S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Anders Olai Neerland Kruse – 5. oktober 2023

Fornøyeleg og rotete hjerneoperette

Lys: Jacob Arne Brønstad. Scenografi: Anne Spets/Lars Eggen. Kostymedesign: Anne Spets. Maskedesign: Maren Togstad. Foto: Kristian Wanvik.


Publisert
5. oktober 2023
Sist endret
5. oktober 2023
Tekst av

Kritikk Musikk Opera

Cella mi av Bertil Palmar Johansen og Marit Nicolaysen (libretto)

Olavshallen, Lille sal, 30. september 2023 (Premiere 27. september i Kimen kulturhus)

Dirigent: Eva Holm Foosnæs

Regissør: Marit Grytnes Dullaert

Scenograf: Anne Spets/Lars Eggen

Kostymedesignar: Anne Spets

Maskedesignar: Maren Togstad

Koreograf: Karianna Sommerro

Lyd: Roar Hareland Bustad

Lys: Jacob Arne Brønstad

Instruktørar Operaskolen:

Anne Kleivset (prosjektansvarleg), Oda Fredriksen, Sivert Jullumstrø, Karianna Sommerro

Kommandant A: Håvard Stensvold, bassbaryton

Kommandant B: Torstein Fosmo, tenor

Kommandant C: Siv Misund, mezzosopran

Mona Meg: Malin Meyer Birkeli (NTNU)

Glia Matadora: Kjersti Elisabeth Pettersen (NTNU)

Fra Operaskolen:

Punker Pål: Cathrin Jeanette Lillevold Grönning

Guri Gass: Mathilde Harnes

Bjarne Brems: Sander Halse Foosnæs

Ann Amor: Iris Mundal Tjørholm og Anna Eide

Signe Syn: Una Rygg Waasjø

Amygdalena: Ella Larsdatter Foosnæs Eggen

Hippocampus: Mia Strand Solberg og Oda Johanne Lyngstad Folvik

Grid Nobel: Ylva Kristin Teigseth-Grødal

Fartsceller: Liv og Frode Holen Fikseaunet

Tallamusceller: Olivia Selvåg Husby og Linnea Sorte Vollan

Fylkesmusikerne i Trøndelag


Del artikkel
https://scenekunst.no/artikler/fornoyeleg-og-rotete-hjerneoperette
Facebook

Cella Mi er underhaldande og informativ, men det er for vanskeleg å følgje handlinga. 

Cella Mi er eit samarbeid mellom Trondheim Kammermusikkfestival, Opera Trøndelag og Fylkesmusikerne i Trøndelag, meint for eit publikum frå ni år og oppover. Det er det tiande operatiske verket til komponist Bertil Palmar Johansen, ein veritabel bauta i Trondheims klassiske musikkmiljø. Librettoen er ved den same Marit Nicolaysen som står bak barnebøkene om Svein og rotta, og den er tydeleg inspirert av forskinga til May-Britt og Edvard Moser. Forskarparet fikk Nobelprisen i medisin i 2014 for å ha oppdaga ein ny type celler i hjernen – gitterceller – som spelar ein viktig rolle i navigasjon og stadsansen vår.

Kaoshandsaming

Handlinga i Cella Mi er nemleg sett inne i hjernen til ein ung gut og byrjar i den augeblinken han slår hól i hovudet i ei sparkesykkelulykke. Eit lite tablå framfor eit lukka sceneteppe set stemninga, og i ulykkesaugeblinken pangstartar musikarane bak teppet handlinga for alvor.

Me møter kommandantcellene A, B og C, som blir hovudfigurar i handlinga. Ulykka spreier hjernecellene til alle kantar, dei veit ikkje kor dei er, og mykje av handlinga går ut på at kommandantcellene forsøker å hjelpe dei tilbake til sine rettmessige stadar i hjernen. I tillegg må dei forhindre at kaoscella Guri Gass – som berre vil spreie kaos og ugagn og er det nærmaste me kjem ein antagonist – rotar til systemet.

Fleire celler prydar også scenen, som synscella Signe Syn, gliacella Glia Matadora – ansvarleg for å frakte energi til dei andre cellene, og ein heil skokk andre, spelt av både studentar ved NTNU Institutt for musikk og Opera Trøndelags Operaskole. Diverre resulterer dette i eit mylder av karakterar som aldri heilt blir utvikla nok til at eg får identifisert meg noko særleg med nokon av dei, som igjen gjer at heile handlinga kjennest rotete. Ofte er dei ikkje inne i meir enn ein scene eller to, og då kjennes det ut som at historieforteljinga har måtte vike for å få inn enda fleire hjernecellekarakterar, heller enn å utvikle dei som allereie er med.

Diffust narrativ

I tillegg er sjølve fortellinga ganske diffus, og det er ofte vanskeleg å vite kva karakterar me skal følgje med på og kva ting eigentleg leiar til. Eitt døme er ein nærmast bisarr dødsscene, kor ei namnlaus hjernecelle døyr og Fosmo fortel om kor mange hundre tusen dei allereie har mista i ulykka. Musikken veks seg høgare og høgare, songen blir meir og meir intens i ein ekstremt kjenslelada dødsmarsj – men når Fosmo har bore den avdøde av scenen, ropar han ut «det var det», og deretter går handlinga vidare som om ingenting har hendt. Dette kan jo virke som eit komisk poeng, men for min smak vart effekten meir avfeiande og kynisk enn humoristisk etter ein så dramatisk scene. Særleg når ein skriv for eit så ungt publikum, meiner eg det er ekstremt viktig å ha ein klar struktur i handlinga, kor dei ulike hendingane følgjer etter kvarandre på ein logisk måte. Dette skjer altså ikkje på ein overtydande måte her.

Eitt sentralt problem er at me i publikum ikkje får presentert kva faremomentet i historia eigentleg er. Livet til guten er jo, til dømes, faktisk utafor hjernecellene sin kontroll. Han blir sendt til eit sjukehus kor kirurgar som me i publikum aldri får sjå, byrjar å operere på han, og noko av det siste som hender i førestillinga er at cellene applauderer kirurgane sin suksess. Kor er spenninga i dette? På kva punkt er det me skal vere redd for at heltane våre tapar? Cellene må stadig jobbe saman gjennom utfordringar, som å få eit auge tilbake på rett stad i skallen, men det kjennest sjeldan som om noko står på spel.

Visuelt vellukka

Dei reint sceniske aspekta ved Cella Mi var mykje meir vellukka. Spesielt dei kreative og fargesprakande kostyma til Anne Spets gav strålande liv til både store og små aktørar. Kostyma ber mykje av scenebiletet, som elles er ganske statisk, og prega av ein stort stillas. Kontrasten mellom kostymer og kulissar fungerer godt for å trekke merksemda mot karakterane. Heile tida yrer det av liv på scenen. Både solistane og koret er til stades omtrent heile tida, som held scenebiletet levande, til tross for den statiske bakgrunnen. Jamvel gjer den konstante rørsla også at karakterane blir vanskelegare å skilje frå kvarandre.

Spretten musikk og gode songarar

Johansen sin musikk understrekjer og løftar handlinga med sin både spretne og småcheesy stil. Musikken er nokså typisk musikalmusikk, og liknar tidvis litt på filmmusikken til Flåklypa Grand Prix. I klassisk musikalstil er musikken skriven for eit høgst ukonvensjonelt ensemble: obo, klaver, cello, trombone, to trompetar, klarinett, tuba og perkusjon, alle meisterleg traktert av musikarar frå Fylkesmusikerne og stødig leia av dirigentstjerneskotet Eva Holm Foosnæs. Musikken er godt skriven for instrumenta, og det er tydeleg at Johansen har full kontroll på både klangen i ensemblet og på stilen han går for.

Til tross for god song, syns eg skodespelarprestasjonane til solistane kunne vore betre. Barneteater krev mykje mimikk og kroppsrørsle, som dei meistrar i forskjellig grad. Siv Misund kjem nærmast, med ein småprippen, festleg masete karakter og strålande stemme. Håvard Stensvold er i beste fall keitete og stiv, og i verste fall ser det ut som han ikkje eigentleg vil vere med, til tross for ei utruleg god stemme. Torstein Fosmo landar ein stad midt i mellom. Han har ein velklingande, fyldig og dramatisk stemme, og her er det tydeleg at erfaringa som revyskodespelar kjem han til gode, sjølv om eg skulle ynskje han gjorde littegrann meir ut av seg på scenen. Han er liksom alltid eit lite hakk under det verkeleg storarta skodespelet.

To av dei som verkeleg imponerte både med song og skodespel var Kjersti Elisabeth Pettersen – student ved utøvande musikk på NTNU, og Mathilde Harnes frå Operaskolen. Harnes har eit energisk nærvær, og spring att og fram over heile scenen med eit ertande, fandenivaldsk oppsyn som får fram den ungdommelege opprøyrstrangen i kaoscella Guri Gass på ein strålande måte. Pettersen manar fram ein artig, manisk hjelpsam karakter i Glia Matadora, og det er ein morosam «gamal-dame-klang» i stemmen hennar som kler karakteren veldig godt.

Viktig virvar

Eg var altså ikkje heilt overtydd av Cella mi. Operetten kunne hatt godt av å ta seg betre tid, og snevre inn karaktergalleriet litt. Eit kvarter lengre varigheit kunne nok gjort mykje for å forbetre opplevinga. Det Cella mi gjer – altså å gjere både opera og hjerneforsking tilgjengeleg for barn og unge – syns eg er kjempeviktig, og eg syns Cella mi får til mykje her. Til tross for dei gode songarane, musikken, kostyma og showet synes eg likevel ikkje at den rotete historia og virvaret av karakterar verkeleg klarar å bære førestillinga.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, PAHN, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no