S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Dordi Strøm – 5. oktober 2020

Om fotball og menn, for alle og ingen

Fra Fotballspelet av Vegard Vinge og Ida Müller. En oppblåsbar Kevin Keegan. Foto: Dordi Strøm


Publisert
5. oktober 2020
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Essay Teater

Teksten er ein del av Scenografi som tekst 2020 og prosjektet har mottatt støtte frå Fritt Ord.

Habilitetsnotat: Dordi Strøm har samarbeid med kunstnarane i festivalleiinga for Teaterfestivalen i Fjaler ved ei rekke anledningar. Sist med Vårløysing av Frank Wedekind i lag med Miriam Prestøy Lie (Det Norske Teateret 2020), med Alt det lyse og alt det mørke av Brynjulf Jung Tjønn (Teater Vestland 2018) og med Torkil Sandsund i Jostedalsrypa av Maria Tryti Vennerød (Teater Vestland i 2019).


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/om-fotball-og-menn-for-alle-og-ingen
Facebook

Du drøymer om menn du, Vegard Vinge, og kjøper deg ein heilt eigen oppblåsbar Kevin Keegan. Han er sikkert seks, åtte, ti meter høg, og får stå der og smile Vegard Vinge-smilet sitt til publikum når dei går heim etter framsyninga.

Vegard snakkar. Han skravlar. Han har mikrofon og er sirkusdirektør for fotballspelet. Han er Arnardo. Dette er hans show, han har ein handhaldt mikrofon tett inntil munnen og står i Marius-genser og caps og pratar og veiver med armane og skravlar og seier høgt det han ser. Vi står og ventar og ser det Vegard ser på ein storskjerm, eit lerret, på det som kameraet ser, vi ser videobilete projisert opp på ein duk. Vegard ser på bileta medan han snakkar, videobileta er frå inne i fotballutstillinga, inne i den gamle malebutikken, midt i Dale sentrum, det er Ida Müller, er det ho som filmar det vi ser, på storskjermen, ho går rundt inne i den gamle malebutikken, inn i den gamle fargehandelen Solheim i Dale med eit videokamera. Etter ei stund kjem ho ut på trappa og står i døra til malebutikken til katedralen, og ho ser, og vi ser, røyk og lyskastarar og ei grøn grasmatte og eit publikum i regnklede som smilar, for her er det klart til kamp og musikken er øredøyvande, frå digre høgtalarar rungar opningstemaet frå 2001 – Ein romodysée, for dette er ein odysée, og Vegard snakkar og snakkar i mikrofonen, for slik snakkar Zarathustra – til alle og ingen, ein prest, ein forkynnar, slik snakkar Richard Strauss, kunstnargeniet, fritt etter Nietzsche, for vi er på ei reise, sa Vegard, vi veit ikkje kvar vi skal, men del ein var i Berlin, og del to var i Bergen, og dette er del tre, og Ida er grøn i fjeset, ho er grøn på heile kroppen, ho er ein teletubby, men ho er korkje Tinky-Winky eller Laa-Laa eller Dipsy eller Po, ho er den grøne teletubbyen, den tubbyen som var der heile tida, men som gøymde seg i graset, under sola, som er Vegard sikkert, Vegard er sola som skin på tubbyane og graset og blomane. Vi såg henne ikkje, ho er den grøne matta på tv-skjermen, i stova på studentbyen på Kringsjå, der Vegard Vinge vaks opp, graset som alle leikar på og slost på og scorar mål på, der slaget skal stå, mellom menn, der kampen skal stå, men som ikkje snakkar, graset snakkar ikkje. Det er det Vegard Vinge som gjer.

Vegard Vinge og Ida Müller har bygd om heile fargehandelen, eller nokon har bygd den heilt om, for dette må dei ha hatt hjelp av handverkarar til, mange handverkarar i mange timar, det er nye veggar over alt i heile butikken, veggane er sett opp utanpå dei gamle, med lysstoffrøyr til å lyse opp alle bileta i labyrinten i katedralen som leder publikum i ei bane forbi alle portretta av alle mannfolka som heng på veggane, alle fotballspelarane, alle mennene i uniformer i fotballdrakter av bomull, eller nei, det er akryl, i dette VM’et i 1982 er det akryl. Her heng dei på veggen utan skjegg eller kinnskjegg, det var tiåret før, no er det langt hår, hockeysveis, svarte krøller, dei har brune auge eller isblå auge. Vegard har brukt den same blåfargen på alle dei blå fotballspelarauga, ingen blunkar, alle ser rett på oss, rett på det imaginære kameraet. Her heng dei i A3-format i den gamle fargehandelen, i den gamle katedralen, fotballkatedralen, fotballfargehandelkatedralen, fylt med teikningar frå vegg til tak som haustutstillinga, som barneromstapet, som salongutstillingane i Paris, berre at no er bileta i klipsrammer, som på åttitalet, klippsrammer frå Ikea, med alle landslaga, med alle mennene med alle farsfigurane til Vegard Vinge, alle ikona i katedralen hans, alle ikona som var med i VM i fotball i 1982, det året Noreg slo England i kvalifiseringa, det året vi enno ein gong vart sist i gruppa og ikkje kom med til VM.

Foto: David Zadig

Men av Vegard Vinge får dei norske spelarane Panini-portrett, sjølv om dei ikkje var i Panini-samlinga i ‘82. Vegard har teikna heile laget, heile draumen sin, alle mann, norske mannfolk, arbeidarar. Han har teikna dei i klåre primærfargar med glorie i gull og namn og yrkestittel under kvart portrett, på kvart fotballkort, på kvart handverkarkort, dei er arbeidsfolk, Pål Jacobsen er reproteknikar, Svein Grøndalen er sivilingeniør, ein er lærar, ein revisor, Tore Antonsen, Tore i buret, målvakta, er montør, han kjem frå arbeidarklassen. Vegard Vinge synest det er så vakkert seier han, at Tom Lund ikkje let seg kjøpe av Ajax, den trufastheita, ikkje sant, eg synes det er veldig rørande, seier Vegard. Eg tenkte ikkje det då, seier han, men eg tenkte det i ettertid: Tore Antonsen reiste til landskampen mot England, med toget frå Hamar til Oslo S, og så tok han trikken vidare opp til Ullevål, eg skulle eigentleg treffe han og intervjue han om den dagen, korleis han vakna den morgonen, den 9. september 1981, eg skulle bruke stemma hans, fortel Vegard, eg skulle lage eit intervju med han, ein røyrleggar. Men dei er først og fremst fotballstjerner, seier Vegard i samtala på Samvirkelaget dagen etter spelet, han begynte å teikne dei for tre år sidan medan han låg i ei seng på eit sjukehus. Det er ikkje som med poeten Henning Bergsvåg frå Bergen, han som intervjuar Vegard Vinge og Dag Solstad og gamleordføraren og linjemannen Arve Helle, på Samvirkelaget for festivalradioen Radio Fjaler.

Henning teikna då han var liten, fortel han, då teikna han dei fotballkorta han mangla, men eg byrja ikkje før i vaksen alder eg, avbryt Vegard. Det er angst, seier Vegard til Henning, og alle desse fotballspelarane er fars-substitutt. Dag Solstad vaks opp med far, det gjorde ikkje eg. Om ein veks opp med ein far så kan ein bli ein slik ein som analyserer matchen etterpå, seier Vegard, då kan ein bli ein intellektuell som Dag Solstad, men eg er fødd på Kringsjå Studentby, eg budde åleine med ei mor som las fotballbøkene til Dag Solstad og Jon Michelet høgt for meg på sengekanten.

Eg var og besøkte Dag Solstad, fortel han, han las inn fotballboka for meg, eg har han på tape, det hender det at eg sett på tapen med Dag Solstad som les, og då blir eg så roleg. Eg er ein annan generasjon veit du, eg høyrer til den første generasjonen som vart eksponert for alle spin-off-produkta, all merchandisen under dei store mesterskapa. Når eg tenkjer meg om så er eg slett ikkje oppteken av fotball i det heile, seier Vegard. Og vi som høyrer på skjøner det vi og, at han ikkje bryr seg om spelet, og han seier det høgt, Solstad sa det og, sanninga er at fotball er eit jækla kjeisamt spel, sa Solstad under intervjuet, det hender jo ingenting, om det blir 1- 0 så blir alle så utrulig glade, men om det er det andre laget som får den scoringa så er det ei katastrofe.

Fra fotballsamtalen med Henning Bergsvåg, Dag Solstad, Arve Hjelle og Vegard Vinge. Foto: David Zadig.

Vegard bryr seg berre med alt rundt spelet, Panini, draktene, pølsedama, tomflaskene, katedralen – alle portretta, han er besett av namn og figurar, karakterar. Han omtalar Dag Solstad i treieperson, sjølv om han sit i panelet i lag med han, han vil oppretthalde eit filter mellom seg og Dag Solstad, seier han, han erstattar mora, ho las ifrå VM-boka 1982 for han når han skulle sove om kvelden. Eg har alle Brasil-kampane frå 86 på VHS, eg elskar dei gamle dårlege opptaka, det skapar eit filter mellom meg og dei, som eg kan projisere lengsler og draumar på.

Eg heldt med Tyskland då dei spelte på Ullevål, dei slo Noreg 4-1. Eg heiar alltid med dei sterkaste, fortel Vegar. Eg er nok lett kondisjonert, Solstad er meir intellektuell og sånn, eg er berre white trash, og då er du meir utsett for kondisjonering ikkje sant, då er det cola og big mac og det blir ikonografi, du er eit veldig lett bytte då, og då held du berre med dei sterkaste laga, ja det er sånn dei kondisjonerar deg – eg har gått på det der heile livet, eg, så det er dette som liksom er gudebilda mine då. Så eg berre fortsett, eg har drive og pepra meg sjølv med reklame i førti år og no køyrer eg berre, no fortsett eg berre! Eg burde jo fått betalt for desse bileta mine av cola og sånn, så det er jo eit problem, eg ser jo det no, men eg følger heller emosjonen på det altså, det er litt splitta, eg er veldig splitta, eg er ikkje einig med meg sjølv der.

Om Noreg- England-kampen handla om amatørane sin siger over imperiet og pengemakta, seier Henning, kva handla Vest-Tyskland – Frankrike-kampen om, den som vart spelt ut på scena i Bergen? Kva var det som gjorde at du tok tak i den? spør han Vegard. Fargane på draktene og sånn, svarar Vegard, berre den derre franske drakta var jo dritfin, 1982-drakta i Frankrike, den hadde eg jo, eg hadde og Vest-Tyskland-drakta, altså eg har jo meir eit sånt, ei sånn greie, eg er sånn, eg kjøpte meg liksom Johan Kreuff-drakta, ikkje sant, nummer fjorten, eg kjøpte meg den fordi det var bomull, ikkje sant? No har dei ikkje bomullsdrakter lenger, det handla jo berre om å ha den på huda, det såg jo jækli bra ut, Johan Kreuff i den derre oransje drakta, så ja, eg er enkel sånn sett.

Fotball betyr mykje, særlig for mannleg vennskap, seier Henning, han har fire eldre brør. All kjærleik som formidlast mellom oss brørne, kommuniserast gjennom fotball, seier han, og vi som sit og høyrer på samtala i Samvirkelaget synest kanskje litt synd på Vegard Vinge akkurat då. Har han søsken, eller hadde han berre mora, stakkars mora, kva var gale med henne, var ho ikkje nok, og kvar er denne faren, lever han ikkje lenger? Det er mørkt hjå Vegard Vinge, der han er einsam er det mørkt, i det svarte mørket, i den blinde flekken, hjå guten hjå mannen Vegard Vinge som låg åleine i senga på sjukehuset og teikna, i den blinde flekken.

No er det eit lyspunkt at Vegard har fått sopass mykje merksemd og jubel over prosjekta sine då, det må vel gjere han glad, han haustar jubel både i utlandet og her heime, og i den norske scenekunsthistoria er posisjonen hans å likne med Tom Lund og Tore Antonsen og Kjetil Rekdal og Åge Hareide til saman, og tenk på alle pengane, frå Kulturrådet, ja, for andre som driv internasjonal eksport av eit høgt akta produkt, som er delvis norsk og i stor skala, er det sikkert berre småpengar, det er ikkje det – for ikkje å snakke om alle som stiller opp for han, når han kjem og har ein god idé, for det har Vegard Vinge, det er mange arbeidstimar, tenk på alle dugnadstimane, alle dei gratis arbeidstimane som folket i Dale har lagt ned i kunstnarskapen hans, det må vel vere noko, det må vel gjere han glad?

Fra Fotballspelet av Vinge/Müller. Foto: David Zadig

Men samtalen varar i nesten ein time, og berre ein gong nemner Vegard dei frivillige ungane frå kulturskulen i Dale, elles har han ikkje eitt ord til dei som har bidrege til framsyninga, han har ikkje eitt ord å seie til nokon av dei. Han kunne ha takka, men Vegard Vinge er ikkje ein mann som takkar. Han har sitt eige prosjekt, og det har berre så vidt byrja seier han, reisa har berre akkurat starta, del ein var i Berlin og del to var i Bergen, så dette er del tre, ja, nett no skulle eg ha vore i bedehuset og filma. Treng du frivillige, spør Henning. Nei, dette er eigentleg berre ei solo-scene, svarar Vegard.

Du har jo gjort ein heil del studiar rundt denne kampen mellom Noreg og England, seier Henning. Nei, eg har ikkje gjort noko særleg studiar rundt kampen, svarar Vegard, for meg er det berre heilt subjektivt, eg er liksom fødd oppe på Kringsjå Studentby, så eg budde på Kringsjå Studentby, og eg spelte på Lyn, så det var liksom, ja, eg berre gjekk i det området, og eg såg jo matchen på tv hugsar eg, og eg høyrde jo Lillelien på radioen, men det var like mykje det at eg reiste ned på Ullevål stadion og samla tomflasker ikkje sant, når det var matchar så gjorde ein jo sånne ting, heile greia er, vel eg er meir ein sånn type …. altså, det er ikkje ei sånn reise for å seie det slik.

Ja, vi har ikkje ein gong komme til tomflaskescena enno, det er det vi held på med no, det er liksom sånne Magnolia-greier, seier Vegard, det handlar like mykje om pølsedama og tomflaskene og Lillelien-kommentatoren i bakgrunnen, seier Vegard, vi har berre starta den reisa.

Arve Helle vil gje Vegard ei trøye, seier han, ei gul fotballtrøye frå Dale IL, ein brukar å gjere det etter ein match, ein gjer bortelaget som kjem på besøk trøye si, ein byter trøye, det er Henning som foreslår det, om eg var deg så ville eg ha nytta dette høvet til å gje Vegard Vinge, til å gje storspelaren Vegard Vinge, ei Dale IL-trøye, no når han først er her, no når han er her på så storfint besøk frå den store verda, meiner sikkert Henning, ja det skal vi ordne, seier Arve Helle, raust, det skal vi sikkert få til, det er klart, det skal eg sjå om ikkje eg kan få ordna alt i dag, seier eksordføraren og linjemann og smiler. Vegard Vinge seier ingenting.

Sirkusdirektør for det store Fotballspelet, Vegard Vinge, ser ut som ein bonde den kvelden kampen står, ein kunstbonde frå storbyen som er på bygda og lagar kunst, og han får maks utteljing, for alle stiller opp: Her er korps og ein ordførar med kommunevapenet med bruene på, på bringa, her er Kirsten Flagstad til hest og ein heil gjeng med karar i bar overkropp som er hooligans bak eit gjerde, Narinjito er her, VM-maskoten frå VM’et i Spania i 1982, han er ei diger appelsin med eit barn inni, eller ein kortvakse vaksen, kva veit eg, her er statist på statist med masker, og all den tekniske ekspertisen bygda og bygdene omkring har å by på og det er ikkje lite og mange har reist langt for å vere med på dette, og ungar frå kulturskulen er her, på rekke og rad, men ikkje mange nok klagar Vegard i mikrofonen, for det kunne ha vore fleire, det skulle ha vore fleire, og det klagar han over under intervjuet dagen etter og, han fekk berre ni spelarar på kvart lag, han bad om tjueto, men så fekk han berre ni på kvart lag, ni elleve-åringar.

Arve Helle fortel at han dessverre ikkje fekk sett Fotballspelet kvelden før fordi han måtte bruke heile kvelden på å skaffe nok spelarar til å stille på ein bortekamp i Vik dagen etter, det var han ferdig med klokka kvart på elleve om kvelden, ja, slik er det på bygda, ja haha, slik er det på bygda stemmer Vegard Vinge i, nei, tenk på oss, seier han, vi har framleis ikkje klart å stille fullt lag, seier han, haha ja, slik er det på bygda.

Fotballspelet Vinge/Müller. Foto: David Zadig

Men korpset kom med heilt fantastiske uniformer, er det kostymar, eller ser dei verkeleg slik ut kvar festdag og kvar syttande mai, tenkte eg då eg såg dei under Fotballspelet, men så fekk eg høyre at dei får låne dei, det er Vinge og Müller sine uniformer, men korpset skal få lov til å låne dei til neste gong kunstnarduoen treng dei. Dei var fantastiske til å spele, dei marsjerte taktfast i regnet, vi høyrde dei lenge før dei kom, langt borte i gata, eg hugsar ikkje kva dei spela, men fantastiske var dei, i svarte og raude uniformer med renner og knappar i gull, og fjør og fotballmerke i hattane og klovnefjes, eit heilt fantastisk fint korps fekk han, i regnet, og nasjonalsongen fekk han, både den norske og den engelske, sjølv om den engelske ikkje kom når den skulle. Dette har vi øvd på i tre veker klaga direktøren for det heile i mikrofonen framfor publikum, medan korpset spela Internasjonalen, og eit heilt kor fekk dei òg vart det sagt, og det heilt gratis, men kvar er dei, tenkte eg, tenkte sikkert mange, dei fekk ikkje vere med, dei fekk ikkje vere med vart det sagt, berre timar før premiera og etter og ha øvd og øvd i timar og dagar fekk dei ikkje vere med, alt arbeidet fånyttes, to av songarane vart observerte då dei stilte opp for Fjaler-spelet, men dei andre er ingen stad å sjå i korsongar-rolla si, dei fyller andre roller. Her er nok å melde seg på, her er nok å gjere om ein er frivillig heile døgnet, i veker før festivalen og under festivalen og etter festivalen, og snart er det berre å gjere seg klar til neste års festival, og det gjer dei Dalingane, dei syng og serverer øl og skyssar kunstnarar til og frå flyplassen og kokar mat og ber og riggar og snikrar og står på prøve etter prøve i pøsregnet og ventar og gjer det dei skal, når dei skal det, fordi nokon ber dei om det, og hentar presenningar i regnet og held vakt og smiler og smiler og opnar heimane sine og stiller opp i time etter time og dag etter dag til øving, og det heilt gratis.

Dette er Dale og ikkje Volksbühne, skreiv Ida Müller til ei som ville ha betalt for den profesjonelle jobben dei trengte ho til å gjere. Dei ville ikkje betale overtid, for ho måtte forstå at dette var Dale og ikkje Volksbühne. Dette er Dale og her er det dugnad som gjeld, men ikkje for alle, sjølvsagt, det er som i fotballen det, nokre er elektromontørar som Tore Antonsen og tar toget og trikken til stadion og speler gratis, medan andre har fått pengar frå Kulturrådet, og dei skal gå til kunsten, direkte til kunsten og til kunstnaren og alt det han drøymer om å kjøpe seg, som til dømes eit svimlande høgt tal tv-monitorar, og trelast og ein stor oppblåsbar Kevin Keegan og scenerøyk og profesjonell teknisk hjelp, det er klart, for slik skal det vere, slik vil vi ha det i kultur-Noreg, kunsten er fri, og den blir friare av at vi støttar den, kollektivet støttar kunsten så den får vere fri, så den får sagt noko om livet, gjort det større, så den får peike utover seg sjølv og noko universelt, noko allmennmenneskeleg som vi alle kjenner oss igjen i, og kunstnaren skal ha betalt, visst faen skal han ha betalt, og det får han i Noreg. Vi er eit annleis-land i verda når det gjeld dette, og visst faen skal det vere slik at kunstnaren får betalt, og det får han, medan andre, til dømes ei av dei kunstnaren er avhengig av profesjonell hjelp ifrå, som har gått på skule og betalt for utdanninga si og har eit lån å nedbetale og rekningar å betale og familie å forsørgje og ungar kanskje som stiller opp gratis når verdskjende scenekunstnarar kjem til bygda, ho får ikkje betalt det ho meiner ho bør, sjølv om ho har kompetansen som trengst, for den trengst.

Men om det skal bli som kunstnaren vil, så bør ein kunne jobbe billeg, ja, helst gratis, tenkjer kanskje kunstnaren, om han er stor nok, kjend nok, blasert nok, for får eg all denne andre hjelpa gratis, så kan eg vel få denne hjelpa gratis og, tenkjer kanskje kunstnaren, det er vel ingen skilnad på det, eller hæ? Folk er folk liksom, armar er armar og ryggar er ryggar og hender er hender, ikkje sant? Og kunsten skal fram, den store kunsten skal fram. Det forstår vel alle, og kva var det som gjorde denne bygda så spesiell igjen? Det er vel det at dei som bur her forstår dette så veldig godt? Betre enn andre i landet, betre enn nokon andre i heile verda? Dei er glade og takkar, takk for at de kjem heilt hit til denne vesle plassen, takk for at eg får jobbe med deg, oh store høvding regissør Vinge, oh Kulturmannen, oh Kunstnaren, du treng meir ressursar, det skjøner alle, meir hjelp, ambisjonane er på internasjonalt nivå, og den hjelpa får du her, det er klart, den sagnomsuste og høgt akta scenekunstfestivalen i den vesle bygda Dale, er nettopp det, det er heilt sant, den er det og den er eksepsjonell av ei heilt spesiell årsak, den står på ein solid grunn og den grunnen er folket som bur her og den gode viljen, og den er sterk her, den gode viljen er sterkare her enn kanskje nokon anna plass i landet, i heile verda, men det som skal gjerast, skal gjerast billeg det er klart, det må gjerast billeg og så godt som gratis, sjølv om Kulturrådet betalar og folket betalar, og det gjer dei så gjerne, dette er Dale, dette er ikkje Berlin, dette er ikkje Volksbühne og fotballen er rund og Tom Lund. Her er nok med farsfigurar, om ein ser seg rundt etter ein heilt vanleg fyr, ein med malekost eller symaskin eller elektrikartong eller ein kabeltrommel eller snikkarbelte eller ei stikksag til å skjere ut ein profil i finér av ein hot-dog, eller vaske, han er ein perfekt farsfigur, ein du kan elske utan angst, utan kunstnaren sin tunge angst som han er plaga med etter ein oppvekst med ei åleinemor på Kringsjå Studentby.

Fra Fotballspelet av Vinge/Müller. Foto: David Zadig

Du drøymer om menn du, Vegard Vinge, og kjøper deg ein heilt eigen oppblåsbar Kevin Keegan. Han er sikkert seks, åtte, ti meter høg, og får stå der og smile Vegard Vinge-smilet sitt til publikum når dei går heim etter framsyninga, Kevin Keegan i regnet og røyken, guten i røyken vinkar til folket.

Eg drøymer om menn eg og, men han eg drøymer om kan godt få vere ein ordentlig mann, ein heilt vanleg mann, ein kvardagshelt, ein vanleg fyr, med humor og arbeidsnevar og sterk rygg fordi han arbeider med eit handverk, han underviser i kulturskulen, han speler trommer i eit danseband, eller i korpset, eller han syng bass i koret og øver kvar onsdag i lag med dei andre, fordi han likar det, fordi han trivst, fordi han er ein mann som har det bra med seg sjølv, han er ein mann som er trygg i seg sjølv og som søv godt om natta, han treng korkje Dag Solstad eller mor si til å lese for seg, han kan lese sjølv, han les aviser og tjukke bøker, om viktige ting og slett ikkje fotball, han er ein mann som har det kjekt og som tar ein kaffikopp ilag med dei andre på fotballaget, dei andre i koret og tar seg ein pris med snus og fortel ei skrøne før han set seg i bilen og køyrer heim til garden sin eit kvarters køyretur frå Dale sentrum, for her bur han og er ein mann som trivst, med kone og ungar og med seg sjølv og med livet i huset i hagen under hausthimmelen, og jaggu er det ikkje opplett denne kvelden, og han snakkar litt med katten for det gjer kloke menn, og så set han seg på trappa utfor huset og pustar inn den klåre haustlufta og ser opp på stjernene, før han reiser seg og går inn i gangen, dei andre søv no, han lyttar etter vesleguten, søv han? I går natt hadde han mareritt, eg gler meg til å vere meir i lag med han, det skal eg, det blir fint tenkjer mannen. Han let att døra til huset sitt, kippar av seg støvlane og tenkjer på at på måndag stiller han på arbeid klokka sju, før det er ein ny runde med dugnad igjen på ettermiddagen og heile kvelden går, men i morgon er siste festivaldagen, det er siste kvelden, etter det kjem det veke på veke med opprydding, men så er det endeleg fri og orkar han å vere med på festival neste år, nei, det er slett ikkje sikkert, kanskje vart det nok med denne runden i år, kanskje skal han heller vere publikummar neste år, kanskje skal han få sett nokre av framsyningane på teaterfestivalen. Det hadde vore kjekt å for ein gongs skuld gå og sjå ei framsyning i lag med vesleguten kan hende, nei, kanskje skal eg gje meg som frivillig no, det hender jo det at dagane ikkje kjem med regn i september, fisket er jo godt, og til neste år kan eg kanskje få vore meir med sauane og, før eg sender dei frå meg til slakt, det gjekk for fort i år, eg rakk ikkje å vere med på den siste fjellturen, det hadde vore fint å få tid til det ein haust snart, ja og snart byrjar jakta, til neste år kan eg skyte opp litt tidlegare og få pussa og stelt børsa ordentlig, olja kolben kanskje, ja det skal eg gjere, det er lenge sidan sist, ja det trur eg at eg gjer, det tenkjer ein mann som lever og som er ein kjærast og ein far, for sånn er det mellom fjell og fjord under den svarte himmelen ei stjerneklår natt kor ein kan få kjenne på kor liten ein er i møtet med dei store kreftene. Det gjer godt for ein mann det, å få tenke seg om litt, halde kjeft litt, vere stille i sitt eige ei stund og med naturen, han har godt av det, det er mange som kunne ha prøvd på det, å kjenne seg litt liten, men utan å bli redd, nei, denne karen blir berre roleg av det, han er ein mann som trivst, ein familiefar, ein arbeidar, ein Tom Lund, ein Tore Antonsen, ein vanleg mann på ein heilt vanleg uvanleg plass, slik er det her, slik er det på bygda, slik er det i denne bygda. Slik er det i Dale i Sunnfjord.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, PAHN, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no