Kostymedesign: Signe Becker. Foto: Alette Schei Rørvik.
Intensjonalitet i det fri
Skogsvariasjoner Reins kloster, Rosendal Teater 16. august 2026 kl. 15.00 (premiere 15. august)
Idé og konsept: Ingrid Becker og Ellen Lindquist Musikk: Ellen Lindquist Regi: Espen Kloumann Høiner Skulpturelle objekt og instrument: Ingrid Becker & Tovelise Røkken-Olsen Lyddesign: Tor Breivik Kostymedesign: Signe Becker Produsent: Ingeborg Husbyn Aarsand
Songarar: Trondheim Voices v/ Natali Abrahamsen Garner, Heidi Skjerve, Tone Åse, Thea Grant, Siri Gjære, Ingrid Lode og Marianna Sangita Røe
Perkusjon: Owen Weaver og Tor Haugerud
Skogsvariasjoner er ei særs vellykka oppvisning i korleis samtidsmusikk kan høyre heime ute blant skogens lydar.
Gamle legender skal ha det til at då Skule Bårdsson oppretta eit kloster på familiegarden Rein kring 1226, reiste dei som skulle verte dei 24 fyrste nonnene i klosteret frå Tyskland til Trøndelag med kvart sitt asketre, som dei så planta på garden. Gardsbygningane står endå på Rein, i Rissa utanfor Trondheim, men i dag er det berre ruiner att etter klosteret. Trea nonnene planta var starten på skogen som no ligg kring garden og klosterruinane. Det er skogen som dannar bakteppet og kulissane til konsertførestillinga Skogsvariasjoner, for song, perkusjon og naturlydar.
Bak produksjonen står den nederlandsk-amerikanske komponisten Ellen Lindquist og den svenske kunsthandverkaren Ingrid Becker, som begge har busett seg på Fosen i Trøndelag. Skogsvariasjoner kan sjåast på som ei vidareutvikling av duoen sitt tidlegare prosjekt Trehagen frå 2022, som er skrive for same besetning og også framført ved Reins kloster. Sjølv seier dei at verket handlar om «samspel mellom menneskekroppar, menneskeskapa lydar og objekt og den ibuande, naturlege symfonien til skogen».
Scenografisk landskap
Det sørgjelege vêret som har prega landsdelen i heile sommar held fram også denne dagen. Regnbyene slår periodisk over landskapet, og vinden susar i tretoppane kring oss, men for min del gjer det ingenting. Tvert imot, når eg fyrst er utomhus og skal sjå eit verk som dette, der naturen sitt vesen og alle lydane han lagar har ein så tydeleg plass, er det berre godt å kjenne på kroppen at ein faktisk er ute i elementa.
Regissør Espen Kloumann Høier gjev ein kort introduksjon på ein oppsamlingsplass, før han leier publikum i prosesjon inn i skogen. På vegen vert me gradvis omslutta av luktene og lydane frå skogen, før me kjem fram til konsertstaden: små trebenkar plassert i ein halvsirkel, vendt mot nokre små dammar. Stemninga er intim, me kan ikkje vere meir enn femti i publikum.
Perkusjonistane Tor Haugerud og Owen Weaver, plassert bak publikum, gjev ei spelande introduksjon på finurlege, spesiallaga perkusjonsinstrument. Ei samling metallstavar heng som ein vibrafon mellom to furuer, og begge musikarane har kvar si store samling av keramiske instrument framfor seg. Desse instrumenta er det keramikar Tovelise Olsen-Røkke som står bak, og medan publikum finn plassar og set seg, er me omringa av skarpe klakk-klakk-lydar og resonnerande tonar som minner om tibetanske syngjebollar.
Scenebiletet, om ein kan kalle det det, er av ein underleg karakter. Landskapet er ikkje iscenesett på noko merkbart vis. Anna enn fire tynne metallrør stukke loddrett ned i jorda på rekkje bakover i terrenget, finst der ikkje kulissar. Likevel er det tydeleg at det ligg intensjon bak valet av akkurat dette biletet: Me sit i eit lite søkk i landskapet, der små dammar bryt opp det grøne og frodige som elles fyller synsfeltet, og låge bakkar på begge sider av oss skapar ekstra djupn. Ein kan så vidt få auge på høgtalarane som har vorte hengt på trestammar kring oss.
Song frå trekronene
Eg vert sitjande og lytte ei stund på vinden, regnet og perkusjonistane før songarane gjev seg til kjenne. Kviskring breier seg ut frå høgtalarane i eitt med vinden, og regndropar fell på vibrafonen, som om naturen sjølv vil vere med og spele. Ennå er det ingen songarar å sjå. Små melodifragment byrjar å ta form i perkusjon og i dei kroppslause stemmane, og brått ser eg rørsle: Ein figur kledd i ei grøn kåpe av plast, med eit bur av fletta kvist på hovudet, har dukka opp frå bakom ein bakke. Så ein til, og endå ein – plutseleg har heile koret dukka opp, som frå ingenstad. Det oppstår ein trolsk atmosfære medan songarane, gjort stive og klossete av plastdraktene, bevegar seg i terrenget.
Musikken tek form. Han er uvanleg ven, prega av langsame rørsler i stemmene, der tonane lagvis flyt saman i spennande, varmt dissonerande klangar. Eg vert minna om både dei sakteflytande klanglandskapa til John Luther Adams, ein annan naturkomponist, og dei skarpe, ulideleg vakre dissonansane i balkansk og sentralasiatisk vokalmusikk. Stemmane vevast saman med dei abstrakte improvisasjonane til perkusjonistane, som skapar resonnerande toneskyar. Desse to elementa komplimenterer kvarandre på meisterleg vis, og når djupe basstonar plutseleg sig ut av høgtalarane som omkrinsar oss, er opplevinga komplett.
Komposisjonen til Lindquist er langsam og brukar lang tid på å utforske eitt klangbilete, før det neste inntreff. Mykje av musikken er prega av at heile eller delar av koret syng saman, kommentert av perkusjonistane, men det er ofte lange pausar mellom frasene, der skogen sine eigne lydar får fylle tomrommet. Slik vert naturen ein integral del av førestillinga. Somme gongar kastar vinden regndropar ned frå trekronene i heldig dramatisk timing, andre gongar er den eit fjernt sus i eit elles stille landskap.
Organisk og konstruert
Etter kvart ber songarane inn nokre av Becker sine skulpturar og set dei på metallstengene i terrenget, på ei rak linje i midten av scenebiletet. Dei er av ei blanding av metall og treverk, og i denne konteksten ber dei preg av å vere i kryssingspunktet mellom det organiske og det konstruerte. Dei tynne trekvistane er så finurleg samanfletta at ein skulle tru det berre var naturen som kunne gjere noko slikt, samtidig som det ligg ein umiskjenneleg menneskeleg intensjonalitet bak formene og materiala. På dette viset komplimenterer dei og byggjer oppunder stemninga på eit tiltalande vis.
Eg seier stemninga, for eg kan ikkje spore noko konkret handling. Songen er ofte ordlaus eller på eit språk eg korkje kan forstå eller kjenne igjen. Ein av dei mest minnerike augneblinkane for min del er likevel eit langstrakt parti med vekslande solosong mot slutten av verket. To songarar er meir eller mindre åleine i terrenget, og syng, om ikkje dei same, så i alle fall liknande strofer om kvarandre. Det er ikkje mogleg å tyde kva for ein relasjon det kan vere mellom desse to – om dei er mor og dotter, abbedisse og novise, eller same person på forskjellege tidspunkt – men eg tek meg sjølv i å verte gripen av dette lange, sparsame partiet og den stillferdige dramaturgien i møtet mellom desse to stemmane.
Slagkraftig likevekt
Lyddesignar og lydteknikar Tor Breivik skal ha mykje av æra for at dette fungerer så godt som det gjer. Eg har etter kvart vore på ein del konsertar med samtidsmusikk som handlar om og finn stad i naturen, og som regel har eg tenkt at musikken har vore i konflikt med det akustiske miljøet sitt. Songarar og instrument har drukna i eit ukontrollerbart lydmiljø, nyansane i musikken har forsvunne ut i ingenting, og som resultat har eg hatt mine tvil om det å ta musikken utandørs eigentleg har gjort opplevinga rikare. Men ved å skape eit semikontrollert lydrom der naturen framleis får ein nøkkelrolle, oppnår førestillinga ei likevekt mellom det menneskelege og det naturlege, som gjev produksjonen ei mykje større slagkraft enn det eg har opplevd hjå andre, liknande verk. Balansen i lydbiletet er også heilt ypparleg gjennom heile konserten, og lyden er krystallklår.
Resultatet er at Skogsvariasjoner står fram som eit særs vellykka prosjekt. Musikken er nyansert og innbydande, scenografien og kostymedesignet forsterkar balansen mellom det konstruerte og det organiske i verket, og lyddesignet set ei nydeleg sløyfe på det heile. Eg sit att med ei kjensle av å ha opplevd noko heilt spesielt. Produksjonen har eit tydeleg uttrykk og skyhøgt kvalitetsnivå på handverket. Denne førestillinga oppnår alt den har sett seg som mål, og meir til. Mest av alt kjenner eg på at ho formidlar sjølve kjensla av å vere i naturen, ikkje berre lydane av han. Dette er noko langt meir diffust og lite handgripeleg, men her er samspelet mellom mennesket og natur i full bløming.