S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Frøydis Århus – 27. august 2019

Filosofisk og finstemt figurteater

Foto: Lars Opstad. Scenografi/kostyme og dukkedesign: Christine Lohre. Lysdesign: Anders Ødegaard


Publisert
27. august 2019
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Kritikk Teater

Rikke-Petrikke og ramperommet

Akershus Teater og Oslo Nye Teater, støtta av Dramatikkens hus, premiere 24. august 2019

Manus og regi: Ester Grenersen Skodespelarar: Janne Starup Bønes, Marianne Edvardsen, Thomas Hildebrand Scenografi, kostyme og dokkedesign: Christine Lohre Lysdesign: Anders Ødegaard Komponist og lyddesign: Peter Baden Dramaturg: Hilda Levin

Meldt: 24. august 2019


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/filosofisk-og-finstemt-figurteater
Facebook

Rikke-Petrikke og ramperommet er teater som gjev barna noko å tenkje på samtidig som det er veldig gøy. Eller gø-hø-høy.

Den fyrste dårlege teateropplevinga mi fekk eg i skuletida. Om eg ikkje hugsar feil, var det to damer som reiste rundt på skulane kledd i kostymar i skarpe primærfargar som snakka til oss med pedagogiske stemmer. Eg må ha vore omkring åtte år, og eg hugsar at eg tenkte at no har dei teke feil og laga teater for småungar, for dette tøyset er eg rett og slett for gamal til. Denne opplevinga vaksinerte meg mot alt som heitte teater i lang tid etterpå. Produksjonen Rikke-Petrikke og ramperommet minner meg om at nivået til scenekunst for born og unge generelt sett er høgare enn då eg var barn, heldigvis. Satsing på ny dramatikk for born, dekonstruksjon av det klassiske tekstidealet, nye måtar å involvere ungane i det som hender på scenen og multimediale løysingar, må ha leidd til blidare fyrstegongsmøter med teatermediet. Eg kan ikkje forstå noko anna.

Intim boks Scena på Akershus Teater er snevra inn til ein liten og intim boks med to veggar og golv malt i blåfarger med litt kvitt i. Dei tre figurspelarane, Janne Starup Bønes, Marianne Edvardsen og Thomas Hildebrand, er kledd i kosmonaut-inspirerte drakter med same mønster som bakveggen og golvet. Dei gjev liv til ei bråkete pute, ei snobbete fransk dundyne, ein mørkredd lampe, ei seng som vert til ein Transformers-aktig figur og ein streng boks som er veldig firkanta i tankegangen sin. Thomas Hildebrand dublerer som far til Rikke, Janne Starup Bønes speler Rikke og Marianne Edvardsen speler puta og boksen. Spelet er teknisk brilliant og illusjonane fungerer godt, som når Rikke krympar og vert liten, for så å dukka opp av ein boks og er stor igjen. Sjølv var eg litt usikker på kvifor ho brått vart liten og såleis undra eg om intensjonen var sterk nok, og om dette grepet eigentleg fungerte, men sidemannen på sju år ga meg svaret då han roleg og måpande snudde seg mot mor si og kviskra: ”Det der, det var magisk.”

Teksten er skrive av Ester Grenersen. Ho har samarbeidd med Dramatikkens hus, og var ein av dei fyrste dramatikarane som vart henta inn i programmet SnakkSnakk som satsar på scenetekst for born. Gjennom hovudpersonen Rikke lufter Gregersen eksistensielle spørsmål. Kva er vitsen med det heile, kvifor gå på skule, gå på jobb, gå heim, sove og gjere det heile på ny når sola ein dag skal vekse til ei raud kjempe for så å krympe til kvit dverg? “Først blir vi grilla, så blir vi fryst, ka e vitsen?” Seier Rikke på oppgitt nordnorsk. Ho stiller mange gode spørsmål som det ikkje fins eit kategorisk sant svar på. Dette opprørar dei vaksne som vanlegvis avfeiar henne og ber henne gjere pliktene sine. Gå og legg deg, gjer leksene dine, tei stille. Også tida som relativ størring vert teke opp. “Det va han Einstein som først kom på det, at nånn ganga går tia sakte, og andre ganga så går tia fort!” Om dette går over hovudet på dei minste, er det andre ting for dei å setje pris på. Rikke vil jo berre vere god i noko, og det å meistre oppgåvene sine og bli god på noko ein har valt sjølv er noko dei fleste seksåringar er opptekne av.

Målgruppetenking Christine Lohre som har scenografi, kostyme og dokkedesign har skapt ei visuelt flott ramme, men på grunn av den stramme tidsramma og dei mange karakterane vert somme av karakterane rett og slett litt anonyme. Dette gjeld til dømes Transformers-senga som har eit kjempepotensial, men som stort sett berre står der. Lampen er nesten ikkje med i det heile og boksen som fungerer som den strenge motsatsen til dei andre er verken visuelt spennande eller lett å etablere på så kort tid. Kanskje er det for mange karakterar med til at ein kan bli kjend med dei som fungerer best og er viktigaste for Rikke, nemleg puta og dyna? Samstundes er det spanande å sjå senga bli til ein superhelt, og lampen som uttrykksfullt bøyer lampehovudet, men det er for liten plass til at lampen får skine, bokstavleg tala.

Dette gjeld også musikken til Peter Baden. Denne skulle eg gjerne høyrt meir til for det vesle vi høyrer får meg til å tenkje på filmkomponiststorleikar som Thomas Newman, mannen bak kjenningsmelodien til dramaserien Six Feet Under. Musikken til Rikke-Petrikke og ramperommet har ein originalitet og nokre kvalitetar ved seg, som godt kunne fått meir plass.

Det å tenkje målgrupper for teater er ikkje berre vanskeleg, men også styrt av praktiske og kommersielle omsyn. Framsyninga er tenkt for born i alderen 6-10 år som tilseier 1.-4. klassesteg, altså småskuleborn. Det er naturleg å tenkje slik når produksjonen skal turnere som del av Den Kulturelle Skolesekken, men samstundes fins det niåringar som nok ville kjent seg undervurderte, og fireåringar som hadde hatt stor glede av det. Eit døme på det siste fekk eg etter applausen då det kom ein gut i fire-fem-årsalderen som med gråtkvalt stemme seier. ”Er filmen ferdig alt!? Det var jo så gø-hø-høy.”

Det er her barneteater skal vere, det er dette ein strekkjer seg etter, at borna skal ynskje seg meir etter endt applaus. Då har ein gjort noko riktig. Eg trur at Rikke-Petrikke og ramperommet kjem til å begeistre mange fleire enn berre han, når ho no legg ut på skoleturné, for her er det mykje fint både for dei litt eldre borna og for dei vaksne. Så mykje at det nesten ikkje for plass i den knappe timen dei har til disposisjon.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, PAHN, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no