne ut av heterofil kjærleik, kjem nemleg andre typar spel og spenning inn. Eit stort register av mannsroller blir falda ut: unge gutar og sårbare matrosar, sveitte arbeidskarar og joviale bamsar i tillegg til, sjølvsagt, maktglade menn i uniform.

Britisk marine Billy Budd er ein klassikar i England, men spelast no i Noreg for første gong. Operaen er basert på Herman Melvilles roman Billy Budd, og har libretto av Edward M. Forster og Eric Crozier. Første versjon, i fire aktar, kom i 1951. I Bjørvika går versjonen frå 1964, korta ned til to aktar. Mens handlinga i boka er lagt til eit britisk krigsskip seint på 1700-talet, har Miskimmon lagt alt til ein ubåt frå rundt 1940, med referansar til ei for mange av oss gløymt hending: då den britiske marinen bomba franske fartøy, i ein fortvilt manøver mot Hitler.

Det vil seie: Det tar ei stund før ubåten dukkar opp. Frå starten ligg perspektivet hos kaptein Edward Vere – nydeleg tolka av tenor Peter Hoare – som gamal mann, mjukt akkompagnert av lys stryk. Stivt sitjande i eit stort scenerom, med blå tapet og skipsmaleri på veggane, ser han tilbake på det som skjedde på The Indomitable (den urokkelege), der han var øvstkommanderande då Billy Budd kom om bord. Rommet, som òg kan minne om et fotoalbum, blir snart invadert av det som skjedde den gongen. Sjøfolk strenar inn og ut, ei skipsbru blir skuven inn, dørene slår og luker opnar og lukkar seg i golvet. Det til dels brutale hierarkiske systemet om bord kjem effektivt fram, arbeidsfellesskapet er heftig, også i form av lyd: Når heile mannskoret og operaorkesteret set alle klutar til, er det nesten så vi grip etter øyreproppane på dei fremste radane.

Psykologisk drama I Billy Budd får regissør Miskimmon i det heile tatt vist fram musklane i operahuset ho er sjef for: frå ubåt-effektane utanfor til det imponerande fartøyet som snart fyller scena og dei topptrena musikarane framfor den. Solistlaget er sterkt, men det psykologiske dramaet spelar seg minst like mykje ut frå orkestergrava, under energisk leiing av Mark Wigglesworth. I Brittens partitur bryt mektige bølgjer mot kvarandre i mystisk organiske skifte, ubestemmeleg moderne og tilbakeskodane på same tid. Særleg rørande er det når klangane tynnast ut i kammermusikalske parti. Her slyngjer enkeltstemmene seg saman med kvarandre og songen, gjerne i smått sære kombinasjonar med saksofon og bassklarinett, horn eller strykarar med sordin. Det oppstår svakare augneblink i frasering, intonasjon og presisjon, men orkesteret fortener til fulle å bli gitt så mykje av merksemda som i Miskimmons regi og Annemarie Woods’ scenografi.

Rom opne for tolking For når det blå rommet sakte blir trekt bakover på scena i eit langt orkestermellomspel mens ubåten stig opp framfor oss og intensiteten i handlinga stig, er det ikkje berre vakkert – det er eit signal om at regien lyttar. Kanskje litt i meste laget, kan ein spørje seg, når ein skinande durakkord er perfekt synkronisert med ei dør som opnar seg mot solskinet ute, eller når matrosane klatrar opp stigar til ditto stigande rørsler i orkesteret. Tidvis er det også noko stivt poserande i måten songarane blir stilt opp på – og ikkje berre i sluttscena, der den yndlingen, den godhjarta Billy Budd blir sendt i døden, av ranke menn på rad.

Men desse litt vel «konsertante» grepa blir likevel for unntak å rekne i ei framstilling som er sterk, levande og fleirdimensjonal. Alle songarane gjer sjølvsagt sitt til dette – frå gutar og menn i koret på, under og på sidene av scena, til kokken (Kristinn Sigmundsson), novisen (Petter Moen) og offiserane (mellom dei Johannes Weisser, Jens-Erik Aasbø, Øystein Skre og Marius Roth Christensen) med den autoritære, men vaklande John Claggart i front, flott gestalta av John Relyea. Er det fordi han blir for fjetra av den vakre, sjarmerande og stammande Billy, at han må sende han i døden? Kva undertonar syng med her?

Utfordrande undertonar Benjamin Britten, som sjølv var homofil og levde i eit «offentleg hemmeleg» forhold til tenoren Peter Pears, blei ekspert på å verke i og for britiske borgarlege miljø – i eit land og ei tid der homofili var forbode, men hans liv på sitt vis blei akseptert (trass ei innkalling til Scotland Yard). Samtidig utfordra kunsten hans både klassesamfunnet og stereotype måtar å leve på som mann og menneske. I Billy Budd syng dette med, men utan å kome eksplisitt fram, verken i ord eller regi. Ambivalens og uro dirrar til det siste, òg i den lange arien når Billy sit forhutla i eit fangehol og skjønar at han skal dø. Baryton Jacques Imbrailo er noko nær perfekt for rolla. Smidig, frampå og kjenslevar syng og agerer han det foreldrelause barnet som er blitt ung vaksen, og i desperasjon ikkje ser anna råd enn å slå ned Claggart i forsvar mot dei falske skuldingane som er produsert.

Det er noko klaustrofobisk med samfunnet av menn som er stengt inne i ein ubåt, rastlaust ventande på å få slå til mot franske fartøy, overgitt til kvarandre. Men nettopp i denne ramma blir dramaet skikkeleg tett og fint. Å leggje operaen under vatn, i fjordkanten i Bjørvika, er ein himla god idé – av operasjefen som for første gong regisserer sjølv i Oslo. Så gå og sjå Billy Budd! Om det visuelle tidvis blir litt statisk, er det berre å lytte desto meir intenst til Benjamin Brittens djuptloddande, utfordrande og, mest av alt, vakre musikk.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, PAHN, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no