S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Redaksjonen – 23. mai 2024

Irene Halvorsen er tilsett som direktør ved Det Norske Teatret


Publisert
23. mai 2024
Sist endret
23. mai 2024

Nyheter Teater

Del artikkel
https://scenekunst.no/artikler/irene-halvorsen-er-tilsett-som-direktor-ved-det-norske-teatret
Facebook

Irene Halvorsen Foto: Benjamin Hernes Vogl/Nationen

Det Norske Teatret har i dag tilsett Irene Halvorsen som ny direktør. Det melder teatret i en pressemelding.

Irene Halvorsen har brei leiarerfaring frå mediebransjen. Frå 2016 til 2023 var ho sjefredaktør i Nationen og har tidlegare fungert seks år som samfunnsredaktør i Dagsavisen. Halvorsen har hatt det øvste ansvaret for økonomistyring, administrasjon og personalleiing i verksemder med stramme økonomiske rammer. Halvorsen har solid samfunnsforståing og politisk innsikt, som vil komme godt med i den nye rolla som direktør ved ein av landets største scenekunstinstitusjonar.

-Eg takkar for tilliten styret har vist meg, og gler meg stort til å jobbe for og med det viktigaste teateret i Noreg. Det Norske Teatret er fullt av dyktige tilsette, som driv ein motkulturell dynamo midt i hovudstaden. Hugs: Den friskaste laksen sym motstraums. I over 100 år har Det Norske Teatret levert store framsyningar til bygdefolk og byfolk. Men kampen om folk si tid og merksemd har hardna. Vi må jobbe saman for at fleire skal kjenne suget frå teatersalen og oppleve teateret som relevant i liva deira, seier den påtroppande direktøren. Halvorsen kjem opphaveleg frå Kløfta og har ikkje nynorsk som hovudmål, men gir klart uttrykk for at ho forstår språkoppdraget til Det Norske Teatret.

Irene Halvorsen tek over etter Hans Antonsen, som går til stillinga som kultursjef i Arendal kommune.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, PAHN, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no