S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Erik Ulfsby – 18. desember 2012

Feilslutning frå Iunker

B. Brecht: Det gode mennesket frå Sezuan. Det norske Teatret 2012.


Publisert
18. desember 2012
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Debatt

Del artikkel
https://scenekunst.no/artikler/feilslutning-fra-iunker
Facebook

REPLIKK: – Om regissør og medarbeidarar har bygd vidare på arbeidet sitt frå 2008, gjer det ikkje framsyninga til ein kopi, seier teatersjef Erik Ulfsby om Det Norske Teatrets versjon av Det gode mennesket frå Sezuan.

Finn Iunker skriv om Det Norske Teatrets Det gode mennesket frå Sezuan. Kva han synest om framsyninga går ikkje fram av teksten hans. I staden skuldar han teatret for å ha sett opp ein kopi av ei framsyning i Düsseldorf. Iunker hevdar at leiinga i teatret nok fekk seg ein god latter av publikum som sat og trudde dei såg ein originalproduksjon. Dette er sterke påstandar, og han har ikkje sterkare dekning for dei enn at han har sett nokre bilete frå framsyninga i Tyskland som han meiner liknar på det han såg på scenen vår.

Det er rett at Phillip Tiedemann og teamet hans sette opp Det gode mennesket frå Sezuan i 2008, men frå der til å slutte at versjonen vår er ein kopi, er det temmeleg langt. Og for å ha det på det reine: Ingen frå Det Norske Teatret har sett versjonen på Düsseldorfer Schauspielhaus, og vi kan derfor ikkje ha noka meining om kor mykje eller lite produksjonane likna kvarandre.

Når det gjeld «Det gode mennesket frå Sezuan» her i Oslo hadde teamet 10 veker prøvetid til disposisjon – det var full produksjon av scenografi, ny musikk, nye tolkingar av sentrale roller osb. Det er likevel ikkje oppsiktsvekkjande om regissør og medarbeidarar har bygd vidare på arbeidet sitt frå 2008. Det gjer sjølvsagt ikkje framsyninga til ein kopi.

Tiedemann sjølv omtalar sin kommande Tolvskillingsopera som ein re-make frå ei oppsetjing i Chemnitz. Då brukar han ti dagar, kostyme, musikk og scenografi er identiske og skodespelarar går og står på same vis og stad som i den førre versjonen.

Finn Iunker meiner vi skulle ha «opplyst i programmet eller andre steder» om at vår Sezuan ikkje var ein originalproduksjon. Sannsynlegvis slik at publikum ikkje skulle føle seg lurte av den slu leiinga som gneid seg i hendene av fryd over å lurt dei. Kva skulle vi ha skrive? «Vi gjer merksam på at nokre kostyme kan likne på nokre kostyme nytta i ei framsyning i Düsseldorf laga av dei same menneska?”

Like greitt å sitere Tiedemann sjølv etter å ha fått Iunker sin påstand servert: Was für ein unqualifizierter Unsinn!


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, PAHN, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no