S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk

Inspisient - Det Norske Teatret


Arbeidsgiver
Det Norske Teatret

Stillingstittel
Inspisient

Arbeidssted
Oslo

Frist
19. mai 2024

Kontakt
Hedda Rønneberg
Produsent Det Norske Teatret i Groruddalen
hedda.ronneberg@detnorsketeatret.no
22473937 / 98610220

Søk på stillingen
Del annonse
https://scenekunst.no/stillingsannonser/inspisient-det-norske-teatret
Facebook

Det er ledig eit vikariat frå medio september 2024 til sommaren 2025, med moglegheit for forlenging.

Inspisient

Ansvarsområde og arbeidsoppgåver

Hovudoppgåva til inspisienten er å vere administrativ leiar av prøvar og framsyningar. Inspisienten er bindeleddet mellom administrasjonen og teknisk/kunstnarleg personale på dei produksjonane som hen blir tildelt, og skal sørge for at praktisk framdrift i produksjonen blir halden.

Utdanning og erfaring

  • Høgare utdanning og/eller relevant erfaring frå teater
  • Erfaring som teaterinspisient på større produksjonar vil bli vektlagt
  • God skriftleg og munnleg språkkjensle
  • God datakunnskap
  • Personlege eigenskapar
  • God forståing for teaterproduksjon og kunstnarlege prosessar
  • Sjølvstendig og strukturert
  • Løysingsorientert, allsidig, lærevillig
  • Robust og evne til å bevare roen, sjølv i krevjande situasjonar

Kvalifikasjonar

Vi søkjer ein ansvarsbevisst og innovativ person med gode samarbeidsevner. Du må kunne utarbeide praktiske løysingar innanfor gitte rammer i eit hektisk miljø, og ha evne til å takle raske omstillingar.

Vi tilbyr

  • Ein spanande og utfordrande jobb i eit hektisk arbeidsmiljø
  • Stor tilgang til kunstnarlege opplevingar
  • God kollektiv pensjons- og gruppelivsforsikring
  • Gunstig ferieordning
  • Lønn etter tariff

Som inspisient følgjer du prøvar og framsyningar for tildelte produksjonar. Arbeidstida vil variere mellom dag og kveld på vekedagane, og i helga når det er framsyningar. Arbeidsstaden for inspisienten vil variere, og er styrt av kor vi til kvar tid speler teater i Oslo eller på turne. Det Norske Teatret ønsker å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår til å søkje. Om Det Norske Teatret

Det Norske Teatret er landets største teater. Teateret er nynorskteateret i hovudstaden og blei etablert i 1913 som ein scene for språkleg og kunstnarleg fridom. Vi har sidan 1985 halde til i Kristian IVs gate i Oslo, i eit av Noregs vakraste teaterbygg. Vi arbeider særskilt med mangfald og har sidan 2019 hatt Rommen scene i Groruddalen som fast spelestad med eigne produksjonar. Om lag 250 000 publikummarar ser framsyningane våre kvart år. Vi er 240 tilsette og meir enn hundre frilansarar som tar mål av oss til å skape eit djervt, ope og engasjerande teater på høgt europeisk nivå.

https://www.detnorsketeatret.no/


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no