S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Frøydis Århus – 11. november 2019

Grandios sjokoladefest

Foto: Erik Berg. Scenograf: Gjermund Andresen Kostymedesigner: Christina Lovery. Lysdesigner: Torkel Skjærven


Publisert
11. november 2019
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Kritikk Teater

Charlie og sjokoladefabrikken

Det Norske Teatret, premiere 9. november 2019

Basert på boka av Roald Dahl Manus av: David Greig Songtekstar av: Scott Wittman og Marc Shaiman Songar frå filmen av: Leslie Bricusse og Anthony Newley Originale orkestreringer: Doug Besterman Arrangement: Marc Shaiman Omsetjing: Runar Gudnason Regissør: Vidar Magnussen Scenograf: Gjermund Andresen Kostymedesignar: Christina Lovery Lysdesignar: Torkel Skjærven Koreograf: Belinda Braza Musikkansvarleg: Lars Bleiklie Devik Lyddesignar: Lars Hareide Swenson Videoanimasjon: Animaskin Dramaturg: Matilde Holdhus / Ingrid Weme Nilsen

Med: Fritjof Stensæth Josefsen, Ole Opsal Stavrum, Peter Andreas Hjellnes Moseng, Pål Christian Eggen, Geir Kvarme, Catharina Vu, Julie Støp Husby, Ellen Birgitte Winther, Kristoffer Olsen, Paul-Ottar Haga, Tiril Heide-Steen, Christian Ruud Kallum, Joakim Ousdal, Hans Magnus Hildershavn Rye, Ingrid Jørgensen Dragland, Hilde Olausson, Amanda Flornes Kamara, Ragnhild Meling Enoksen, Emil Rodrigo Jørgensen, Manish Sharma, Gina Bernhoft Gørvell, Gaute Adela Aastorp Cudjoe, Jonas Fuglevik Urstad, Unn Vibeke Hol, Paul Åge Johannessen, Øyvin Berven, Svein Roger Karlsen, Marius Noreger, Bjørn Widmark, Morten Bjørn-Hansen og Stene Evensen

Musikarar: Svenn Erik Kristoffersen, Knut Løchsen, Ståle Sletner, Jens Petter Antonsen, Lasse Rossing, Kristoffer Kompen, Lars Sutterud, Børge Are Halvorsen, Nils Jansen, Arild Stav, Bjarne Magnus Jensen, Silje Haugan, Katrine Pedersen, Kari Nesdal Sandnes, Christian Svensson, Mats Grønner, Kjetil Rostad, Marius Reksjø, Håkon Eivind Larsen, Phij Adams

Meld: 9. november 2019


Del artikkel
https://scenekunst.no/artikler/grandios-sjokoladefest
Facebook

På Det Norske Teatret har Charlie og sjokoladefabrikken blitt ein stor sjokoladefest, og dei klarar noko som mange andre teatre ikkje gjer: Å lage teater av ein klassikar for barn utan å stappe det fullt av moral.

Dei fleste kjenner historia om Charlie, fattigguten med gullbilletten til eit nytt og betre liv som fabrikkherre. Det Norske Teatret har kjøpt rettane til å laga ein norsk musikalversjon, og har med dette laga ei framsyning som vil bli ståande som eit glansdøme på godt barneteater.

Roald Dahl skreiv boka med originaltittelen Willy Wonka and the Chocolate Factory i 1964. Dette var hans tredje barnebok. Idéen sprang ut frå Roald Dahl sine tidlege barndomsminner som prøvesmakar ved Cadbury Sjokoladefabrikkar. Cadbury sende boksar med nye spanande sjokoladeprodukt til kostskulen han gjekk på, og lik ei tidleg fokusgruppe gav gutane tilbakemelding på kva produkt som var liv laga og kva som burde skrinleggast. Historia om Charlie vart ein kjempesuksess som seinare har vorte filmatisert to gongar, skriven om til libretto for opera og skriven om til musikal i West End i London og seinare på Broadway i New York.

Er Willy Wonka hakkande galen eller sprø på den sjarmerande måten? Då den fyrste filmatiseringa kom i 1971, gav Roald Dahl klart uttrykk for at han ikkje likte den sukkersøte måten dei hadde tolka Willy Wonka. Kanskje hadde han likt Tim Burton sin filmversjon frå 2005 betre. Johnny Depp tolkar Willy Wonka som ein kald og eksentrisk is-prins som har gløymt korleis ein samhandlar med verkelege menneske. Dette er ikkje heilt ulikt den tolkinga Fritjof Stensæth Josefsen gjer på Hovudscena i Vidar Magnussen sin regi. Det fyrste vi får sjå, er møtet mellom ein forkledd Willy Wonka og Charlie på kyrkjegarden. Ein mann i grå frakk, lausnase og briller hulkar stilisert. «U-hu-hu. Er det slik ein græt?» spør han før den hjartevarme Charlie (Peter Andreas Hjellnes Moseng) spør «Er det far din? Dette er far min», og nikkar mot ei av gravstøttene. Slik møtes dei to protagonistane, og vi får fyrste hint om at vi er på veg inn i eit Tim Burtonsk univers med en kald og skadd Willy Wonka.

I boka til Roald Dahl er han omtala som ein venleg eldre mann med skjegg. Han er liten og kvikk med ljos stemme, og minner mest om eit ekorn der han virrar omkring i fabrikken sin. Den generelle oppfatninga i byen er at Wonka har vorte urettvist behandla av omverda. Sjokoladefabrikken var ei hjørnesteinsbedrift for byen, men bukka under fordi andre fabrikkeigarar sende spionar for å stele oppskriftene hans. No har han isolert seg på den gjenopna fabrikken saman med ein gjeng mystiske framandarbeidarar som bur, søv og et på fabrikken.

Det er interessant at mange adapsjonar vel å skildre Wonka som ein kald og glattbarbert, nesten infantil narsissist, men det er klart dette fungerer på scenen. Særleg som motvekt til den empatiske og menneskelege Charlie og bestefaren Joe. 11 år gamle Peter Andreas Hjellnes Moseng gjer ei tolking av Charlie som får publikum til å tine opp og smelte frå fyrste takt. Smeltar, gjer også sjokoladebarane som ungane fekk i foajéen denne premierekvelden. Lukta av halvsmelta sjokolade som gjennom fyrste akt vert knuga i små barnenevar, breier seg på andre rad bak suffliboksen der eg sit. Denne odøren kunne ikkje gitt eit meir passande duft-kulisse når me no er på veg inn i sjokoladefabrikken.

Godt barneteater Song og dansenummera kjem tett, og det er lita tid til å få pressa inn regipeik signert Vidar Magnussen. Dette er synd, for publikum responderer godt på det som verkar fram-improvisert, spontant og utanfor dei stramme føringane som truleg er fastsett av opphavsretten. Dei andre «barna», til dømes Augustus Gloop godt spelt av Kristoffer Olsen, gjer maksimalt ut av tida på scenen og tilfører spontanitet og galskap. Men diverre, den absurde og uanstrengte litt trivielle humoren som har blitt Magnussen sitt varemerke vert det rett og slett for liten plass til.

Kostymane til Christina Lovery er i likskap med scenografien til Gjermund Andresen og lyset til Torkel Skjærven ei blanding av realisme og vill fantasi. Det er i denne kombinasjonen, at framsyninga har sin største styrke. Vi får sjå dei klassiske triksa frå målarsalen der ein ved å vri og vende på perspektiv får hus og horisont til å forsvinne inn i nullpunktet, samt meir moderne teatermagi som lét kostymar og scenografi transformerast, blåsas opp og gløde i mørkret.

Musikken sit som eit skot, og samtlege songarar leverer godt. I tillegg til Peter Andreas Hjellnes Moseng som Charlie vil eg trekkje fram Pål Christian Eggen som bestefar Joe, Catharina Vu (Veruca Salt) og Tiril Heide-Steen (Violet Bauregarde) samt Fritjof Stensæth Josefsen som Willy Wonka. Alle syng med perfekt Broadway-diksjon. Dessverre kjem ikkje alt til sin rett frå der eg sit fordi lydkvaliteten øydelegg og stel innhaldet i teksten.

Det Norske Teatret har med dette gjort noko få teaterhus klarar. Å ta i ein klassikar utan å endevende manus og stappe det fullt med klam moral. No er nok mykje bestemt av dei med rettane til oppsettinga. Og sjølv om dette løyver liten plass til pek frå registolen, er dette ei framsyning som vil bli ståande som ein milepæl innan teater for born – og oss vaksne med eit nostalgisk forhold til Roald Dahl sine bøker.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, PAHN, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no