Janne Stang Dahl. Foto: Ilja Hendel
Janne Stang Dahl blir ny avdelingsdirektør for kunstnarisk produksjon og formidling i Kulturdirektoratet
I ei pressemelding i dag opplyser Kulturdirektoratet at Janne Stand Dahl er tilsatt som ny avdelingsdirektør for kunstnarisk produksjon og formidling.
I pressemeldinga seier Dahl at ho er veldig glad og takksam for tilliten og at ho går inn i rolla med stor entusiasme. "Samfunnet treng eit rikt kulturliv, og eg har djup respekt for Kulturdirektoratet og dei uavhengige organa sitt oppdrag. I ei uroleg tid er det viktigare enn nokon gong å verne om eit fritt og uavhengig kunst- og kulturliv. Saman med mange bra folk skal eg gjere mitt beste for det."
Dahl er utdanna samfunnsvitar. Ho har brei leiarerfaring frå statleg forvaltning og kultursektoren, mellom anna i Datatilsynet og Kulturdirektoratet (tidlegare Kulturrådet). Ho har også vært leiar for nasjonale kunstorganisasjonar. Ho seier også at ho ser fram til å jobbe for openheit og kvalitet i tilskotsforvaltninga.
– Kulturdirektoratet forvaltar store midlar og eit viktig kulturpolitisk ansvar, og det er bra at søkjelyset er retta mot oss. Den offentlege debatten om tilskotsforvaltning og rolla til kunsten er viktig, og eg vil gjere mitt beste for å synleggjere korleis vi jobbar og kva effekt vi skaper. Krava til forvaltninga er høge, og for å sikre tillit må vi levere openheit, effektivitet, likebehandling og kvalitet.
Dahl tiltrer stillinga etter nærare avtale.