S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Ingrid Saltvik Faanes – 2. oktober 2014

Jon Fosse på tyrkisk i Sunnfjord

Sonen av Jon Fosse. Kompani Deney Atölyesi. Teaterfestivalen i Fjaler 2014. Foto: Tuba Ardic


Publisert
2. oktober 2014
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Kritikk

Teaterfestivalen i Fjaler 2014 Sonen av Jon Fosse, omsett av Tuba Ardic

Regissør: Serkan Karabayir Skodespelarar: Tuncay Iyilikci, Sanem Sogukpinar, Gard Eitungjerde Høyvik, Serkan Karabayir Lyd/lys: Mehmet Ergun

Kompaniet Deney Atölyesi vart etablert i Istanbul i 2012 og sporar opp spesielle skodespel med ei samtidstolking.

www.teaterfestivalenifjaler.no


Del artikkel
https://scenekunst.no/artikler/jon-fosse-pa-tyrkisk-i-sunnfjord
Facebook

KRITIKK: – På mystisk vis får dei Jon Fosse til å fungere sjølv om det er på eit språk publikum ikkje forstår. Ingrid Saltvik Faanes har vore på Teaterfestivalen i Fjaler og sett Sonen på tyrkisk i ei norsk stove i Dale.

Huset til Tone Solheim i Dale i Sunnfjord er ein heilt vanleg norsk heim. På veggen heng bryllaupsbilete frå fleire generasjonar og klassebilete av det som mest sannsynleg er både barn og barnebarn. I sofaen ligg broderte pynteputer, og gamle arveklenodium står framme. Den brune lenestolen i skinn ser ut som han har vore med ei stund, og han kan sikkert brukast i fleire år til, ettersom han har fått nytt trekk.

Kjem heim Sidan Teaterfestivalen i Fjaler føregår i ei bygd der det verken er hotell eller teater, må alternative spelestadar finnast. Då Sonen av Jon Fosse skulle settast opp, fekk stova til Tone Solheim bli teatersal, med publikum sittande i sofaen i den eine delen av stova og aktørane i sofaen i den andre sida. Men det er ikkje huseigaren som er aktøren: Ho fungerer meir som vertskap, ho tilbyr oss å sette skoa våre på gangen når vi kjem inn, ho heng regnjakker til tørk i dusjen og finn plassar til oss i den stappfulle stova. Det går vel sju personar i hjørnesofaen? Sånn sett har Jon Fosse komme heim – bokstavleg talt, men òg i form og tematikk.

Det er det tyrkiske teaterkompaniet Deney Atölyesi som framfører Sonen på teaterfestivalen, dei består både av amatørar, profesjonelle og teatervitarar. I heimlandet har dei sidan 2012 spelt stykke både av Maeterlinck, Strindberg og Majakovskij, tekstar som alle tolkar samtida, og no var det Fosse sin tur.

Sidan fleire av medlemane i Deney Atölysei er knytta til Vestlandet, hadde dei så lyst til å komme og spele teater i vestlandsbygda Fjaer at dei reiste for eigne midlar, og når det ikkje var fleire spelestadar ledige, måtte det bli i ein privatheim. Og bra er det. For sjølv om Deney Atöleysi har ein spelestil som kan verke litt amatøraktig for oss som er vande med vestleg samtidsteater, er det sjeldan Jon Fosse sin tekst kjem så godt fram som i dette tilfellet – og det på tyrkisk!

Framand, men tilgjengeleg I Tuba Ardic si omsetting er enkelte nøkkelord behaldt på norsk, og det meste av dialogen på tyrkisk. Men det er ikkje noko tvil om at dette er Fosse. Ein kjennar att det knappe språket, dei repeterande setningane og marginale handlingane, og det fungerer utroleg godt, til trass for at iscenesettinga i seg sjølv ikkje er det mest profesjonelle på Teaterfestivalen i Fjaler. Det gjer ikkje noko at skodespelarprestasjonane ikkje er heilt på topp eller regien ikkje er tidenes mest banebrytande, når ein på mystisk vis får Jon Fosse til å fungere sjølv om det er på eit språk publikum ikkje forstår. Ein forstår kanskje ikkje så mykje meir av Jon Fosse sin dramatikk på originalspråk heller? I ein blackbox med minimal scenografi og minimal spelestil kan Fosse fort bli meir utilgjengeleg enn i ein naturalistisk setting som denne.

Her brukar skodespelarane rommet som om det var deira eiga stove. Mannen i huset sit i godstolen med kufta og les lokalavisa, medan frua i huset sit i sofaen og fiklar med strikketøyet, ho òg kledd i kufte og tøflar. Nøyaktig kva samtalen dreiar seg om er det ikkje lett å seie, men det er mørkt og svart. Antakeleg snakkar dei om sonen dei ikkje har sett på fleire år og naboen, og korleis han påstår at sonen har hamna i fengsel. Dei store vindauga i stova er perfekt plasserte, og dei brukast ofte til å sjå lengtande utover bygda på leiting etter sonen og speiding etter den slu naboen, medan dei igjen påpeiker at det er mørkt og svart.

Så kjem naboen strenande inn, i alt for store tresko. Han spanderer whisky, og frua i huset går på kjøkkenet og steller i stand kaffibrød. Det er tydeleg at dei er opprømte, for naboen snakkar om at sonen har vore i fengsel, noko ein som foreldre ikkje vil tru på.

Litt artig er det når den fortapte sonen endeleg kjem heim og på nostalgisk vis tar fram bilete frå hylla av ein bunadskledd familie. Men uttover det kunne denne heimen heilt sikkert vore slik i Tyrkia òg.

Knekk koden Kombinasjonen av scenerom og tematikk gjer dette til veldig tilgjengeleg materiale. For når eit gamalt ektepar har budd i det same huset sidan dei vart gift og har brukt opp samtaleemna for lenge sidan, er det naturleg at dei snakkar forbi kvarandre og gjentek det den andre seier, som at dei saknar sonen sin. Og at det er mørkt og svart.

Til trass for at denne framsyninga er ei av få som fell utanfor festival-temaet «skog», så høyrar den i like stor grad heime i Dale. Det er i nettopp slike heimar på bygda ein kan sjå for seg mangt eit foreldrepar som ser ut vindauget og lengtar etter sønene og døtrene som har reist til byen for å leve livet sitt, og det meste er viktigare enn korleis dei gamle heime har det. I stova til Tone Solheim har Deney Atölysei knekt Fosse-koden på mest naturlege vis.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, PAHN, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no