S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Ingrid Saltvik Faanes – 26. september 2014

Ei salig blanding av scenekunst

La Substance, but in English. Bastard / Teater AvantGarden 2014


Publisert
26. september 2014
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Kritikk

Teater AvantGarden, Trondheim Bastardfestivalen

Omtalen er basert på følgjande framsyninger:

Mårten Spångbergs La Substance, but in english Azra Halilovic: Telling the truth TgStan: A public enemy Ingri Fiksdal: Hoods Sort/Hvid: Manifest 2083 Dana Michel: Yellow Towel Holzinger/Riebeek: Spirit Holzinger/Riebeek: Wellness Pieter de Buysser: Landscape with skiproads

La Substance, but in english spilles også på Black Box Teater i Oslo 27-28.9.


Del artikkel
https://scenekunst.no/artikler/ei-salig-blanding-av-scenekunst
Facebook

KRITIKK: Festivalen vågar å satse – på dei ukjende, på dei nyskapande og på dei som kanskje kan vere litt utilgjengelege. Samstundes provar han at dei eldste er ofte best. Ingrid Saltvik Faanes har vore på scenekunstfestivalen Bastard i Trondheim.

Ei framsyning har nakne kroppar smurt inn i olje som gnir seg inn i kvarandre. Ei anna har eit gigantisk veggmaleri der publikum skal fylle inn fargar og ikkje male utanfor streken. Ei tredje framsyning spør om det er mogleg for alle å bli høgreekstremistar.

Dette er Bastard – Trondheim sin internasjonale scenekunstfestival. Teatersjef ved Teaterhuset AvantGarden, Per Ananiassen, omtalar han som ein «anti-dogmatisk teaterfestival» i leiaren for festivalprogrammet.

Formmessig tar Mårten Spångbergs La Substance, but in English oss med inn ei flytande verd kor repetitive rørsler til slutt blir ein fire og ein halv times konstant masse, proppa full av merkevarer, leskedrikkar og popkulturelle referansar, og med eit stort veggmaleri malt av publikum som resultat. Festivalen har skapt enormt store forventningar til denne framsyninga ved å kalle den «Årets sensasjon i scenekunstverdenen» , sånn sett kan skuffelsen bli stor. La Substance, but in English er litt meir introvert enn det eg hadde håpa på, og eg skulle gjerne fått sitte på sølvmattene som aktørane sat på, saman med dei. Det kunne ha fått fram ei meir klubb-aktig setting og eit meir samansett tilhøve mellom scene og sal – det trur eg framsyninga hadde tent på.

I form kan Hoods av Ingri Fiksdal likne prosjektet til Spångberg, men i førstnemnte er skiljet mellom scene og sal forsøkt brote opp. Publikum blir kledd opp i same klede som aktørane og får røre seg like fritt i rommet. Ein veit aldri kven som er kven. Rørslene er langsame, repeterande. Når det først skjer små forandringar, blir effekten av dei sterke. Hos Fiksdal møter vi òg en konstant masse. Koreografen har funne eit formspråk ho blir betre og betre i, men neste gong skulle eg gjerne sett ho utvikle dette språket vidare – det er grenser for kor lenge få og repetitive rørsler er interessante.

I andre enden av form-skalaen står meisterforteljaren Pieter de Buysser. I Landscape with skiproads klarar han å halde intensiteten oppe i vel ein og ein halvtime med ei absurd historie om ein tilfeldig forbipasserande som snudde livet hans på hovudet. Han visar oss ei eske som han har fått av ein ven, utan å opne den. Hadde han avslørt kva som var i denne boksen som starta det heile, hadde eg blitt innmari skuffa. Nokre gongar er det nok å få vere nyfiken, å ikkje vite kva løyndomen faktisk visar seg å vere.

Pieter de Buysser: Landscape with skiproads. Foto: Arne Hauge

I Trondheimsbaserte Azra Halilovics Telling the truth kjem festivalen inn på krigen på Balkan. Krigen gjorde at Azra vart buande i Noreg. No fortel ho ein historie om å vekse opp som muslim i eit kristent land, korleis det var når krigen kom til Bosnia og korleis det var å stå ansikt til ansikt med krigens vonde mann (Radovan Karadzic). Dette er ei informativ framsyning som held på merksemda mi fordi den forteljast på personleg vis.

Telling the truth. Foto: Arne Hauge

Florentina Holzinger og Vincent Riebeek stillar seg kritiske til skjønnhetstyranniet og moteblad i «Wellness», gjennom velkoreograferte sekvensar som minner om ein aerobic-time frå åttitalet og sminke à la David Bowie. Det heile endar som ein kritikk til ”du kan bli alt du vil i verda”-haldningane ungar i dag veks opp med gjennom ei sceneframføring som kan minne om songkonkurransar ein ser på TV.

Sjølv om dei varierer i tematikk, har dei fleste av framsyningane på Bastard det til felles at dei alle verker nokså politisk korrekte, i den forstand at dei tar til motmæle mot alt som er galt med samfunnet vårt. Eg sakna noko som utfordra meg til å tenke litt meir og som vridde på bileta våre av røynda. Men det er kanskje eit generelt ønske innan scenekunsten som ikkje berre gjeld for Bastard-festivalen.

Den einaste framsyninga som verkeleg fekk meg til å tenke på ein slik måte, var Sort/Hvid sin «Manifest 2084». Ei framsyning ein aller helst skulle ha vore forutan. Sjølv om terroristen fekk si straff som sinnsfrisk, kan ein ikkje slutte å spørje om kven som helst verkeleg kunne gjort dette. Kva får ein person til å utføre så valdsame handlingar? Kan skodespelaren Olaf Højgaard, gjennom å gjennomføre det som står i manifestet, bli like ekstrem?

Kanskje kan det bli litt heftig å gå rett frå «Manifest 2048» til «Spirit» av Florentina Holzinger og Vincent Riebeek – der ein får servert ein heftig dusj av glitter, skodespelarar heilt utan hemningar og intimsonar og som rett og slett ikkje har andre ønskjer enn å underhalde oss (og selje oss ei t-skjorte). Men Bastard syner at også scenekunsten er ein kunstform med mange ansikt. Den framsyninga vi hugar i etterkant er den som klarar å røre ved oss, i magen, hjartet eller hovudet. Som får oss til å oppleve noko ein ikkje har kjend på før og som får alle kjensleregister og sansar i kroppen til å svinge. Slik sett er mangelen på raud tråd i form eller tema for festivalen ikkje noko problem, fordi variasjonen gjer det mogleg å finne ein favoritt som grip. Og på det viset lever Bastard opp til namnet sitt.

Festivalen vågar å satse – på dei ukjende, på dei nyskapande og på dei som kanskje kan vere litt utilgjengelege. Samstundes provar han at dei eldste er ofte best. For når Dana Michel kravlar over scena som eit spastisk krypdyr, drikk mjølk og et kjeks på strevsamt vis og gjer noko vi ikkje skjønar heilt, utanom at vi ikkje har sett det før, ja da er det godt at gamle stjerner som det belgiske kompaniet TgStan kjem med 1993-versjonen av «Ein folkefiende», ei teksttro oppsetting kor scenetilvisingane seiast høgt og skodespelarane skiftar rollar og kommenterer handlinga etter dei, ein stødig og intelligent versjon av stykket til vårt høgt elska Ibsen.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, PAHN, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no