Draum om våren. DNT 2016.
Ja, eg lo høgt
– Men eg er ikkje like glad for å blir meldt som ein del av framsyninga, skriv Det Norske Teatret sin sjefdramaturg til vår meldar Chris Erichsen.
Med ei viss undring las eg Scenekunst.no si melding av Draum om våren på Det Norske Teatret i helga som var. Chris Erichsen hadde vore der og sett på, og det visste eg jo sidan han sat attmed meg på tredje rad. Nett det gjer han eit ganske stort poeng av i meldinga si – eg lo for mykje, synest han. Han skildrar det slik: «Naboen min på rad tre, som tilfeldigvis sitter sentralt plassert i Det Norske Teatrets kunstneriske ledelse, holder på å gå i oppløsning. Han sitter sammenkrøket og ler så det surkler i brystet og renner fra øyne og nese.»
Ja, det er ei ganske god skildring av korleis eg hadde det mot slutten av framsyninga. Eg hadde ikkje sett det heile før, og slutten var ny for meg. Difor lo eg så mykje. Eg er glad for det. Det eg ikkje er like glad for, er å blir meldt som ein del av framsyninga. Nokon kunne lese formuleringa som om eg var der som ein slags klakør. Eg var der altså som publikum, i eige hus rettnok, men likevel.
Ja, eg lo meir enn eg vanlegvis gjer. Vanlegvis greier eg å legge band på meg. Men det greidde eg ikkje denne gongen. Det var herleg, synest eg, å le slik. Eg gapskrattar for sjeldan på teater. Og det var ikkje berre eg som lo, og dei andre som også lo, var ikkje tilsette ved Det Norske Teatret. Så er det sagt.
Eitt har eg lært. Eg skal eg freiste å få sitje ein annan plass enn attmed ein teatermeldar ein annan gong. Så slipp eg å bli meldt sjølv, og så kan eg le høgt viss eg synest det er grunn til det.
CARL MORTEN AMUNDSEN
Sjefdramaturg ved Det Norske Teatret