S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Redaksjonen – 4. september 2023

Kjersti Horn ny teatersjef på Det Norske Teatret


Publisert
4. september 2023
Sist endret
4. september 2023

Nyheter

Del artikkel
https://scenekunst.no/artikler/kjersti-horn-ny-teatersjef-pa-det-norske-teatret
Facebook

(Ingen innlegg)

Kjersti Horn. Foto: Magnus Skrede

Regissøren Kjersti Horn er tilsett som ny teatersjef på Det Norske Teatret. Det melder teatret i ei pressemelding.

I pressemeldinga skriv teatret at dei "har vakse til å bli ein av dei viktigaste scenekunstinstitusjonane i Norden. Kjersti Horn har sett markante kunstnarlege avtrykk i nordisk scenekunst. Dei siste åra har ho opplevd eventyrleg kunstnarleg suksess. Horn har synt seg som ein uredd regissør som med sine eksperimentelle og risikofylte prosjekt har nådd ut til eit stort publikum. På Det Norske Teatret er det særleg arbeida med maratonframsyninga om Kristin Lavransdotter og Edouard Louis' romanar som har vore synlege dei seinare tida."

Dei skriv også at Kjersti Horn tek over som ny teatersjef i eit åremål på fem år i 2025. Ho tar over etter Erik Ulfsby som har vore teatersjef sidan 2011. I meldinga legg teatret vekt på utfordringane for teatersektoren. Horn seier at det "er tøffe tider for teatera og meir enn nokon gong treng dei store institusjonane sterk kunstnarleg leiing, som maktar å forvalte samfunnsoppdraget og produksjonsmidla på ein måte som gjer teateret meir potent og opnar opp for enda fleire. Vi har ei stor oppgåve med å vinne publikums tillit tilbake etter pandemi og uår. Teateret må vere tydeleg på kva vi kan tilby som refleksjonsrom og samhandlingsarena i vanskelege tider. Teateret er eit ikkje-religiøst rom der vi kan treffe kvarandre og tenke over samtida vår, ikkje for å finne dei absolutte svara, men for å tvile, leite og være sårbare, le og gråte, saman."


Nyheter
Søkjarliste på stillinga som teatersjef på Det Norske Teatret

Stillinga som teatersjef ved Det Norske Teatret er ledig frå 2025. No er lista over søkjarar klar.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, PAHN, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no