Redaksjonen for Vestens musikkhistorie har i følge seg sjølv ”ofret en kraftig ensretting av de ulike bidragene” til fordel for eit mangfald av forfattarstemmer. Det har gitt ei brokete bok, i tydinga fargerik, men òg innfløkt og uryddig.
Av føreordet til boka går det fram at den fremste målgruppa er bachelorstudentar i musikk. Sekundært kjem andre musikkinteresserte. Denne omtalen tar utgangspunkt i mi erfaring med å lese boka og bruke delar av henne i undervisning ved Noregs musikkhøgskole (NMH) siste studieår. Ei ytring frå ein i den andre målgruppa er å finne på http://www.historieblogg.no/?p=668.
Det bør nemnast at eg dei siste åra har vore doktorgradsstipendiat og kollega med redaktøren, førsteamanuensis Erlend Hovland, ved NMH. I skrivande stund er eg som postdoktor òg nyleg kome i hus med fleire av bidragsytarane frå Institutt for musikkvitskap ved Universitetet i Oslo. Eg vel likevel å gi ei vurdering av boka her, i den tru at ho kan gå inn i ein samtale mellom fleire som opererer i eit ideelt sett fruktbart forhold mellom musikkforsking og -undervisning.
Begeistra
Ut frå denne ståstaden er eg begeistra for ideen med å la ulike forfattarar skrive kvar sine delkapittel, under fullt namn. Dette sikrar større variasjon og djupare innsikt i emna enn dei meir tradisjonelle, oversiktlege framstillingane signert éin forfattar – som for eksempel Elef Nesheims Musikkhistorie (Norsk musikkforlag 1985/2004) eller Harald Herresthals Musikkens verden (Aschehoug 2007).
Vestens musikkhistorie – heldigvis med det avgrensande ”Vesten” lagt til i tittelen – viser eksplisitt ambisjonar ut over Nesheim og Herresthals: ”I stedet for bare å fortelle historie, håper vi å få deg til å se, ja, avsløre, hvordan vi gjør historie… hvordan vi griper noen kilder, noen musikalske eksempler og noen historiske fakta og lar disse få betydning… Vær kritisk når du leser, tenk hvordan dette kunne vært framstilt annerledes, for det kan det alltid,” oppmodar redaktøren i føreordet (s. 4).
Redaksjonelle valg
Boka produserer definitivt kritiske refleksjonar. Nokre er kan hende opplagte, det vil alltid vere tema ein gjerne ville sett meir eller mindre til i ei bok som går gjennom 400 års musikkhistorie på om lag like mange sider. Det eg saknar mest er likevel eit overtydande redaksjonelt grep som, direkte og indirekte, argumenterer for strukturen og prioriteringane i boka.
Der tilsvarande musikkhistorieverk oftast startar i antikken, er undertittelen til Vestens musikkhistorie ”Fra 1600 til vår tid.” Valet er pragmatisk grunngitt, for at ikkje pensumsidene skal bli for mange, og for å gi populærmusikken større plass enn vanleg. Eg skulle gjerne sett ei sterkare fagleg fundering, både for å starte rundt år 1600 og ikkje minst: for å byggje boka opp etter årstalsbolkar framfor epokar, stilar og komponistskap.
Detalj eller overblikk?
At til dømes Wolfgang Amadeus Mozarts kyrkjemusikk, operaer og instrumentalmusikk blir så å seie strødd ut i tre ulike delkapittel (1-3), er i og for seg greitt, så lenge ein stoler på at studentane kjenner komponisten frå før av og kan setje bitane saman om dei vil. Verre er det når Haavard Skaadels opningskapittel, med eit vell av i dag nokså ukjente komponistnamn og stilar mellom dei meir kjente (Johann Sebastian Bach er òg med) blir nær ugjennomtrengjeleg. Jo, det er interessant å sjå kyrkjemusikken i lys av reformer og skiftande konvensjonar mellom 1600 og 1800 – men kor detaljert og innforstått kan stoffet leggjast fram før studentane mister tråden, eventuelt motet?
Jørgen Langdalens kapittel 2 om verdsleg vokalmusikk i same tidsrom ville stått betre som ein introduksjon til same tidsperiode. Her er gode innleiingar med stoff om samfunnet musikken spelar seg ut i, kombinert med nærare studium av nokre få vel valde døme frå operaer og kantater. Mange av dei same kvalitetane har Lise Karin Melings kapittel 3 om instrumentalmusikken, der det gjennomgåande temaet er utvikling av form, men der ho òg gir både utøvaren og kvinners rolle i musikklivet meir merksemd enn vanleg.
Slike variasjonar i perspektiv, som kjem i og med at forfattarane har ulike forskarspesiale, er jamt over ein klar styrke ved Vestens musikkhistorie. Samtidig blir kapitla på godt og vondt prisgitt særeigne interesser hos dei som skriv.
I Erlend Hovlands bolk om musikk frå 1800- og litt inn på 1900-talet (kapittel 4, 5, og 6), har eg som lærar hatt stor glede av å bruke og diskutere analysar og nære blikk på utvalde verk, frå Ludwig van Beethovens Eroica-symfoni via Franz Schuberts Gretchen am Spinnrade til Igor Stravinskijs Historien om en soldat. Hovland greier òg, på ledig og elegant – tidvis nær sleivete – vis å veksle mellom prinsipielle diskusjonar (kva er romantikk?), musikken sett i samfunnsperspektiv (kritikkens nye rolle, klaverets funksjon, nasjonalisme i musikk) og estetiske og eksistensielle tema (som i den sterke omtalen av Gustav Mahler, forfattarens spesiale).
Samtidig koketterer han med at andre verk er ”tilfeldig” valt ut, noko som innimellom gir stoffet eit for subjektivt preg og svekkjer autoriteten både som forfattar og redaktør.
Nokre døme: ein fyndig, poetisk presentasjon av Richard Wagners Tristan og Isolde rettferdiggjer etter mitt syn ikkje at ei pensumbok i musikkhistorie heilt utelet å nemne Nibelungen-Ringen, hovudverket til same komponist. Tilsvarande er det vanskeleg å forstå, og Hovland argumenterer ikkje for, at han i presentasjonen av Edvard Grieg brukar ei side på operafragmentet Olav Tryggvason, men ikkje nemner verken klaverkonserten i a-moll eller den uomgjengelege songsyklusen ”Haugtussa” – som mange studentar vil eller burde ha eit forhold til. Særleg underleg blir det å trekkje fram Grieg og Bjørnstjerne Bjørnsons ufullførte opera i lys av at ingen av Giacomo Puccinis blir presentert nærare i boka.
Om dette er Hovlands måte å problematisere ein etablert musikalsk kanon på, verkar det dessverre i større grad tilfeldig enn velgrunna. Det beste ein kan seie om dette – som eg òg har utnytta – er at det nærmast tvingar temaet kjeldekritikk fram i undervisninga. Les gjerne denne boka, men konsulter for all del andre framstillingar òg!
Samfunnskontekst
Kapitla om 1900-talet (7 og 8) er sterkare, frå Hovlands inngang til hundreåret via Claude Debussy og Gustav Mahler og ikkje minst Arnulf C. Mattes' framstilling av musikklivet i Wien og Berlin mellom verdskrigane. Her er vel valde og vel skrivne presentasjonar av viktige verk og komponistar, poengtert sett inn i ein samfunnskontekst. Avsnitta om Arnold Schönberg, Mattes’ spesiale, er særleg kloke, og fint nyanserande i forhold til andre framstillingar av komponistens ”brot” med tonaliteten og estetikken i samtida.
Erling Guldbrandsens tekst om musikken etter 1945 flyt nær sagt overraskande godt, sjølv om perioden er delt inn i bolkar på berre 15 år. Også her blir eit vell av komponistnamn og verk presentert på få sider, ingen svært nærgåande, og dei mest sentrale, som John Cage, Karheinz Stockhausen og Pierre Boulez kjem igjen i fleire avsnitt. Dette kan nok verke overveldande på mange studentar, sjølv om det er rimeleg å skildre mangfaldet i så pluralistiske brytningstider som dei siste 60-70 åra. Men Guldbrandsen legg òg ut nokre tematiske trådar som gjer det lettare å følgje med i straumen av namn og tendensar. Til dømes spør han om det moderne representerer brot med, vidareføring av, nytolking av eller spel med tradisjonen (s. 286). Dette er gode omgrep å lese ut frå og å ta med vidare inn i undervisninga.
Perspektiv og prioritering
Til slutt (frå s. 320) inkluderer Gudbrandsen nokre refleksjonar om å skrive musikkhistorie ut frå vår tid. Dei er relevante og gode. Men for meg framstår det som pussig at dei står der dei står. Er det, til dømes, først etter tre hundre sider vi skal få grunngitt kvifor norske komponistar knapt har fått plass – i generasjonane mellom Edvard Grieg og Arne Nordheim er ingen nemnt – i ei lærebok på norsk?
Sagt på ein annan måte: kvifor er ikkje spørsmåla om kva perspektiv og prioriteringar musikkhistorieboka er skrive ut frå – det vere seg sjanger, form og skrift, lyttar- og publikumsperspektiv, komponistbiografiar eller samfunnsspørsmål – presentert og drøfta grundigare innleiingsvis i boka? Situasjonen i dag – der alle musikkhistoriske epokar så å seie er tilgjengelege i opptak og digitalt – kunne vore eit spennande utgangspunkt for ei slik innleiing, der også dei nyare musikkvitskaplege innsiktene, som i følgje det to sider knappe føreordet ligg til grunn for boka, kunne blitt sett inn i ein større og meir begripeleg samanheng. Med det kunne også siste kapitla om jazz og populærmusikk sett mindre ut som eit vedheng og meir ut som ein integrert del av musikkhistoria dei siste hundre åra.
Desse kapitla (9 og 10) er til gjengjeld – så langt eg ser dei, utan å vere populærmusikkyndig – gode. Odd Skårberg, Anne Danielsen, Morten Michelsen og Hans T. Zeiner-Henriksens framstillingar balanserer alle mellom å gå tett på enkelte verk, eller låtar, og å trekke opp andre historiske og sosiale linjer. Slike balansegangar er langt meir ujamne elles i boka.
Sterkare redaktørgrep
Alt i alt saknar eg altså sterkare redaktørgrep i Vestens musikkhistorie, både musikkfagleg og frå forlagssida. Boka er lekkert forma, med fine introduksjonssider til hovudkapitla, ei rad faktarammer og illustrasjonar som fyller ut og gir fargar til det heile. Men nyttige, tørre fakta som fødsels- og dødsår på komponistar, er ofte vanskeleg å finne fram til, og store delar av innhaldet burde vore redigert ein ekstra runde, med blikk for gjennomgåande prioriteringar i heile tidsrommet boka dekkjer.
Det ville ikkje vore å einsrette, men snarare å ta betre vare på kunnskapane, engasjementet og all den potensielt klingande musikken som tekstane inspirerer til å finne fram, nettopp fordi forfattarane – ulike spesialistar og forskarar – har så mykje å fare med. Med det kunne vi ha fått ei like innsiktsfull og samtidig langt meir brukarvenleg bok – for pedagogar, studentar og andre interesserte.
Astrid Kvalbein disputerte våren 2013 fra Norges musikkhøgskole med avhandlinga Musikalsk modernisering: Pauline Hall (1890-1969) som komponist, teatermenneske og Ny Musikk-leiar. Frå august 2013 er hun postdoktor ved Institutt for musikkvitenskap, Universitetet i Oslo.