We shall not even know that we have met, yet meet we shall. And pass and meet again. Where dead men meet; on the lips of living men er ein munnfull. Det er framsyninga òg. Det startar med ein roleg prolog i foajeen før publikum går inn i salen. To aktørar står på ei lita scene og ser heller negative ut. Dei beveg seg sakte, og den eine ser ut til å justere på den andre. Inne på Lille scene er publikum plassert langs tre av veggane. Stolane våre rammar inn det resterande rommet. Kostymedesignaren Fredrik Floen brukar scenerommet som ein catwalk gjennom mesteparten av framsyninga, og dei rolege rørslene frå prologen overtas av eit hektisk tempo som held seg oppe gjennom heile verket. At det er ein catwalk gjer ikkje framsyninga på nokon måte om til eit reint moteshow. I starten er gangen til aktørane satt på spissen, før det heile fell saman i rørsler som mellom anna minnar om gangen til dei levande daude.
Langs kortsida av salen, der publikum ikkje sit, er det hengt opp eit forheng frå tak til golv. Forhenget skjuler ein struktur bak som sidan visar seg å vere eit karusell-liknande tårn. Tårnet er eit kjend tarotkort som ifølgje kompaniet symboliserer ei komande hending som vil skape ei plutseleg endring for eit vedkommande. I prosessen rundt å handtere denne endringa vil menneske utvikle ei innsikt dei ikkje før hadde. Dette høyrast kanskje ikkje så gale ut, men hendinga er helst katastrofal. At tårnet er eit bakteppe er ein tanke å ha i bakhovudet for framsyninga, men òg for denne teksten.
Utallege referansar
Det er overveldande mange referansar i framsyninga, i form av ord vi høyrer, kostyme vi ser og musikken som spelar. Heilt konkret står ikkje tårnet aleine som scenografi, det heng eit banner med ei italiensk setning — "Tutto a Tue Colpe è" — som kan oversetjast til "det er berre din feil". En stemme les over voiceover, og eg plukkar opp ord og setningar som til dømes "Babel", "chaos, upheaval and destruction", og — min favoritt — "forfattarens død". At produksjonen lar dette omgrepet kome så tydeleg fram i framsyninga er ei artig avgjersle. Når framsyninga har eit hektisk forløp er det ein del som ikkje får bli med i tolkinga, og som eg moglegvis har oversett, men ved å bruke Roland Barthes sitt omgrep kjenner eg at eg får friare tøyler til å forstå framsyninga.
Det er så mange moglege tolkingar av det som skjer i scenerommet at å lande på ei av dei betyr å ta ei avgjersle om kva eg sjølv tykkjer er viktigast og mest relevant frå min eigen ståstad. Men den store mengda av referansar skapar ein pott av moglege tydingar som til sjuande og sist gjer meiningar fånyttes. På denne måten kommenterar framsyninga på vårt kapitalistiske samfunn. Dei mange meiningane symboliserer det vanvittige utvalet av produkt, her gjerne i motesamfunnet, som enkelt kan bli skaffa av menneske med kapital til det, utan atterhald om framtid, miljø eller trong.
Dødsdansen
Tittelen på framsyninga hintar til eit møtepunkt mellom levande og daude. Dette blir tydeliggjort gjennom bruken av kostyme og sminke. Aktørane er sminka som skjelett eller så er dei bleike som lik, og kostyma dei går med er inspirert av tidsepokar som mellomalderen, antikken og moderne tider. På denne måten blir catwalken til møtepunktet mellom levande (publikum) og daude (aktørane). Men sjølv om kostyma i hovudsak minner meg om tidsepokar frå fortida, er det òg tilfeller av til dømes futuristiske hattar. Her får vi ein annan ståstad, der møtepunktet mellom levande og daude ikkje lenger er mellom menneske, men heller mellom kostyma og dei som har kostyma på seg. Med sine sminka andlet framstår aktørane framleis som daude, men kostyma frå til dømes antikken er skapt med tekstil som ikkje blei brukt før på 1900-talet. Dermed er det kostyma som blir halde i live, då dei er skapt i vår tid, medan menneska som ein gong bar dei for lengst er daude. Tida blir flytande, som i limbo, mellom det som var, er og kan bli.
Fredrik Floen har koreografert on the lips of living men som ein hybrid av framsyning, karneval og moteshow. Kostyma legg fram og fortel om personar av ulike samfunnsklassar, men det er kun kostyma som viser dette. Personane som ber kostyma oppfører seg ikkje som om dei er riddarar eller greske filosofar. Dette kan vere ein effekt av catwalken, der poenget er å vise fram antrekk, men i hovudsak kjem kostyma så godt fram fordi aktørane sine andlet anten er dekka av hetter eller tomme ansiktsuttrykk.
Det er nokre kostyme som skil seg ekstra godt ut. Med både septer og rikseple møter vi monarken, ein annan person går over catwalken med ei bispelue, eit barn entrar scena nær slutten, og vi manglar ikkje kostymer frå andre samfunnslag. Når ein tenkjer over desse kostyma kjem inspirasjonen frå Tanz Macabre (Danse Macabre/Totentanz) tydeleg fram. Tanz Macabre er ein dødsdans som sidan mellomalderen har vore ein måte å understreke at dauden ikkje diskriminerar. Om du er pave, monark, bonde eller barn, så kan dauden kome for å ta deg. Kunstuttrykket har ofte framstilt desse rollane på sin veg til dødsriket, saman med andre daude som gjerne er kledd eller framstilt som skjelett. Det eg tykkjer er interessant er måten barnet blir framstilt som dauden. I staden for berre å vere eit mogleg offer i dødsdansen knektar barnet fleire av dei andre deltakarane med ei øks før ho seinare drep dei med same våpen, for så å gjenopplive dei. At dei daude gjenoppstår gir eit ekstra element til kostyma; at symbolismen bak kleda vedvarer.
Framtidig undergang?
Medan framsyninga kan tolkast som eit varsel om eigen dødelegheit og at når det kjem til dauden så kjem ingen unna uansett kva sosial status ein har, så gjer mitt pessimistiske tankesett dette om til ein forteljing om at menneskeslekta allereie er utvalde av Dauden til å delta i Tanz Macabre. Varselet om dødelegheita vår kom for mange år sidan, og vi ignorerte det. I ein del av framsyninga framtrer orda "there is a tower in everybody", og då tolkar eg dette i ljos av tårnet som eit symbol som spår ei katastrofal hending. Her blir den katastrofale hendinga vissa om vår eigen undergong, og ved å forstå dette kan vi finne ei ny innsikt i den siste tida før alt endar.
I alt som skjer, om det er i dei få, stille augneblinka der kun song blir spela av, eller om det er i dei mest kaotiske augneblinka, så legg on the lips of living men fram for auga på publikum eit abstrakt tårn av inntulla trådar å nøste opp i. Til trass for dei mest kaotiske augneblinka er det fornøyeleg å sjå ein performance som utfordrar tolkingsevna lenge etter den tar slutt. Kven veit, kanskje den katastrofale hendinga som skal føre til ny innsikt var sjølve framsyninga?