S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Vilde Standal Bøyum – 13. september 2024

Eit ynske om fridom

Foto: David Zadig


Publisert
13. september 2024
Sist endret
13. september 2024
Tekst av

Kritikk Teater

Teaterfestivalen i Fjaler

5.-8. september 2024


Del artikkel
https://scenekunst.no/artikler/eit-ynske-om-fridom
Facebook

Etter ein trilogi om tru, håp og kjærleik tar Teaterfestivalen i Fjaler opp eit like stort tema: Fridom.

Etter oppstarten i 2013 er det tolvte gong Teaterfestivalen i Fjaler går av stabelen. I år har dei to urpremierer, samarbeid med avgangselevane på KHiO, arbeidsvisingar og fleire panelsamtalar. Ikkje minst har dei opplegget klart for to heidundrande festkvelder.

Første smak av fridom

Å gå inn på Samvirket kafé set meg rett inn i stemninga som Teaterfestivalen i Fjaler har skilta med før; den solide blandinga av kunstnarane på besøk og dei lokale. Det pågår ein samtale på Kaféscena med fire av kunstnarane som skal ha framsyning i løpet av festivalen. Denne samtalen er eitt av tre innslag på Radio Fjaler. Den fokuserer på kunstnarane sine framsyningar i samtale med festivalen sitt tema fridom. I panelet sit scenograf Silje Sandodden Kise (Pusterom, Stumfilm), regissør Rebekka Nilsson (Stumfilm) og regissør Øyvind Osmo Eriksen (Rand Ensemble), og samtalen er leia av Cecilie Lundsholt, teatersjefen på Teater Vestland. Samtalen går inn på dei kvinnelege karakterane i framsyningane dei har vore med å lage. Ingen av desse rollene er namngitt. Karakterane i desse framsyningane slit med korleis verda er og kva deira ønskjer er for ho. I samtalen kjem ein uttale fram som eg bit meg merke i, at fridom ofte ikkje går hand i hand med fred. Panelet reflekterer rundt at ein aldri kan vere så fri at ein ikkje blir påverka av omverda. Allereie i første samtale får eg ei vinkling på kva type fridom festivalen legg tyngde på. Her ser eg eit tydeleg fokus på fridommen til menneske med tanke på samfunnsnormer og strukturane som held oss i sjakk, om det er lover eller moralske retningslinjer.

Bilde fra panelsamtalen om forestillinger og frihet. Foto: David Zadig

Fridomen som går utover andre

Nokre av framsyningane går meir inn på korleis fridom er for dei som tar til seg fridom utan tanke om kva konsekvensar det har for andre. Fuck You Mlungu er ein film om generaliseringa som vi i den vestlege verda gjer om Afrika og alle kulturane som fins på dette kontinentet, laga av Mikal Hovland. Handlinga føregår i Eswatini, landet vi tidlegare kalla Swaziland. Solveig reiser dit for å bli kjend med Sibusiso, fadderbarnet ho og hennar avdøde mann hadde for mange år sidan gjennom SOS barnebyer. Det er spesielt ei setning som stikk seg ut, då ei kvinne spør om Solveig har vore her før, og ho svarer "ja, eg har vore i Uganda". Det er ikkje berre to forskjellige land, dei ligg 3000km unna kvarandre. Filmen fungerer godt som verktøy for å poengtere mellom anna Noreg sine fordommar rundt eit heilt kontinent. I arbeidsvisinga av Rand Ensemble blir vi introdusert for ei kvinne som har henta mykje inspirasjon frå forfatteren Ayn Rand, som mellom anna er yndlingsforfattaren til det republikanske partiet i USA. Det er to karakterar på scena sminka som skumle klovnar, den eine er musikanten i bakgrunnen, spela av Øyvind Osmo Eriksen, den andre er artisten i front, spela av Idun Losnegård. Det er ein musikalsk opptreden der Losnegård tar så stor plass som ho kan til den grad at det skremmer Eriksen til ein liten skikkelse utan ryggrad. Sjølve samspelet dei imellom peiker på korleis Ayn Rand såg på det audmjuke som noko dårleg medan den egosentriske var den verdifulle. Losnegård får ei makt i sin egosentriske framtreden som Eriksen ikkje kan hamle opp med i sitt audmjuke nærvær. Eg har sett mykje bra barneteater i livet mitt, men aldri har eg sett noko så visuelt vakkert som Dead as a Dodo. Det er den første gongen eg ser noko av den internasjonale teatergruppa Wakka Wakka. Gjennom visuelt teater skaper dei vakre bilete med dukker, rekvisittar og seg sjølv. Mellom anna dukkar det ein gigantisk mammut opp når ensemblet har gått saman under eit kostyme med ei maske. Dei går perfekt synkront og tråkkar ned i takt med ein dirrande innspeling av tunge fotskritt. Dead as a Dodo er ein del av ein animalistisk trilogi som Wakka Wakka har skapa. Historia tar for seg livet etter dauden, delt inn i ulike dødsrike. Det er ei postapokalyptisk verd, der menneske er utdøydde, som dodoen. Vi følger ein dodo og ein neandertalar gjennom desse dødsrika på ei reise tilbake til livet. Poenget ligg i tre animalistiske forskarar som vil vekke opp att dodoen, medan dei ikkje er klare for å la menneskeslekta leve att. Som dei seier, dei vil gi andre artar ein sjans til å leve først. Nokre gonger tenkjer eg at dei kunne kutta litt ned på historien, men det blir fort gløymd når nye, fantastiske sekvensar dukkar opp. Alle desse tre stykka fokuserer på ein type fridom som går utover andre . Solveig frå Fuck You Mlungu tar med seg fordommane sine til Eswatini og lèt alt som er negativt påverke ho dobbelt så mykje som det ville ha påverka ho i Noreg. Denne fordommen ho tar med seg går utover dei ulike kulturane og fridomen til individa ho møter på vegen sin. Dette liknar litt på maktspelet vi ser i Rand Ensemble, dog på eit mykje tydelegare og direkte plan. Her ser vi korleis Losnegård sin karakter tråkkar ned Eriksen i sin higen etter eiga fridom, koste kva det koste vil. I Dead as a Dodo er det ikkje fullt så mykje maktspel mellom karakterar. Her får vi sjå ein likestilt kjærleik mellom dyr og menneske som vi ikkje er vitne til i den verkelege verda. Framsyninga viser oss eit bilete på kva som kunne vore om vi menneske ikkje var der for å øydelegge. Og dette fører oss vidare til ein annan form for fridom. I denne forma er det ikkje enkeltpersonar som er årsaka til at andre mistar fridomen sin, men sosiale retningslinjer og landtrygging som skadar fridom.

Bilde fra Stumfilm. Foto: Simen Diserud Thornquist

Søken etter fridom

Der nokre framsyningar og panelsamtalar har sett på fridom som noko nokre grupper har eller tar, er det andre som heller fell under ein tanke om korleis vi kan oppnå fridom. Storhendinga for torsdagen er urpremiera på Stumfilm av Sara Li Stensrud. Det er eit heller tomt scenerom, og det heile startar med førehandsinnspelte instruksar for korleis best å ligge med ryggraden strak. Framsyninga er delt opp i tre akter, og det virkar for meg som om skodespelar Ine Marie Wilmann sovnar i første akt, medan andre akt er ein draum eller eit mareritt der vi får eit innblikk i korleis verda ville ha sett ut om det var menneska som vart slakta av dyra i staden for omvendt. I draumesekvensen stappar Wilmann ei dyne ned i ei usedvanleg slitesterk nettingstrømpebukse, og ved hjelp av ei lateksmaske blir ho omgjort til ein gris. I tredje akt vaknar ho att frå denne grusame draumen. Wilmann utstrålar eit sterkt nærvær på scena, og bodskapen ho legg fram gjennom orda ho seier er harde og provoserande. Mellom anna er det ein sekvens der ho, som denne menneskeaktige grisen snakkar til eit abstrakt menneske som skal bli slakta at ho ikkje må vere redd, og spør kva det kjæraste ho har er. Når menneskegrisen konkluderer på vegne av slakta at det er livet som er det kjæraste, blir desse orda overdrevne for meg og kjem ut som ei preikande lekse vi menneske burde lære oss. Gjennom heile andre akt kjenner eg på at produksjonen ynskjer å provosere for provokasjonen sin skuld. Eg syns framsyninga hentar seg inn att på slutten då Wilmann vaknar og samlar saman det vi har sett til ein tanke om at vi menneske kunne funnet betre versjonar av oss sjølv. Vi kunne elska verda og stått opp med eit smil om munnen. Trass i det eg tykkjer om oppsetjinga, er Wilmann verkeleg glimrande. Ho klarer å gå frå denne provoserande personlegdomen over til ein person som eg føler med. I den første panelsamtalen beit eg meg merke i at fridom ofte ikkje tyder fred. Tilbake på Kaféscena høyrer eg på journalist Bård Wormdal informere om boka si Spionkrigen,ei bok som tar for seg alliansen mellom USA og Noreg frå 1940-talet til i dag, med tanke på etterretningstenesten.Denne alliansen skal ivareta tryggleiken i landet, då spesielt med fokus på trusselen som Russland utgjer. Han fortel om dei mange tiltaka som er gjort for å følgje med på farlege situasjonar, alt i namn for å oppretthalde fridomen Noreg har. Men her er det mange gråsoner, spesielt når praten går over til kva premissar og avtalar som er set i stand for å trygge Noreg. Det kjem fram i førelesinga at nokre val som har blitt tatt ikkje har vore informert om til regjeringa. Han ser òg på korleis denne alliansen kan gagne USA meir enn Noreg. Også My dinner with Putin av Kate Pendry handlar om forholdet til Russland. Ho formidlar ei ekte historie frå sitt eige liv. Når ho får sjansen til å spele i ein stor internasjonal film, står ho plutseleg ovenfor moralske dilemmaer fordi regissøren av filmen ho blir tilbydd ei rolle i er ein 'nær, personleg ven' av Vladimir Putin. Forteljinga til Pendry repeterer ofte kor mykje ho vil spele i film, samstundes som ho finn grunnar til at regissøren (Nikita Mikhalkov) ikkje kan vere den verste personen, sidan Robert De Niro vil vere med i filmen hans. Gjennom heile framsyninga kjem ho med poeng og repetisjonar som skal skape medynk for dilemmaet ho står ovanfor. Som publikum i desse tre nemnde innslaga rører festivalen seg vekk frå kva konsekvensar fridom har til kva vi kan gjere for å oppnå fridom. Stumfilm kommenterer på at vi ikkje lar oss sjølv vere frie, fordi vi som menneske er innlemma i ein struktur. Verda hersar med oss, og vi vaknar ikkje opp med eit smil om munnen. Vi pliktar å følgje instruksane i samfunnet og klarer ikkje bryte ut av den. Gjennom førelesinga om spionkrigen får vi eit innblikk om det vi ikkje veit om kva øvre makter gjer for å halde på fridom, eit trist paradoks i måten dette både tar frå oss og tar vare på fridomen vår. Og så er det den fridomen vi ønskjer å gi oss sjølv, men som skapar moralske dilemma, som Kate Pendry prøver å forklare. Det er visse retningslinjer som andre forventar at ein skal oppretthalde i eit samfunn, og blant dei er å ikkje tilby si arbeidskraft til personar som tar vekk andre sin fridom.

Bilde fra Wakka Wakkas forestilling Dead as a Dodo. Foto: David Zadig

Menneske og fridom

Det er mange fleire framsyningar på programmet for festivalen som viser tilbake til hovudtemaet. Det mest slåande er fokuset på korleis menneske søkjer etter dette fenomenet utan å finne ei løysing på det. Då er det fint å sjå alle desse framsyningane på ein teaterfestival, for i samfunnet rundt og i scenerommet finnes det menneske som nyt si rett til å sjå det dei ønskjer, diskutere det med andre, og høyre på ein journalist fortelje om dei store løyndomane i Noreg. Under festivalnatta kosar folk seg og ler, og flammene lyser opp lukkelege og, i all hovudsak, bekymringsfrie andlet. Heilt utan konsekvensar. Det er i refleksjonane mine etter festivalen er slutt og eg er komen heim at tankane går innpå alle normene og strukturane som held fridomen i sjakk, at vi overser andre sin individualitet, eller korleis vi hersker over fauna og flora og lar det gå til spille. Sjølv om festivalen igjen leverer på program, samanheng og underhaldning, sit eg att med kjensla om at fridom ikkje er noko verda eigentleg kan finne så lenge det er menneske på jorda. Og det er jo ein heller dyster tanke.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, PAHN, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no