S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Egil Bakka – 27. mai 2022

«Kunst» eller ikkje – fantastisk dans og spel

Foto: Ingvil Skeie Ljones


Publisert
27. mai 2022
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av
Egil Bakka
Debatt Dans

Det er nå runnom som er dansen da

Riksscenen 13. mai 2022

Utøvere: Inga Myhr & Sigrid Stubsveen Regi: Riksscenen v/ Vegar Vårdal Film: Sigurd Ytre-Arne & Anders Lillebo Scenerekvisitter: Cand Mangt v/ Gøril Rostad Utlån av arkivfilm: Norsk senter for folkemusikk og folkedans


Del artikkelen
https://scenekunst.no/sak/kunst-eller-ikkje-fantastisk-dans-og-spel/
Facebook

“Inga Myhr og Sigrid Stubsveen gav oss ei uvanleg oppleving – som det verkeleg skein av – på Riksscena den 13. mai.” Professor emeritus tenker høyt om folkedans og kunst i dette innlegget.

I framsyninga “Det er nå runnom som er dansen da” fekk vi oppleva arbeidet deira med å studera kjeldemateriale av film og lyd-opptak og føra det over i sine eigne kroppar. Dei viste til fulle kva fantastisk dans og musikk dei kunne få ut ved å ta kjeldene alvorleg, og det seier eg utan atterhald til både Sigrid og Inga. Sidan dansen er feltet mitt, og sidan ei så konkret og presis gjenskaping av dans er mindre vanleg enn tilsvarande arbeid med musikk, vil eg seia mest om denne sida.

Vi fekk nokre glimt av arbeid med danseanalyse i starten. Det var filmopptak frå Norsk senter for folkemusikk og folkedans som låg til grunn og som vi fekk sjå bitar av. Samtidig viste Inga korleis ho analyserte, etterlikna og øvde om att og om att og dansa etter dansarane vi såg på lerretet. Det er krevjande arbeid som krev både reiskap og eit skarpt og øvd auge for rørsle. Eg har vore imponert av Inga sitt talent for analyse før, og utan den hadde ikkje danseprestasjonen vore mogleg. Dansepresentasjonane vi fekk sjå var såleis heilt i særklasse. Ofte opp gjennom åra, då eg filma dans med uttrykk, dynamikk og rytme av det slaget vi såg på filmane frå Trysil og Engerdal, ja også då eg filma dei, så tenkte eg: Tenk om desse fantastiske uttrykka kunne gjenskapast i nye, yngre kroppar. Eg har tvila på om det kan vera mogleg utan at dei som skulle læra levde i lag med læremeistrane lenge. Det var det eine kullet vi fekk av eit utøvarstudium i dans som verkeleg gav meg trua på at dette kunne gjerast primært med å studera, analysera og etterlikna filma dans. Nå har eg sett at både Inga og andre av desse tidlegare studentane har fått det til. Det berre så utruleg synd at det er så få som har fått reiskapen til å gjera slikt når vi ser rikdomen av kjelder vi har å ausa av.

Det var fantastisk å sjå korleis Eidsvollsbygninga vart førd tilbake og presentert i all si prakt til grunnlovsjubileet i 2014. Dansane er usynlege når dei ikkje blir dansa. Det synest ikkje å vera noko forståing for at dei kan arbeidast med på tilsvarande vis og stå fram som like storslegne som hus. Mange av Eidsvollsmennene var heilt sikkert fantastiske songarar og dansarar, truleg var der også musikarar. I København dansa den kongelege balletten norsk springdans i den spesielle danske ballettstilen som Danmark er kjend for å ha halde oppe like fram til i dag. Ei lita fantasihistorie om at prins Christian Frederik henta danske ballettdansarar til Eidsvoll, kunne ha fungert godt. Eidsvollsjubileet oversåg totalt truverdige gjenskapingar av alt slikt som vi kallar immateriell kulturarv. Ein kunne ha gjenskapt like truverdige former av dans og musikk som av bygg og inventar. Det ville ha vore fullt mogleg. Når det er så få utøvarar som kan gjera eit slikt arbeid, må presentasjonane bli svært smålåtne og lite synlege, det er berre dei færraste som i det heile oppdagar det finst slik utsøkt dansing.

Eg synes presentasjon av tradisjonsdansen ofte lid av ei tru på at scenekunst i dag må vera svart-kvit, minimalistisk, dødsalvorleg, og utan dei mange formene av det frodige som ligg til det folkelege. Eg meiner presentasjonar av folkeleg dans og musikk bør bryta, på klart og medvite vis, med det eg ser som interne, ofte banale klisjear og tabuliknande konvensjonar som vi ser i samtidskunsten. Det kan vera kampen mot det figurative, mot at det er tydeleg for alle å sjå at dette er eit menneske, at dette er ein melodi folk kjenner og at dette er dansen runnom, ein dans som har levd i kanskje opp mot 200 år. Han har rammer, men også eit stort rom for variasjon og personleg tolking, slik Inga og Sigrid så tydeleg synte. Når han ikkje blir omforma, men berre vedunderleg tolka i samsvar med tradisjonen, har han så ingen verdi på scena? Når vi ikkje får utdanna folk som kan slikt på linje med Inga, og når vi så sjeldan ser det framført, så er det vanskeleg å sjå at det er anna enn manglande verdsetjing.

Når folkedansen må omkoreograferast, ikkje lenger kan ha tett gjentakande danserytme og steg som går i eitt med musikken, når ein primært skal dansa med overkropp og armar i staden for føter, då er det fordi haldingar og klisjear henta frå gamal arv som heng att i samtidsdansen tek styringa. Røtene til desse grunnhaldningane går tilbake til den ideologien Rudolf Laban skapte i 1920. Han ville skapa ein ny dans som gjorde all annan dans unødvendig og irrelevant. Han ville frigjera dansen frå musikken, den skulle i høgda vera ei kulisse. Han ville gjera dansen til skalaer og harmoniar i rommet og arbeidde med tredimensjonale geometriske modellar for menneskeleg rørsle. Slik var det særleg armane og overkroppen som bar uttrykket, Laban likte ikkje fotdans. Han såg heller ikkje verdien tradisjonsformer. Han ville leia dansarane i koreografiar han skapte, til dels spontant. Alle desse hundre år gamle haldningane ser vi framleis som tendensar i samtidsdansen. Problemet er ikkje at samtidsdansen held seg med slike rammer, men at det ser ut til at mange samtidsdansarar – utan å sjå det sjølve – let dei gamle rammene stå som retningsgjevande for verdiane i all dans. Så er eg redd at dei som set folkedans på scena med kunstnarlege intensjonar kjenner at dei også står i fare for å bli dømd ut frå slike rammer og kjenner trongen til å låna og tilpassa seg.

Nå trur eg ikkje det skjer så ofte mellom dei svært dyktige koreografane som arbeider med folkedans for scena i dag, men eg har definitivt sett tendensane. Eg ser det som ein fare at dans med heilt andre estetiske verdiar ikkje greier å stå på sitt om ikkje nokon skriv innlegg som dette. Inga og Sigrid greidde å stå på sitt heilt og fullt i spelet og dansinga. Den sensasjonelle kvaliteten i rørsle og lyd som dei fekk fram gav oss ei heilt særeiga oppleving, som vi gjerne vil ha oftare og med fleire dansarar og musikarar. Framsyninga deira hadde fått støtte som eit nyskapande prosjekt for dans frå Riksscenen, og rammene var utvikla der med Vegar Vårdal som produsent.

Det einaste eg sakna i framsyninga til Inga og Sigrid var at utøvarane stod fram som personar med menneskelege relasjonar til folka på filmane, til heimemiljøa sine, til livshistoria si, og til forteljingane som knyter morosame episodar til dans og musikk. Der ligg den gode skikken med å æra dei som gjekk føre. Det syntes som at dei hadde satsa på det minimalistiske og på å la mykje vera usagt. Vi treng det frodige, fargerike, personlege som gleder og rører oss. Der har svenske Leif og Inger Stinnerbom ved Vestanå teater i Sunne vist ein veg som vi på ny kunne ta lærdom av. For meg er det viktigare at vi får framstilt folkedans på slåande og særeige vis, slik Inga og Sigrid sin dans og sitt spel gjorde, enn at han blir sett i minimalistiske rammer for å bli høg kunst. Dei som forvaltar kunstomgrepet oppfattar det som svært ope, men for meg har det mange usagde og umedvitne blindsonar. Derfor burde ikkje folkedansen la seg binda av det og la det få stå som domar for all kvalitet. Eg forstår likevel at det kan vera vanskeleg å vera ukonvensjonell på ein «utrendy» måte når ein har institusjonell prestisje og økonomi å ta omsyn til.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no