S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Anders Olai Neerland Kruse – 19. april 2023

Ei nyskapande og opprivande helg i Trondheim

Kinokammer på Rosendal teater lørdag 15. april. Foto: Thor Egil Leirtrø


Publisert
19. april 2023
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Kritikk Musikk

nyMusikks lydfestival Only Connect Trondheim, 13.–16. mai 2023


Del artikkel
https://scenekunst.no/artikler/ei-nyskapande-og-opprivande-helg-i-trondheim
Facebook

Only Connect ynskjer å etablere seg som Trondheim sin primære samtidsmusikkfestival, og årets festival lovar godt.

I år vart Only Connect-festivalen arrangert i Trondheim for andre gong. Eg tok turen til fem av arrangementa deira og sit att med uvurderlege musikalske opplevingar i ryggsekken og ei uforklarleg, men inderleg god kjensle lengst inni meg.

Fredag: mangelfullt musikkteater og monumental orkestermusikk Mitt første stopp var den bergensbaserte komponisten Alwynne Pritchard sitt musikkteaterstykke Institutions of the Flesh på Trykkeriet Scene. Scenografisk er dette ganske klassisk black box-teater. Pritchard står midt på scena, med Marianne Lie på cello og Else Bøe på klaver på kvar si side av scenen. Bak dei ligg ein diger haug med gråpapir som liknar ein masse tarmar i det sparsame lyset. Fire kvinnelige utøvere dreg stadig meir papir av ein rull og hiv oppå. Pritchard sjølv er med god margin den mest slåande figuren på scenen. Iført ei kvit dressjakke er ho omtrent sjølvlysande mot den svarte scenen og har eit heilt fengslande nærvær.

Musikken er stillfaren og grasiøs, i ein stil som minner om ein forvrengt musikal. Han er melankolsk og sparsam, på eitt vis tonal, men på eit anna berre akkordar og tonar som svever fritt rundt i rommet. Pritchard syng og talar om kvarandre, og i laupet av stykket blir stemmen hennar, og etter kvart stemmene til dei fire andre aktørene, meir og meir elektronisk prosessert. Spenningstoppen kjem i det lyden av steinblokker som rasar saman omringar heile publikum frå høgtalarar plassert rundt i salen.

Musikalsk sett er Institutions of the Flesh veldig interessant, med ein spennande dialog mellom dei akustiske og dei elektroniske lydane, men dei sceniske delane bidreg i liten grad til å formidle den allereie uhandgripelege tematikken. Det var vanskeleg å få grep på kva stykket ville fortelje meg, og sjølv om musikken i seg sjølv kunne vere gripande, bidrog scenografien lite til fortsåinga mi av bodskapen – eg forstod aldri heilt poenget med den papirhaugen, til dømes. Men eg har eit positivt, om enn litt blanda, inntrykk av denne fyste konserten.

Ved neste fredagsarrangement slo Only Connect på stortromma – ein konsert med Trondheim Symfoniorkester i Nidarosdomen med tre orkesterverk på programmet, ein av dei ei urframsyning. Å halde konsert i Domen er allereie eit godt utgangspunkt, spesielt når det er orkesterkonsert. Auraen som det massive kyrkjerommet sender ut kan løfte ein kvar konsert opp i skyene.

Konsert med TSO i Nidarosdomen. Foto: Thor Egil Leirtrø

Det fyste verket var Lisa Streich sitt Flügel (2020), som hadde urframsyning for omkring seks veker sidan i Elbphilharmonie i Hamburg. Dette var verkeleg eitt av høgdepunkta på festivalen for min del. Verket er utruleg vakkert – det vekslar mellom skyar av akkordar som sakte glir over himmelen, eit myldrande hav av tonar og ein tornande marsj med smertehyl frå strykarane. Det var utruleg forfriskande å høyre eit nyskrive orkesterverk med så klåre, definerte teksturar. Ein skugge av sensitiv seinromantikk ligg over den klart moderne musikken, med strålande resultat.

Deretter følgde den tyske komponisten Ingrid Laubrock sitt Drilling (2019), eit stykke som blandar fritt improviserande solistar og live-elektronikk inn i orkesteret. Solistane her var Laubrock sjølv på saksofon, Cory Smythe på piano og Anders Tveit på elektronikk. Stykket er ei utruleg interessant blanding av stemningsfull samtidsmusikk prega av store, dissonante klangar i orkestersatsen, og friimprovisasjon i ypparste klasse. Denne blandinga er ambisiøs, og resultatet er høgst engasjerande musikk. Det kviler ei deilig mørk atmosfære over heile stykket.

Så var det tid for sjølve indrefileten: urframsyninga av improvisasjonstrioen Supersilent sitt verk 101.1, laga i samarbeid med arrangør Jarle Storløkken. Eg var heldig og satt heilt framme ved orkesteret, like framom nokre av dei enorme høgtalarane. Når massive basstonar skyl over meg, reknar eg meg heldig som er fødd i det 21. hundreår og kan få oppleve slike konsertar. Heile tida er musikken prega av saktmodig intensitet, han er konstant søkande og melankolsk, men likevel full av ei sjølvtillit trioen legg til orkesteret. Dissonansar glir forbi og over kvarandre, og noko eg berre kan beskrive som ei deilig, frydefull frykt for mitt eige liv renn gjennom kroppen. For ein musikk!

Laurdag: konsertstafett og himmelsk kor Etter konserten i Nidarosdomen var forventingane høge til laurdagen. Eg er utruleg glad i konsertstafettformatet, og gleda meg til å få ein guida tur på Nyhavna fylt med små konsertar i uventa omgjevnader. Min fyste for dagen var konsertbussen til Stina Stjern, kor ho satt midt i bussen bak ein diger miksar og eit bord fylt med kassettar. Det var heilt utruleg å sitje på kloss hald av ein musikar på dette viset. Ein kan sjå korleis eit nytt spor glir inn og eit anna glir ut når ein fader går opp eller ned. Sjølv den vesle augeblinken kor noko går gale – når ein kabel har svikta og ein kassett må bytast frå ein spelar til ein annan – er ein verdifull del av konsertopplevinga. Omtrent all musikken kom frå desse kassettane, og dette gjev Stjern stor fridom til å gå mellom radikalt ulike musikalske teksturar. Ho bytar mellom pulserande akkordar, manipulerte stemmar og rein støy med den største sjølvfølge. Eg hadde rett nok håpt at bussen skulle køyre rundt, men pytt sann.

Så bærer det vidare til ein slags dobbel lydinstallasjon ved Galleri KNUST. På utsida presenterte Arnfinn Killigtveit og Martin Palmer ein kringlydinstallasjon, og inne møtte me Anders Elsås sitt fantastiske instrument«Skipet», ei samling metallplater, vaierar, strengar og mykje anna montert på veggar, golv og tak kor Elsås går rundt som ein musikalsk trollmann og manar fram framande klangar. «Skipet» er eit eventyrlandskap, fylt av skingrande, metalliske lydar. Utafor skapar Palmer og Killingtveit ein boks av lyd, stundom i eit ambient-landskap, og andre gongar ordentleg harsh noise. Lydnivået stengjer heile omverda ute og tvingar alle tankar ut av hovudet mitt. Ikkje ein einaste trafikklyd klarer å trengje gjennom lydmuren deira. Den aller beste opplevinga er å vandre mellom dei to og skape noko heilt personleg som berre eg kan høyre. I det me går vidare, er duoen midt inne i den mest ekstreme og mest høglydte støymusikken eg nokon gong har høyrd live.

Anders Elsås og lydinstallasjonen «Skipet». Foto: Thor Egil Leirtrø.

Siste stopp var inne i badstua på Havet Arena med Tina Surel Lange. Ho har tatt eit djupdykk i havet i Lofoten og laga eit stykke spesielt for denne festivalen. Stykket er ei direkte skildring av å sjå sola gå ned i eit rått hav og sjå trolske skuggar reise seg ut frå berga. Sjølv har eg sete mange timar av mitt liv og sett på havet, og Lange sin ode til naturen er ei perfekt skildring av måten dette landskapet er samtidig heilt statisk og evig skiftande. Både når ein høyrer denne musikken og når ein ser på eit slikt landskap, må ein kvitte seg med tanken om at noko skal skje og berre ta innover seg kjensla av sjølve tida som uhindra flyt forbi. Ein perfekt konklusjon på ein strålande stafett.

Same kveld vandrar eg til Lademoen Kyrkje og ein konsert med Trondheim Vokalensemble. Den opnar med ei urframsyning av Eva Holm Foosnæs sitt Fredrikke, eit stykke som heidrar kvinnesaksforkjemparen Fredrikke Qvam. Ho levde eit liv prega av knallhard kamp for kvinner sin stemmerett, men også djup sorg over å miste to av dei fem barna sine. Foosnæs tek for seg begge desse delane av livet til Qvam med stor fingerferdigheit. Ho blandar Palestrina-liknande parti, folkemusikalske melodiar og moderne korklangar, og ho har openbart enormt god kjennskap til koret og songarane. Resultatet er fengslande, nydeleg og ektefølt musikk – meisterleg framført av eit fantastisk kor.

Deretter følgde eit gjenhøyr med Ingrid Laubrock, no aleine med saksofonen i ein langstrakt improvisasjon. Eg opplevde dette som litt unaturleg programmering. Laubrock sin improvisatoriske stil er høglydt og intens. Ho vekslar stadig mellom ei rekkje klangfarger på saksofonen, og kontrasten mellom improvisasjonen hennar og dei to vakre korverka var så stor at den ikkje passa inn i konserten på noko god måte, sjølv om begge delar var av høgste klasse.

Det siste for kvelden var Arne Nordheim sitt korverk Aurora (1983). Dette hadde eg storgleda meg til. Aurora – som er basert på salme 139 fra Salmenes bok i Det gamle testamentet og Dantes Den guddommelege komedie – er ein av mine favorittar frå Nordheim sin katalog, og Trondheim Vokalensemble skuffa på ingen måte. Musikken er ein kombinasjon av levande korsong og lydband. Det er eit dramatisk og vakkert stykke, prega av ein utanomjordisk dialog mellom koret framom oss og den innspelte songen. Små melodiske fragment dansar kring kvarandre og hopar seg opp i vakre, udefinerbare klangar. Nordheims musikk er usedvanleg vakker i Aurora, og dei mest gripande delane er dei kor bibeltekstane blir sungne relativt nakent på hebraisk og latin. Koret har ein utruleg kontroll over den ekstremt utfordrande musikken, og å høyre denne moderne, sakrale musikken framført så presist er ein enorm fryd.

Trondheim Vokalensemble i Lademoen kirke. Foto: Thor Egil Leirtrø.

Søndag: Eg blir opna som ein blikkboks på kinokammer Eg er alltid litt var i møte med støymusikk. For min del er det litt som å stå ansikt til ansikt med eit vilt dyr: Eg veit liksom aldri heilt kor eg har han, men kvar gong er det spennande på ein heilt ny måte. Difor var det med varsam fot eg gjekk inn på Rosendal Teater for det siste Only Connect hadde å tilby i år: eit «kinokammer» med to filmar, Eirik Blekesaune og Hasan Daraghmeh sin Lysbunden – laga spesielt for festivalen – og Lasse Marhaug sin For My Abandoned Left Eye (2021). Inne i teatersalen er eit platå omkransa av lerret og projektorar, og publikum blir invitert til å enten sitje på stolar langs kanten av golvet eller liggje midt på det.

Fyrst var Lysbunden, som fokuserer på ein solnedgang ved Magerøya i Finnmark – det nordlegaste punktet i Noreg. Me er omringa av en horisont, og i laupet av heile filmen skjer det ingenting anna enn at sola gradvis går ned på den eine sida av kammeret før mørkeret spreier seg rundt heile rommet. Sjølv om lyden er intens, blir han aldri ubehageleg, berre djupt meditativ. Små pip blandar seg med enorme bassdrønn som får golvet til å riste. Og når sola har gått ned over heile horisonten, er det over.

For My Abandoned Left Eye er av ein litt annan art. Filmen er surrealistisk og utan tradisjonelt narrativ, og under opninga av filmen kjenner eg adrenalinet setje fight-or-flight-responsen min i gong. Eg elskar musikken til Marhaug, spesielt det tankefulle albumet Context (2022). Han er absolutt favoritt-støymusikaren min. Musikken og bileta gjer meg tankefull; eg tenkjer tilbake på den intense helga eg har hatt og alle konsertane eg har vore på. Eg tenkjer på meldinga eg skal skrive, kva eg vil trekkje fram, eg tenkjer meg tilbake til badstua med Tina Surel Lange, til Nidarosdomen og koret i Lademoen kyrkje. Musikken kring meg blir meir intens og tek heilt av i hard, kvass støy, men Marhaug har bygd så ufatteleg godt opp til det at eg er trygg sjølv om kroppen er i heilspenn. Når filmen – og dermed festivalen – er over, er kroppen min fylt av ei heilt utruleg kjensle. Eg vil kaste opp, le, grine, rope, sove, springe, skrive – og sjå alt på nytt på same tid. Sjela mi har vorte spretta opp og blottlagt for verda.

Til samans har Only Connect 2023 vore ein ekstremt godt samanskrudd festival, som leverte mangfaldige, djupt røyrande opplevingar.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, PAHN, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no