Kulturminister Lubna Jaffery. Foto: Ilja C. Hendel/Kultur- og likestillingsdepartementet
Eit rekordstort kulturbudsjett
I dag legg regjeringa fram statsbudsjettet for 2026. I ei pressemelding frå Kulturdepartementet får vi vite hovudsatsingane. Dei skriv at kulturbudsjettet for 2027 er rekordstort.
Arbeidarpartiregjeringa foreslår ei løyving over Kultur- og likestillingsdepartementet sitt budsjett på 28,1 milliardar kroner. Det er ein auke på om lag 946 millionar kroner frå 2026.
– I ei uroleg tid er fellesskapa våre utruleg viktige. Kultur, kunst, idrett og frivilligheit samlar oss og styrker vår sivile motstandskraft. I dette budsjettet styrker vi mellom anna redaktørstyrte medium, satsar på norsk film, innfrir lovnaden om full momskompensasjon til frivillige organisasjonar i heile landet – og vi sikrar eit nytt toppidrettssenter for idretts-Noreg, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap).
Mediepolitikk
Regjeringa foreslår å auke løyvinga til redaktørstyrte medium med til saman 40 millionar kroner. Av dette går 30 millionar kroner til auka produksjonstilskot for blant anna å styrke lokalavisene, og 10 millionar kroner til å auke bruken av redaktørstyrte medium blant unge.
– Utbreidd spreiing av desinformasjon er ein trugsel mot demokratiet. For å sikre eit ope og opplyst offentleg ordskifte trengst det eit mangfald av redaktørstyrte medium som folk over heile landet bruker og har tillit til. Særleg viktig er dette for våre unge som i dag får mykje av nyheitene sine gjennom nyheitsstraumar styrt av algoritmar og big tech, seier kultur- og likestillingsminister Jaffery.
Regjeringa skal også sette ned eit eige utval som skal vurdere dei medieøkonomiske verkemidla og sjå om dei er treffsikre nok for å styrke mediemangfaldet i Noreg i framtida. Samansetninga av utvalet vil regjeringa kome tilbake til.
Film
Regjeringa foreslår også å styrke filmfeltet med 75 millionar kroner. 47 millionar kroner går til Filmfondet, 15 millionar til opptrapping av insentivordninga for film- og serieproduksjon og 5 millionar til ei ny tilskotsordning for oppgradering av digitalt kinoutstyr. Regjeringa vil også legge fram ei stortingsmelding om film som mellom anna skal vurdere korleis dei statlege verkemidla fungerer i møte med endringane i bransjen.
– Norske filmar og seriar samlar oss, skapar arbeidsplassar og verdiar, og styrker språk, kultur og ytringsmangfald. I dette budsjettet forslår Arbeidarparti-regjeringa ei filmsatsing i ei krevjande tid for bransjen – og vi sikrar samtidig fleire gode kinoopplevingar i heile landet, seier Jaffery.
Løyvingane til film- og dataspillformål, inkludert prisomrekning, aukar totalt med om lag 75 millionar kroner.
Kunst- og kultur
Regjeringa foreslår å styrke dansefeltet for andre år på rad med ei løyving på 10 millionar kroner. Styrkinga kjem fleire aktørar til gode, der mellom anna 6 millionar kroner går til Kilden teater og konserthus i Kristiansand og oppretting av eit nytt dansekompani for heile Sørlandet.
I 2027 foreslår regjeringa vidare løyving til fem nye kulturbygg. Prosjekta inkluderer ei naudsynt oppgradering av Kunstnernes Hus og Det Norske Teatret i Oslo, eit nytt bevaringssenter for Musea i Sør-Trøndelag, ei revitalisering av Hamsunsenteret på Hamarøy og nytt scenekunstrom i Fjaler kommune. Over 374 millionar kroner går til ordninga Nasjonale kulturbygg.
I tillegg aukar regjeringa løyvinga til Restaureringsverksemda ved Nidaros domkyrkje med 6,5 millionar kroner til arbeidet med å skifte ut taket på Nidarosdomen for å hindre at vatn kjem inn i steinkonstruksjonen.
Regjeringa foreslår også å styrke ordningane under Statens kunstnarstipend. Det blir foreslått fem nye arbeidsstipendheimlar samtidig som etableringsstipendet for unge kunstnarar blir utvida og auka frå 22 millionar i 2026 til nær 26 millionar i 2027.
Regjeringa jobbar no med ein leselyststrategi for vaksne og i budsjettforslaget for 2027 er det foreslått 6 millionar kroner for å styrke innkjøpsordningane av norskspråkleg litteratur under Norsk kulturfond. Det vil bety fleire bøker inn i biblioteka som er ein viktig arena for leselyst.
– For Arbeidarpartiregjeringa er det viktig å styrke lesegleda og leseferdigheitene blant både barn og vaksne. Lesing er avgjerande for læring, kritisk tenking og evna til å møte desinformasjon. Derfor fortset vi styrkinga av innkjøpsordningane, no med ytterlegare seks millionar, slik at biblioteka over heile landet får fleire bøker, seier Jaffery.