– Eg har arbeidd med kunst som kjerneverksemd i over ti år, men har enno til gode å sjå på meg sjøl som ein frontsoldat i teneste for innovasjon og økonomisk utvikling, skriv teatersjef Terje Lyngstad.
"Den kreative klassen"
Vi som arbeider med kunst og kultur har det siste tiåret stadig fått høyre at vi tilhøyrer den kreative klassen. Det blir særleg trekt fram på konferansar med tettstadutvikling som tema. Den kreative klassen er i følgje forskaren Richard Florida nøkkelen til økonomisk vekst, og utgjer ca. 30 % av folket. Gruppa består først og fremst av kunstnarar, supplert med ei brokete samling av it-folk, teknologar, mediefolk, arkitektar, lærarar, forskarar, leiarar, finansfolk, juristar og legar.
Eg har arbeidd med kunst som kjerneverksemd i over ti år, men har enno til gode å sjå på meg sjøl som ein frontsoldat i teneste for innovasjon og økonomisk utvikling. Dei eg har rundt meg, ser neppe slik på meg heller. Eg trur faktisk ikkje at det finst nokon i vårt vesle fylke som ser på teatersjefen ved Sogn og Fjordane Teater (SoFt) som nøkkelen til korleis framtida skal utvikle seg her. Skal eg vere heilt ærleg, er det truleg fleire enn eg orkar å tenkje på, som snarare meiner at eg og teatret høyrer fortida til. Kva er det som ikkje stemmer her? Kartet til Florida eller terrenget til SoFt?
La oss sjå på terrenget først. Det finst kunstnarar utanfor dei store byane, men dei er få, og arbeidsvilkåra er ikkje mykje å skryte av, sjølv om dei sikkert har blitt betre dei siste tretti åra. Dei fleste arbeider innanfor institusjonar som SoFt, med ordna arbeidsvilkår, som tariffesta løn og ei arbeidstid det går an å leve med. Eg skulle gjerne sagt at vi som hevar løn ved SoFt tilhøyrer den kreative klassen, men eg slit med å tru heilt på det.
Organisasjonsstrukturen er den mest konserverande og konservative typen som finst. Teatersjefen er framleis eineveldig herskar på toppen av hierarkiet. Flat struktur er eit temmeleg ukjent omgrep. Innføring av ny teknologi går seint. SoFt var ikkje blant dei første som fekk heimeside på Internettet, for å seie det forsiktig. Elektronisk billettsystem vart innført først i år. Sponsorar blir ofte sett på som ein uting, og synspunktet om at alle tilsette er like viktige, sit langt inne, særleg hos kunstnaren, som meiner ho er viktigast, og dinest hos teknikaren, som, sidan ho ikkje er viktigast, meiner at ho i alle fall er nest viktigast, og difor viktigare enn han som sit i resepsjonen, som er minst viktig. Gamaldags altså, og svært lite kreativt.
På den andre sida kan vi jo glimte til, vi som arbeider med teater òg. Det hender titt og ofte at publikum fortel at dei har fått opplevingar som rører, og som gir dei nye perspektiv i livet. Sjølv om opplevingane ikkje fører til økonomisk vekst, er det kanskje i desse stundene at teatret bidreg til å utvikle verdiar, og kreative tankar og idear, som skubbar verda eit lite stykke i rett retning.
Kva så med kartet? I følge Florida er det fire fenomen ved den kreative klassen som er avgjerande om det skal vere grunnlag for økonomisk vekst. Dess fleire personar innanfor kvart fenomen, jo betre. Dei fire fenomena er tal kunstnarar, tal personar med ulik kulturbakgrunn, tal homfile og lesbiske og tal menneske som bur i bykjerna.
I Sogn og Fjordane finst det så få kunstnarar, folk med annan kulturbakgrunn, homsar, lesbiske og byar, at dei, sjøl om du legg alle saman i hop, berre kan reknast i promiller. Slik er det overalt utanfor Oslo. Likevel blir Florida trekt fram kvar gong det skal drøftast kva som kan skape vekst og utvikling i distrikta. Ver så snill, alle de som vil bidra kreativt til vekst og utvikling i utkant-Norge: Kom ikkje dragande med Richard Florida ein gong til. Han høyrer heime i New York, ikkje i Førde.
Denne teksten er opprinnelig skrevet for Nationen.